Ernas reviderte parlamentarisme
Eit scenario for korleis gjeddene i Frp-sivet ryddar veg for den draumen KrF bar på.
Statsminister Erna Solberg møtte pressen etter spørjetimen på Stortinget onsdag i førre veke.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
hompland@online.no
Kristeleg Folkeparti har to gonger gått til val på ei sentrum-høgre regjering av Høgre, Venstre og KrF med Erna Solberg som statsminister, men utan Framstegspartiet. Dette samla partiet, og gav godt samvit, men ikkje regjeringsmakt .
For eit parti som ikkje trivst i opposisjon, var det for lite makt i dei falda hendene. Dei trøysta seg med og skrytte av kor mykje dei fekk til i vippeposisjon, og kor mange stolte nederlag dei hadde i verdispørsmål, men dei slutta å tru på det som vegen til partifrelse. Dei gav det sjølvbedragerske regjeringsalternativet på båten og kasta seg ut på djupet. Solberg lokka til seg Ropstad og Bollestad med ein paragraf ho hadde tapt i sitt eige parti. Partiet valde side til akkompagnement av bedehussongen «Innenfor eller utenfor, hvor skal du stå en gang?».
DET BLIR INGEN søndagsskule å objektsikra Solbergs draum om ei firepartiregjering. Først skal dei lufta ut, noko Siv Jensen meiner skjer best i lukka rom. Så skal dei driva politisk hor og øva seg i å sluka kamelar, tala vel om kvarandre og ta alt i beste meining.
La oss seia at KrF og Frp er dømde til å klara å sondera seg fram til at dei kan leva saman som hund og katt og vera mannskap på Solbergs fleirtalsskute. Då er Erna Solbergs reviderte parlamentarisme at det eitt av partia får inn av hjartesaker i den politiske krambua av ei regjeringsplattform, lovar ho fleirtal for i Stortinget, sjølv om saka i utangspunktet har eit hjelpelaust mindretal.
DETTE TRUR IKKJE Byråsjefen på. Det er vanskelegare å disiplinera Framstegspartiet enn å gjera røyk om til vin. Der på haugen kjem dei til å forbanna at dei små tullepartia får sosialliberale og kristenmoralske godbitar. Det gjer også folk fleste mellom veljarane, så dei fører Frp under 10 prosent ved kommunevalet neste år.
Då er begeret fullt for gjeddene i sivet, og det skal dei ikkje dadlast for. Dei har synt meisterskap i politisk dobbelkommunikasjon og gjort det til ei paradegrein å meina noko i regjering og noko anna utanfor. Dei vil ikkje finna seg i å mista eineretten på dobbelspel. Då heller kasta regjeringslenkene av og vera frie og franke til å bruka spade og tala rett frå levra.
I så fall kan den draumen KrF bar på, men forkasta, bli røyndom likevel: ei blå-gul-grøn mindretalsregjering med Erna Solberg ved roret på ein fregatt som køyrer slalåm for å unngå grunnstøyting.
GAMLEKONGEN Carl I. Hagen hadde så bitre røynsler med å vera politisk naudhjelp for Willoch og Bondevik i farens stund at Frp har gjort det til eit credo at dei aldri vil vera støtteparti for ei regjering dei ikkje er ein del av. Det kan dei koma til å måtta bita i seg.
Om dei frigjer seg frå Solberg-regjeringa, er det ikkje eit sannsynleg scenario at dei vågar å vera så sinte eller listige at dei banar veg for ei Støre-regjering. Det ville som kjent vera ein katastrofe for landet, men også for Carl I. Hagens eftf., slik det var då han kasta Willoch og sleppte Brundtland til.
SPALTISTEN skal i framtida passa seg betre for å lita på Hjelpeskrivarane. Det gjeld ikkje minst i det kjenslevare grenselandet mellom språk, teologi, sekter og litteraturvitskap. Først måtte han retta på Byråsjefen som var for kjepphøg i tolkinga av svarabhaktivokalen. Nå må han gå ein ekstrarunde om sjibbolet/sibbolet/schibbolet i Domarane i Det gamle testamentet. Slik er det å ha gode lesarar.
Schibboleth er songboka til «De Frie Evangeliske Forsamlinger». Sjibbolet er bladet til De Norske Pinsemenigheters Ytre Misjon (PYM), dominert av stoff om Israel og kristent misjonsarbeid i landet.
Ordet tydde «kornaks» på gamalhebraisk, men det har festa seg som metafor for noko som avslører kva gruppe ein høyrer til, eit språkmerke eller passord for å lukka inne og stenga ute. Kven er me, og kven er dei?
NÅ MELDER VERTINNA seg på, for ho har vore borte i dette. Ho har aldri kunna noko med lesarane på bedehuset og forkynnande populærforfattarar som Lars Rustbøle. Ho heldt seg til Alfred Hauge (1915–1986), som bedehusfolket meinte var ein farleg diktar fordi han var kunstnar først og kristen så.
Hauge hadde «schibboleth» som epigraf og brukte ordet 40 gonger i Perlemorstrand (1974), ein av romanane i Utstein Kloster-syklusen. Tematikken er utestenging i pietistiske miljø i bedehusland, om å bli sett av Gud og fordømt av medmenneske.
KVA KAN ME LÆRA av dette om broderstriden i Kristeleg Folkeparti? Mykje, trur eg, for i opphavet var Ordet. Det gjeld å lytta til korleis fløyene bruker Kanaans språk i desse lealause tidene for partiet: Om dei begynner med Israel og grip til 2c og barn i mors liv i andre setning, eller om dei heller vil tala om klima, fattigdom og ulikskap, og om dei seier «borgarleg» og «ikkje-sosialistisk» eller «kristendemokratisk» og «sentrum» – det markerer grensa mellom oss og dei.
Og den som har sagt blå eller raud om seg sjølv og kjent seg heime i det, utan at det blinkar gult, veit kvar ein er plassert og høyrer til. Nå, og til evig tid. Amen.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vertinna melder seg på, for ho har vore borte i dette mystiske ordet schibboleth.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»