JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ernæringsråd med bismak

Nye ernæringsråd skal inkludere vurderingar av berekraft. Men vurderingane er lite vitskaplege og vektlegg berre dei negative sidene ved matproduksjonen, ikkje dei positive, meiner Nibio-forskarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi treng drøvtyggjarar for å få omsett grasareal til mat vi er i stand til å nytte oss av, seier Nibio-forskar Audun Korsæth. Biletet viser sau som beitar på Skeikampen i Gausdal.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

8940
20230303

Nordiske ernæringsråd

Skal utgjere kunnskapsgrunnlaget for revidering av nasjonale kostråd i Norden og dei baltiske landa

Er planlagt ferdig i juni 2023

Kjelde: Helsedirektoratet

Mat

eva@dagogtid.no

Et grove kornprodukt kvar dag, fisk til middag to til tre gonger i veka, minst fem porsjonar grønnsaker, frukt og bær kvar dag, vel magert kjøt og magre kjøtprodukt, og avgrens mengda bearbeidd kjøt og raudt kjøt. Dette er blant kosthaldsråda nordmenn vert bedne om å følgje. Dei nasjonale kosthaldsråda er utarbeidde av Helsedirektoratet og vert i dag laga på grunnlag av nordiske ernæringstilrådingar som igjen er utarbeidde på oppdrag frå Nordisk ministerråd. No skal dei nordiske kostråda oppdaterast, ti år etter førre gong, og arbeidet har skapt bråk.

To av dei norske forskarane som var involverte i arbeidet på nordisk nivå, Audun Korsæth og Arne Bardalen frå det statlege, landbruksfaglege forskingsinstituttet Nibio, har trekt seg frå prosjektet i protest og fortel i avisa Nationen at ein svensk forskar har gjort det same.

I tillegg har bonde- og bygdeorganisasjonar frå Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Island saman sendt ei uromelding til Nordisk ministerråd om det dei kallar ein «mangel på god vitskapleg metodikk og openheit» i arbeidet som kan få store følgjer, særleg for jordbruket og matproduksjonen.

– Verdilaust

Det både forskarane og bondeorganisasjonane reagerer på, er knytt til vurderingar rundt kva som er berekraftig matproduksjon og ikkje. Medan dei tidlegare nordiske ernæringsråda berre har handla om kosthald og helse, skal no òg berekraft – med vekt på klima og miljø – med i vurderinga.

Helsedirektoratet organiserer arbeidet med dei nordiske ernæringstilrådingane, og ein eigen komité med medlemmer utnemnde frå dei ulike landa styrer den faglege prosessen. Meir enn 300 nordiske og baltiske forskarar deltek i arbeidet samla.

Spesialrådgjevar Arne Bardalen i Nibio vart invitert til å vere medforfattar for to bakgrunnsartiklar om berekraft, men trekte seg frå arbeidet alt i 2021, før nokon av artiklane var publiserte. Til Bondebladet, som fyrst omtalte saka, grunngav han avgjerda med at hovudforfattarane av artiklane ikkje synte innsikt i nordiske forhold eller kva som er berekraft i dei nordiske og baltiske matproduksjonssystema, og at dei òg ignorerte innspela han kom med undervegs.

Audun Korsæth, som er divisjonsdirektør i Nibio, var med i ekspertgruppa for berekraft og skulle bidra i arbeidet med ein artikkel med vekt på nordiske og baltiske forhold. Han trekte seg etter å ha sett utkast til artikkelen, fordi han meiner det vitskaplege nivået heldt så låg standard at han ikkje ville ha namnet sitt knytt til det, og fordi forsøk på å påverke innhaldet var utan spor, seier han.

Ei rekkje innvendingar

Nibio har i ettertid sendt inn høyringsuttalar til artiklane der Bardalen og Korsæth har bidrege, og der kritiserer dei både metodebruken, kjeldebruken og konklusjonen.

Ein av berekraftsartiklane slår fast at «å redusere forbruket av animalsk mat (spesielt kjøt, meieriprodukt og egg) er nøkkelen til å redusere negative miljøpåverknader», noko Nibio-forskarane kallar ein dristige konklusjon på ustabil grunn.

Korsæth seier at den valde vitskaplege metoden i artikkelen ikkje er brukt på rett vis, og at analysen ser vekk frå fleire faktorar som er viktige for å kunne vurdere miljømessig berekraft ved ulike typar produksjon. Mellom anna er ikkje omsynet til biologisk mangfald handsama systematisk, slik han ser det, og det er ikkje teke omsyn til karbondynamikken i jord og karbonutsleppa ved å gå frå engdyrking til åkerdyrking, til dømes, faktorar som ville vore eit sterkt argument for å behalde grasareal, ifølgje han.

– At grasmark inneber mindre risiko for erosjon og mindre risiko for fosfortap, og at det vert brukt mykje mindre plantevernmiddel når ein dyrkar gras, enn når ein dyrkar grønsaker og korn, er heller ikkje teke med, seier han.

Nibio-forskarane meiner artikkelforfattarane fyrst og fremst har trekt fram det som er negativt med husdyrproduksjon frå eit miljøperspektiv, ikkje dei positive sidene.

Avviser kritikk

Det er to forskarar frå den britiske tankesmia Chatham House i London som har skrive dei to nemnde artiklane om berekraft.

Rune Blomhoff, som er professor i klinisk ernæring ved Universitetet i Oslo og leier komitéen som styrer prosessen med nye ernæringstilrådingar, har kalla det uforståeleg at Nibio-forskarane går ut mot artikkelforfattarane.

– Chatham House er anerkjende og viktige rådgjevarar til FNs klimapanel og styresmakter i ei rekkje land, sa han til Nationen nyleg.

Til Dag og Tid seier han at mykje av kritikken frå Nibio-forskarane kjem av at dei ikkje har forstått mandatet til prosjektet.

– Dei nordiske ernæringstilrådingane skal ikkje gje råd til landbruket i Noreg. Dessutan fokuserer dei berre på landbruket i Noreg og overser at meir enn halvparten av maten vi et er importert frå andre land, seier han.

Helsedirektoratet vil ikkje kommentere kritikken, men syner til at det vert gjennomført offentleg høyring av kapitla i dei nordiske ernæringstilrådingane, inkludert for bakgrunnskapitla som handlar om berekraft, for å sikre best mogleg fagleg kvalitet og for at alle skal få høve til å kome med faglege innspel. Divisjonsdirektør Linda Granlund i direktoratet seier det òg er for tidleg å seie noko om kva som vert inkludert i dei nasjonale kostråda.

– Fyrst må dei nordiske ernæringstilrådingane verte gjorde ferdig, så vil helsestyresmaktene i kvart enkelt land vurdere om dei eksisterande råda bør verte reviderte og i så fall korleis, seier ho.

Dei nordiske bondeorganisasjonane har likefullt bede ministrar i alle dei nordiske landa om å både granske og korrigere arbeidet med ernæringsråda. Anne Beathe Tvinnereim (Sp), som er minister for nordisk samarbeid, seier ho har merka seg uroa formidla av både organisasjonar og forskarar. Ho har teke saka opp med dei andre nordiske samarbeidsministrane.

– Dei nordiske kosthaldsråda nyt høg tillit i befolkninga. For at det skal vere slik også i framtida, må folk og bransjeaktørar ha tillit til prosessen med å utarbeide nye råd, kommenterer ho i epost til Dag og Tid.

– Dramatiske verknader

Bjørn Gimming, som leier Norges Bondelag, har i ei pressemelding åtvara om at eit radikalt skifte i matproduksjon og kosthaldsråd kan få store konsekvensar for mattryggleik, sjølvforsyning, bruk av lokale ressursar, biologisk mangfald, økonomi og sysselsetjing i dei nordiske landa.

Bardalen syner til at 75 prosent av inntekta i norske landbruk er knytt til husdyrproduksjon, og at stor reduksjon i forbruket av animalske produkt kan verte dramatisk for landbruket.

– Vi veit ikkje korleis kosthaldsråda kjem til å sjå ut til slutt, men det vi har sett her, peikar jo i retning tilrådingar om langt mindre forbruk av kjøt og meieriprodukt, seier han.

Ifølgje Korsæth ville det ikkje vore mogleg å kome til ein bastant konklusjon om å redusere forbruket av kjøt, meieriprodukt og egg om artikkelforfattarane hadde vurdert alle faktorane som faktisk spelar inn på om matproduksjonen er miljømessig berekraftig eller ikkje.

– Er det ikkje likevel naturleg både med omsyn til berekraft og helse at kjøtforbruket må ned?

– Dei færraste meiner vel noko anna enn at vi godt kan ete mindre kjøt enn vi gjer i dag, men det er ikkje grunnlag for å seie at det einaste rette miljømessig er å kutte kraftig i kjøtkonsumet. Løftar vi blikket litt, ser vi jo òg at ein stor del av arealet i Noreg ikkje eignar seg til andre vekstar enn gras. Det betyr at vi må ha drøvtyggjarar for å få omsett desse areala til mat vi er i stand til å nytte oss av. Då er det ei ganske radikal sak om vi no skjer kraftig ned på produksjonen av kjøt og meieriprodukt, seier Korsæth.

– Er det kosthaldsråda si oppgåve å byggje oppunder nasjonal landbruksproduksjon?

– Eg meiner kosthaldsråd bør ta utgangspunkt i kva som er sunt å ete, og berre det. Det å blande ein så kompleks analyse som berekraft med det helsemessige, gjer det lett å kome feil ut, seier han.

Birger Svihus, som er professor i ernæring ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, seier han er i tvil om det i det heile teke går å lage velfunderte kosthaldsråd som skal sameine omsynet til ernæring og omsynet til berekraft.

– Det handlar om to komplekse og ikkje nødvendigvis sameinlege interesser, så å kople dei i hop vil føre til lågare presisjon på råda. Den mest berekraftige energikjelda du kan ete per kalori, om det berre skal takast omsyn til klimagassutslepp, er jo til dømes sukker og planteolje. Når eg ser korleis arbeidet med ernæringsråda vert gjennomført, vert eg endå meir i tvil om dette var særleg godt gjennomtenkt i utgangspunktet, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis