JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Vendepunktet Fukushima

Ved utgangen av 2022 er det slutt for den tyske atomkrafta. Det er det brei semje om i det tyske samfunnet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2268
20220107
2268
20220107

jehojo@online.no

Seinaste kapittel i tysk atomhistorie byrjar 11. mars 2011 på nordaustkysten av Japan. Ein tsunami utløyst av eit kraftig jordskjelv råkar kjernekraftverket i Fukushima. Kort tid etter stansar kjølinga av brenselsstavane. I tre av reaktorblokkane startar den kjernefysiske nedsmeltinga.

Medan bileta av massive øydeleggingar i Japan rullar over TV-skjermen, er det éin ting som igjen pregar den tyske debatten: Er kjernekraft ei trygg energikjelde? Til forskjell frå Tsjernobyl-ulykka i 1986 skjer det utenkelege nemleg i det høgteknologiske Japan. I løpet av tre døgn vert den tyske atompolitikken på ny snudd på hovudet.

Motstanden mot atomkraft har lange tradisjonar i Tyskland. Klistremerke med påskrifta «Atomkraft? Nein danke» kan sjåast på alt frå bilruter til slitne universitetstoalett. I 1970-åra kom det regelbunde til samanstøytar mellom demonstrantar og politi. Denne motstanden førte etter kvart til skipinga av fleire grøne lister, som vart forløparane til partiet Dei grøne. I tillegg har motstanden mot atomkraft lenge vore stor i det tyske sosialdemokratiet.

Tidleg på 2000-talet vedtok så den raudgrøne regjeringa under leiing av den sosialdemokratiske kanslaren Gerhard Schröder å fase ut atomkrafta. Utan å fastsette ein sluttdato.

Eit halvår før Fukushima-ulykka forlengde dåverande kanslar Angela Merkel drifta av kraftverka. Den avgjerda måtte ho ikkje lenge etter ulykka gjere om på etter politisk press. På berre få dagar endra Merkel meining og innleidde ei rekke tiltak som for alvor fekk fart på den store tyske energiomstillinga – Energiewende.

Like etter vann likevel Dei grøne sin første delstat nokosinne og fekk den første leiaren for ei delstatsregjering – det i den konservative delstaten Baden-Württemberg.

Samstundes har den tidlegare utfasinga ført til klagar frå energikonserna på grunn av tapte investeringar. I 2021 vart dei einige med den tyske staten om ein kompensasjon på 2,43 milliardar euro.

I dag er det få i tysk politikk som stiller spørsmål ved slutten på atomalderen i Tyskland. Dei siste tre atomreaktorane vert stengde ved nyttår i år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis