JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Vil ha lokalsamfunna med på laget

I Noreg kjem kjernekraftdebatten nedanfrå og opp, seier Sunniva Rose i Norsk Kjernekraft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3997
20230825
3997
20230825

Peranders@dagogtid.no

Det siste dryge halvåret har kring 40 kommunar teke kontakt med Norsk Kjernekraft, fortel Sunniva Rose. Ho er kommunikasjonsdirektør i Norsk Kjernekraft og har doktorgrad i kjernefysikk.

– Kommunane kontaktar oss for å lære meir om kjernekraft, og fleire av dei har inngått ein samarbeidsavtale med oss. Det dei har sams, er at dei anten slit med krafttilgang i dag eller kjem til å gjere det i framtida, seier Rose.

– Om kommunane må seie nei til ny industrietablering på grunn av kraftmangel, får det store konsekvensar. Og mange stader er det motstand mot å byggje ned natur med vindkraftverk.

– Eventuelle kjernekraftverk er høgt opp og langt fram. Det står ikkje selskap klare til å levere slike kraftverk berre kommunane stiller med tomter?

– Nei, men det må vere reell interesse lokalt om vi skal kunne gjere det. Eg synest ikkje det er rart å involvere kommunane tidleg. Debatten om kjernekraft i Noreg kjem nedanfrå og opp, seier Rose.

–?Inntil nyleg var det eit vanleg argument at «ingen ønskjer å ha eit kjernekraftverk i kommunen sin». Men kanskje det viser seg at ganske mange ønskjer det?

Tidsskjema

– Den typen kraftverk selskapet dykkar vil kjøpe, er enno ikkje ferdig utvikla. Når trur du ein SMR kan stå ferdig i Noreg?

– Eg trur vi kan levere straum frå små, modulære reaktorar i Noreg om ti år, om dette får sterk oppslutnad. Om det blir meir motstand, tek det kanskje 15 år.

I tillegg kjem det an på kor raskt den tekniske utviklinga går. Norsk Kjernekraft vurderer fleire ulike leverandørar som er i utviklingsfasen med små, modulære reaktorar, fortel Rose.

– Hitachi planlegg å ha sin første SMR i drift i 2028, Rolls-Royce reknar med å klare det i 2031. Sidan planen er å serieprodusere reaktorane, er bygginga venta å gå raskare etter kvart. Dei første reaktorane kan ta tre–fire år å byggje, seinare kan det gå ned til to–tre år.

– Kjernekraft er ikkje billeg straum. Har ordførarane de er i kontakt med, realistiske forventingar til kva krafta dykkar kjem til å koste?

– Vi opererer med ein pris på 60 øre per kWh frå kraftverka vi vil byggje. Straumprisen er jo bestemt av marknaden. Om vi byggjer for dyrt, er det vårt problem. Men det er viktig at politikarane vi snakkar med, har eit realistisk bilete av kostnadene. Det prøver vi å gje dei. Eg har inntrykk av at ordførarane er edruelege og jobbar seriøst med dette.

–?Det er normalt at nye kjernekraftverk endar opp med å koste langt meir enn budsjettert?

– Ja, det er difor vi vil satse på serieproduserte kraftverk. Det nye kraftverket i Finland var det første av sitt slag, tok 20 år å byggje og gjekk langt over budsjett. Men i land som har bygd fleire store kraftverk rett etter kvarandre, har prisen gått ned undervegs. Det fjerde kraftverket kosta kanskje berre halvparten så mykje som det første.

Folkemøte

– Kva kan Norsk Kjernekraft få ut av samarbeid med kommunane i denne fasen? Blir dei i praksis ein slags lobbyistar for dykk?

– Det vil eg ikkje seie. Men det må vere eit ønske lokalt om å få eit kjernekraftverk. Vi var på eit folkemøte om kjernekraft i Aure i vår, med foredrag, spørsmål og diskusjon, og kommunen fasiliterte møtet. No skal vi ha eit tilsvarande møte i Heim. Det er viktig at kommunane er med på dette. Det ville verka meir shady (tvilsamt, red.merk.) om det berre var vi som kom, seier Rose.

Ho understrekar igjen at Norsk Kjernekraft er avhengige av samarbeid med lokalsamfunna for å lukkast.

– Om du prøver å træ slike ting ned over hovudet på folk, kan det slå attende. Da Sverige skulle etablere eit nytt deponi for radioaktivt avfall, jobba styresmaktene mykje med å involvere lokaldemokratiet. I vertskommunen for deponiet er no 80 prosent av innbyggjarane positive.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Om du prøver å træ slike ting ned over hovudet på folk, kan det slå attende.

Sunniva Rose, kommunikasjons­direktør i Norsk Kjernekraft

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis