Equinor snuser på marine mineral

Mineralverksemd på havbotnen kan verte ei framtidig satsing for olje- og gassgiganten Equinor.

Equinor-rådgjevar Kjetil Skaugset vurderer havbotnmineral som ny næring.
Equinor-rådgjevar Kjetil Skaugset vurderer havbotnmineral som ny næring.

Saman med tunge aktørar som Norsk Olje og Gass, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og ei rekkje større og mindre selskap innan teknologi og mineralverksemd deltek Equinor, som har staten som største eigar, i nettverket The Norwegian Forum for Marine Minerals.

Styreleiar i nettverket er spesialrådgjevar i Equinor Kjetil Skaugset. Korleis ser han på havbotnmineral som framtidig næring? Slik svarer han i ei e-postutveksling med Dag og Tid.

– Dersom det er tilstrekkeleg med førekomstar av mineral på havbotnen, vil dette kunne bli ei ny næring med gode utsikter i Noreg. For å avklare potensialet er det viktig med meir kunnskap. Oljedirektoratet har ansvaret for innhenting av data i norsk økonomisk sone og sit med eit totalbilete av ressurstilgangen basert på dei tokta som er utførte. Dette er data som i dag ikkje er tilgjengelege for industrien. Det vil vere behov for meir informasjon før industriaktørar kan evaluere om førekomstane er kommersielt attraktive.

– I kva grad har norsk oljebransje kunnskap som vil vere nyttig i undersjøisk mineralverksemd?

– Det er mykje erfaring i norsk offshoreverksemd som kan nyttast til å utvinne mineral på havbotnen. Det er stor overføringsverdi mellom eksisterande og ny industri. Utvinning av havbotnmineral har i tillegg eit globalt perspektiv med tilhøyrande moglegheiter. På same måte som norsk subsea-industri vart leiande leverandør globalt, er det også mogeleg for norske leverandørar og andre aktørar å ta marknadsposisjonar globalt innan mineral på havbotnen.

– Det ser ut til at Equinor følgjer utviklinga innan havbotnmineral. Kan ei slik verksemd verte aktuell for selskapet fram i tid?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement