Equinor og kampen om Tampen
Den siste av dei fem turbinane til Hywind Scotland på veg frå Stord i august 2017.
Foto: Øyvind Gravås / Equinor
Equinor er involvert i ei rekkje havvindprosjekt med botnfaste installasjonar, mellom anna i Storbritannia og Tyskland. Men den verkelege nyskapinga til selskapet er Hywind-prosjektet for å utvikle flytande vindkraft, som opphavleg vart starta av Norsk Hydro. Den første Hywind-turbinen vart sjøsett som eit pilotprosjekt utanfor Karmøy i 2009. I 2017 opna Equinor det første flytande kommersielle havvindprosjektet i verda utanfor Peterhead i Skottland. Dei fem turbinane er 253 meter høge og har ein rotordiameter på 154 meter. Hywind Scotland er framleis den einaste flytande vindparken i kommersiell drift. Turbinane er ankra opp på kring 100 meters djup, men Equinor meiner konseptet kan brukast på djup ned til 800 meter.
Equinor har no planar om eit flytande havvindanlegg på Tampen-feltet vest for Sognefjorden. Hywind Tampen er tenkt å forsyne oljeutvinninga på Gullfaks og Snorre med straum. Det meste av krafta skal gå til å presse vatn ned i reservoara som trykkstøtte for å få ut meir olje. Kostnaden er venta å bli kring 5 milliardar kroner, og Equinor har søkt om 2,5 milliardar i støtte frå statsføretaket Enova.
Det er eit ope spørsmål kor mykje støtte Equinor treng for å gjennomføre dette. Om ein legg skattereglane for sokkelen til grunn, kan selskapet trekkje frå nesten 4,5 milliardar av denne investeringa på skatten, påpeika Teknisk Ukeblad i mars. Equinor hevda på si side at Tampen-prosjektet i seg sjølv ikkje vil vere lønsamt og difor treng støtta frå Enova for å bli realisert.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Equinor er involvert i ei rekkje havvindprosjekt med botnfaste installasjonar, mellom anna i Storbritannia og Tyskland. Men den verkelege nyskapinga til selskapet er Hywind-prosjektet for å utvikle flytande vindkraft, som opphavleg vart starta av Norsk Hydro. Den første Hywind-turbinen vart sjøsett som eit pilotprosjekt utanfor Karmøy i 2009. I 2017 opna Equinor det første flytande kommersielle havvindprosjektet i verda utanfor Peterhead i Skottland. Dei fem turbinane er 253 meter høge og har ein rotordiameter på 154 meter. Hywind Scotland er framleis den einaste flytande vindparken i kommersiell drift. Turbinane er ankra opp på kring 100 meters djup, men Equinor meiner konseptet kan brukast på djup ned til 800 meter.
Equinor har no planar om eit flytande havvindanlegg på Tampen-feltet vest for Sognefjorden. Hywind Tampen er tenkt å forsyne oljeutvinninga på Gullfaks og Snorre med straum. Det meste av krafta skal gå til å presse vatn ned i reservoara som trykkstøtte for å få ut meir olje. Kostnaden er venta å bli kring 5 milliardar kroner, og Equinor har søkt om 2,5 milliardar i støtte frå statsføretaket Enova.
Det er eit ope spørsmål kor mykje støtte Equinor treng for å gjennomføre dette. Om ein legg skattereglane for sokkelen til grunn, kan selskapet trekkje frå nesten 4,5 milliardar av denne investeringa på skatten, påpeika Teknisk Ukeblad i mars. Equinor hevda på si side at Tampen-prosjektet i seg sjølv ikkje vil vere lønsamt og difor treng støtta frå Enova for å bli realisert.
Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement