JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Tysklands skjøre klimakompromiss

Nyttårsaftan kom EU-kommisjonen med eit framlegg som kan snu opp ned på diskusjonen om europeisk energipolitikk. Dei foreslår å klassifisere både atom- og gasskraft som miljøvennlege energikjelder.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Atomkraftverket i Gundremmingen var eitt av tre kraftverk som stengde ved nyttår. Ved utgangen av 2022 er det heilt slutt på den tyske atomkrafta.

Foto: Lukas Barth / Reuters / NTB

7655
20220107

Bakgrunn

Nyttårsaftan presenterte EU-kommisjonen eit framlegg om mellombels å definere atom- og gasskraft som «grøne» energikjelder.

Medan den tyske regjeringa i 2011 vedtok å fase ut atomkrafta, har den franske presidenten varsla ei ny satsing på atomkraft.

Tyskarane gjer seg no avhengige av gass for å sikre ei stabil energiforsyning i fleire tiår framover.

Energi

jehojo@online.no

Investeringar i både atomkraft og gass skal framover verte rekna som «grøne» av EU. Det er framlegget EU-kommisjonen presenterte like før årsskiftet, noko som banar veg for investeringar i atomkraft fram til 2045 og gasskraft til 2030.

Framlegget er resultatet av fleire månader med intense forhandlingar mellom EU-landa. I unionen herskar nemleg stor usemje om korleis ein skal handtere overgangen til ein karbonfri energiproduksjon.

Innan 2030 skal alle EU-landa ha redusert utsleppa med 55 prosent samanlikna med 1990-nivået. Fleire land har difor no signalisert at dei igjen vil satse på atomkraft for å nå utsleppsmåla. Blant dei er Frankrike, Nederland, Finland og Tsjekkia.

Lågmælt motstand

I Tyskland, der atomkraftmotstanden er sterk, har ein valt å gå ein annan veg. Ved utgangen av året vert dei siste tyske atomreaktorane skrudde av. I tillegg kjem den planlagde utfasinga av kolkraft innan 2030. På grunn av utfasinga er planen at 80 prosent av det tyske energibehovet skal komme frå fornybare energikjelder innan same år. Likevel er tyskarane i realiteten avhengige av gasskraft til minst utgangen av tiåret for å sikre energiforsyninga.

Framlegget frå EU-kommisjonen vert lese av mange som eit fransk-tysk kompromiss. Den grøne visekanslaren Robert Habeck har kalla framlegget «grønvasking» av atomkraft. Men det blir med retorikken. For sjølv om den tyske kanslaren Olaf Scholz i samtale med den franske presidenten Emmanuel Macron og kommisjonspresident Ursula von der Leyen skal ha gjort det klart at han alltid har vore motstandar av atomkraft, har det vore stille frå tysk side dei siste dagane.

Og medan miljøvernminister Leonore Gewessler i Austerrike har truga med å klage framlegget inn for EU-domstolen, har pressetalsmannen for den tyske regjeringa, Steffen Hebestreit, utelukka større protestar.

Renessanse

I utgangspunktet avgjer kvart land sjølv kva slags energimiks dei vil legge opp til. Medan Tyskland har landa på gass som si overgangsløysing, går mange av dei andre EU-landa no altså inn for å forlenge atomalderen. Somme ser til og med på atomkraft som sjølve løysinga på klimakrisa.

Av dei er Emmanuel Macron. I Frankrike meiner ein at atomkraft er framtidsteknologi – ikkje berre ei overgangsløysing mot karbonfri straumproduksjon. Etter å ha leika med tanken om ei eiga utfasing etter tysk førebilete i starten av presidentskapet sitt, kunngjorde Macron i november i fjor at han vil investere éin milliard euro i bygging av fem–seks miniatomreaktorar.

Den franske presidenten nemnde den europeiske straumkrisa som grunn. Dessutan er dei redde for konsekvensane av at Tyskland gjer seg avhengig av russisk gass. Spesielt Nord Stream 2-røyrleidningen, som skal frakte gass frå Russland til Tyskland, har blitt eit pressmiddel i Ukraina-konflikten.

Polens statsminister Mateusz Morawiecki åtvara i slutten av fjoråret om at Russland kunne bruke gassleidningen til å presse Ukraina og manipulere europeiske straumprisar. Per no er Russland Tysklands desidert største gassleverandør med 51 prosent marknadsdel. Etter Russland kjem Noreg med 27 prosent av den leverte gassen, ifølgje BPs Statistical Review of World Energy. Den nye gassrøyrleidningen mot Russland vil ikkje vere naudsynt for å sikre forsyningstryggleiken, men er forventa å skape lågare straumprisar.

Paris-korrespondent i Frankfurter Allgemeine Zeitung, Michaela Wiegel, kalla i haust Macrons atomplanar slutten på draumen om ein felles fransk-tysk motor for Europas framtid. I staden har den franske presidenten vore på leiting etter støttespelarar i Aust-Europa for ei nyorientering i energipolitikken. Der har Tsjekkia planar om å erstatte kolkraft med kjernekraft, og det same har Polen. Sistnemnde har varsla utbygging av to nye kraftverk i nærleiken av Austersjøen, noko som vekker uro i Berlin. Den førre tyske regjeringa skal difor ha vore i kontakt med polske styresmakter – utan hell.

Like før jul vedtok den nye nederlandske regjeringa å bygge to nye kraftverk. Det fekk statsminister Mark Rutte gjennomslag for etter regjeringsforhandlingar med liberale atomskeptikarar i den nye nederlandske koalisjonen. Likevel er det enno uklart kor kraftverka skal bli plasserte eller avfallet lagra. I Belgia, som i utgangspunktet skulle fase ut atomkraft til 2025, skal ein no ta ei ny vurdering på om atomalderen likevel vert forlengd. Sverige har alt vedtatt å utsette si avvikling av atomkraft.

Store forhåpningar vert spesielt knytte til finske planar om ei avfallsløysing med lagring djupt nede i berggrunnen. Avfall er eit stort problem for alle atomland. Både Tyskland og Frankrike slit med å finne lager for atomavfall. Finnane er i tillegg straks klare til å opne ein ny reaktor i Olkiluoto og har planlagt bygging av endå eit kraftverk innan 2028.

Atomkrafta har såleis fått sin renessanse i Europa. Berre Austerrike, Danmark og Portugal av EU-landa er for tida samde med tyskarane i atommotstanden deira.

Energiewende

I Tyskland har vedtaket om å avvikle atomkrafta fått fart på Energiewende, som tyskarane kallar energiomstillinga si. Som følgje av ei storstilt utbygging av vind- og solenergikapasiteten stod fornyelege energikjelder for 42 prosent av straumforbruket i 2021. I 2011 – året då atomutfasinga vart vedteken – låg same tal på berre 20 prosent. Dei ti siste åra har altså fornybarkapasiteten meir enn dobla seg og står på ein god dag med mykje vind og sol for om lag halvparten av energiproduksjonen.

Energiekspert Claudia Kemfert i Deutsches Institut für Wirtschafts­-
forschung (DIW) seier at utbygginga av sol- og vindkapasiteten har ført til at atomkrafta stort sett har blitt erstatta av nettopp fornybare energikjelder. Likevel utgjorde atomkraft i fjor enno 12 prosent av den tyske straumproduksjonen.

Når dei tre siste reaktorane vert kopla av nettet ved utgangen av 2022, kjem bruken av fossile brennstoff difor til å gå opp, ifølgje ein DIW-studie frå slutten av fjoråret. Manglande politisk vilje dei siste åra og eit vindkraftopprør som liknar på det me kjenner her heime, har nemleg bremsa utbygginga av spesielt vindkrafta.

På toppen av det kjem utfasinga av kolkrafta som «ideelt sett» skal skje innan 2030. Sjølv om den tyske regjeringa planlegg eit innslag på 80 prosent fornybare energikjelder innan same året, skal det mykje til for at dei faktisk når det målet. Kolkrafta og delar av atomkrafta kjem til å bli erstatta av gass. Planen er likevel at gasskraftverka etter kvart skal gå på hydrogen. Men det kjem iallfall ikkje til å skje innan utgangen av dette tiåret.

Alt dette viser kor usikker den tyske strategien er, og kor avhengig landet enno er av å ha gass i reserve. Alternativet deira vert å importere straum produsert med atomkraft frå nabolanda.

Kjelder: Frankfurter Allgemeine Zeitung, Der Spiegel, Deutsches Institut für Wirtschaftsforschung, Bundesverband der Energie- und Wasserwirtschaft

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Atomkrafta har fått sin renessanse i Europa. Berre Austerrike, Danmark og Portugal av EU-landa er for tida samde med tyskarane i atommotstanden deira.

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis