EØS i fri flyt
Forskar Torbjørg Jevnaker meiner Stortinget gjer for lite for å kontrollere regjeringa i europapolitikken.
Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide held kvart halvår ei utgreiing om viktige EU- og EØS-saker for Stortinget i plenum. Men dei litt hyppigare møta i europautvalet er lukka.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
I det danske folketinget vert EU- og EØS-saker diskuterte for opne dører og i sanntid. Eit europautval møtest kvar veke og godkjenner forhandlingsmandatet for statsrådar som skal til Brussel.
Europautvalet i Stortinget møtest i snitt annankvar månad, i lukka møte der representantane i hovudsak får orientering frå regjeringa om ting som alt har skjedd.
Torbjørg V.S. Jevnaker, som er forskar ved Fridtjof Nansens Institutt og stipendiat ved Universitetet i Oslo, meiner denne måten å handtere europapolitikken på undergrev EØS-avtalen. «Stortinget holder seg for ørene i EU-saker, men burde heller holde regjeringen i ørene», skreiv ho denne veka i ein kronikk i Klassekampen.
– Kvifor reagerer du på dette no?
– I lys av diskusjonen om å sjå på alternativ til EØS-avtalen, meiner eg vi òg må sjå på korleis vi brukar avtalen i dag. For det finst alternative måtar å bruke han på. EU har utvikla seg ein god del sidan avtalen vart inngått. Det er meir politikk, meir politikk på tvers av sektorar og alt går mykje raskare. Vi har hamna bakpå.
– Kva kan Stortinget få ut av å vere tidlegare involvert og meir aktiv i EU-saker?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.