– EØS-sporet er meir truleg

Det er framleis lite truleg at Theresa May får skilsmisseavtalen med EU gjennom parlamentet, seier Storbritannia-kjennar Øivind Bratberg.

– Skilsmisseavtalen til May er fæl for alle som trur på sjølvstyre, både for dei som vil ut, og for dei som vil verte verande i EU, seier Øivind Bratberg.
– Skilsmisseavtalen til May er fæl for alle som trur på sjølvstyre, både for dei som vil ut, og for dei som vil verte verande i EU, seier Øivind Bratberg.

Statsministeren i Storbritannia, Theresa May, overlevde mistillitsforslaget og reiste i går til Brussel for å prøve å redde skilsmisseavtalen med EU. Øivind Bratberg, fyrstelektor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo, trur ikkje ho er noko nærare å få avtalen gjennom eige parlament.

– Avtalen er fæl for alle som trur på sjølvstyre, både for dei som vil ut, og for dei som vil verte verande i EU, seier han.

– Kva kan May då få utav dei nye rundane?

– Ho såg nok føre seg å få politiske støtteerklæringar og forsikringar frå EU om at innhaldet i avtalen berre skal vere mellombels. Samstundes ville ho gje parlamentet ein tenkjepause, eller høve til å roe seg, slik at dei skulle skjøne at avtalen ho har fått til, er det beste dei kan oppnå. Begge delar har lite føre seg. Eg trur det ho kan få ut av brusselbesøket, avgrensar seg til sympatierklæringar, utan nokon juridiske bindingar. Etter mistillitsvoteringa får ho meir arbeidsro internt i eige parti, men det er framleis lite truleg at ho får støtte til avtalen. Uavhengig av hennar leiarskap kjem gjengen som er for hard brexit, til å stå på sitt.

– Og dersom det skulle kome ei betre løysing på den såkalla backstop solution, som gjev EU makt til å halde britane i tollunionen om dei ikkje vert samde om ein avtale for ei saumlaus grense mellom Irland og Nord-Irland i løpet av overgangsperioden?

– Skulle dei uventa finne ei løysing her, er det sjølvsagt mogleg at mange nok kan snu og gå inn for avtalen. Samstundes er backstop-delen berre det fremste dømet på at Storbritannia går inn i ein slags vasallstatrelasjon og i stor grad må rette seg etter EU. Mange meiner det tidlegare burde vorte forhandla om fullverdig separasjon, i staden for den uklare halvvegsmodellen May har halde seg til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement