Kommentar
Er vi inne i styrketreningsåret?
Ei bestemor nemnde her om dagen at no var det in å spele fotball.
Eg må seie at eg stussa litt over utsegna hennar. Der og då snakka vi nemleg om fotball for vaksne kvinner på lågt nivå, som eg driv med. Sjølv har eg i mitt fotballiv aldri hatt ei kjensle av at old girls-fotball var, eller er, in.
Levekårsundersøkinga om idrett og friluftsliv kjem ut kvart tredje år, og dei nyaste undersøkingane er frå 2024. Dei viser at blant personar frå 16 år og oppover har 10,7 prosent av alle kvinner og menn spelt fotball i løpet av dei siste 12 månadane.
Det som ifølgje denne undersøkinga verkeleg er in, er styrketrening. Heile 56 prosent i same aldersgruppe har drive med styrketrening. Berre sidan førre undersøking i 2021 har prosentdelen som trener styrke, auka med 8 prosentpoeng. Ein annan aktivitet som nesten har dobla seg sidan førre måling – frå 11 til 21 prosent – er symjing. Elles ligg sykling, løping og langrenn høgt oppe på tabellen over populære aktivitetar. Nedst på tabellen finn vi lagidrettar som volleyball, ishockey, innebandy, basketball – og faktisk handball under desse.
Fleire driv individuelt
Dersom ein ser på perioden frå 2001 og fram til no, er det inga vesentleg endring i kor mange som speler fotball. Eg viser til fotball fordi dette er den klart største lagsporten. Faktisk har prosentdelen av fotballspelarar til no halde seg ganske stabil. Det som altså har endra seg, er at fleire driv med individuelle aktivitetar.
Som kroppsøvingslærar på vidaregåande spør eg alltid i starten av året – håpefullt, skal eg innrømme – om nokon framleis driv med idrett. Det pleier å vere om lag to som held på med lagidrett: ein fotballspelar og ein handballspelar. Elles driv fleire med styrketrening, ofte litt vel mykje, og andre litt mindre. Eit par driv også med dans, karate, yoga eller noko anna spennande. Og dess lenger ut i vidaregåande elevane kjem, dess færre tyr til lagidretten, slik eg opplever det.
Når eg spør kvifor dei slutta, er svaret ofte at det blei for seriøst, eller at laget gjekk i oppløysing. Utfalla stemmer med statistikken. Ifølgje ungdata sluttar 59 prosent av dei som har vore innom ungdomsidretten, innan dei er 18 år, og forskinga peikar på at det nettopp blir for profesjonelt og seriøst.
Det må nemnast at talet på jenter som speler fotball, generelt har gått opp, og at Norges Fotballforbund ved den siste medlemsrapporteringa hadde ein auke på 1,7 prosentpoeng. Men det er likevel enormt mange fleire barn enn vaksne som speler.
I kroppsøving er ein stor del av karakteren å spele andre gode. I timane jobbar vi mykje med samspel. Elevane skal lære å sende gode pasningar, plassere seg rett og gi konstruktive råd slik at dei saman når målet, same kva aktivitet. Eit overordna tema er medborgarskap og demokrati. Likevel er det altså soloaktivitetane som dominerer når dei forlèt den vidaregåande skulen, og dette er lenge før ein kan byrje å skylde på gikta.
Lagidrett gir meir effekt
Ein grunn til at eg sjølv har hengt meg opp i dette temaet, er at eg ikkje kan fatte at ikkje fleire vel lagidrett. Lite er faktisk betre enn å dele frustrasjon i garderoben om ein felles hata motstandar – uansett nivå. Old girlsa eg snakka med, nemnde spesielt at det å vinne og tape saman med folk ein ikkje treffer på dagleg, er vesentleg.
Ein fersk oversiktsstudie frå 2026 viser oss det vi veit så godt: Idrett har positiv effekt på sjølvkjensla og på kor tilfreds ein er med livet, og bidreg til å redusere angst og depresjon. Det som derimot er særleg interessant, er at studien også viser at lagidrett gir sterkare og meir samanhengande effektar enn individuelle idrettar.
På styrkerommet kan du vere heilt usynleg, det kan du ikkje på banen – på godt og vondt.
Eg skal passe meg litt her, for det er ikkje slik at all individuell sport er einsam, keisam eller egosentrisk. Mange trener saman, også i individuelle idrettar, og styrketrening og jogging kan verkeleg vere sosialt. Men samspelet i sjølve aktiviteten er ikkje det same. I individuell sport trener ein heller ikkje, normalt sett, mot eit felles mål. På styrkerommet kan du vere heilt usynleg, det kan du ikkje på banen – på godt og vondt.
Korleis kan det ha seg?
Det er interessant at så mange av dei som blir oppdregne i lagidretten som barn, likevel endar opp på eit treningssenter eller i annan individuell sport.
Eg ber Statistisk sentralbyrå om hjelp til å forstå kvifor akkurat styrketrening er greia no. Håvard Bergesen Dalen, som er ph.d. i idrettsvitskap, peikar mellom anna på at det som skil styrketrening frå dei organiserte idrettane, er fleksibiliteten. Ein kan trene når ein vil, til og med midt på natta på døgnopne senter. Dette speglar tida vi lever i – vi vil styre vår eigen kvardag og sjølv velje om vi vil sitte på heimekontor eller gå på jobb. I tillegg nemner han kjente faktorar som helseoptimalisering, sosiale medium, då spesielt blant unge, og at styrketrening no har ein tydeleg plass i dei offentlege tilrådingane om fysisk aktivitet blant vaksne og eldre.
Neste år kjem ein ny årgang av levekårsundersøkinga om idrett og friluftsliv. Det blir spennande å sjå kva aktivitet som regjerer då. Det ryktast at det kjem ei ny løpebølgje. Sjølv kryssar eg fingrane for at vi no går inn old girls‑fotballens år.