JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Med kol i straumen

Russland kuttar i gass­leveransen til fleire land. Spesielt Tyskland fryktar ein kald vinter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dagbrot og kolkraftverk ved byen Nochten aust i Tyskland.

Foto: Matthias Rietschel / Reuters / NTB

8298
20220624

Bakgrunn

Tyskland ønskjer å fase ut den russiske gassen.

Landet hadde i forkant av Ukraina-krigen gjort seg heilt avhengig av gassimport frå Russland.

Russland har den siste tida stansa gasseksporten til ei rekkje land, mellom anna Danmark og Polen.

Kjelder: Der Spiegel, Destatis, Bundesnetzagentur

Energi

jesper@dagogtid.no

Ei krise kjem sjeldan åleine. Sist helg vart det målt 39 gradar i den tyske byen Cottbus – så varmt som aldri før midt i juni i den austtyske byen. I området rundt herja store skogbrannar landskapet. Men medan Tyskland fekk smake på den ekstreme varmen resten av Europa har vore plaga med dei siste vekene, var hovudtemaet i tyske medium korleis ein skal unngå å fryse gjennom vinteren.

– Gassforbruket må gå vidare ned, og meir gass må på lager, elles vert det verkeleg knapt i vinter, seier visekanslar Robert Habeck.

I løpet av helga vart det klart at Russland alt no har redusert gasseksporten til landet. Sidan førre veke vert 60 prosent mindre gass enn vanleg leidd gjennom gassrøyrleidninga Nord Stream 1 som går i land på den tyske austersjøkysten. I staden for ein kapasitet på opptil 167 millionar kubikkmeter gass per dag når no berre 67 millionar kubikkmeter gass Tyskland. Kvifor? Det russiske statskonsernet Gazprom skuldar på forseinkingar i vedlikehaldsarbeidet med røyrleidninga. Næringsminister og visekanslar Robert Habeck er derimot overtydd om at avgjerda er politisk motivert.

– Det er heilt tydeleg Putins strategi å uroe oss, drive prisane i vêret og splitte oss, sa visekanslaren på ein pressekonferanse sist helg.

Siemens Energy, som er ansvarleg for vedlikehaldet, har stadfesta at arbeidet er forseinka på grunn av ein gassturbin som står fast i Canada. Likevel finst det to alternative forsyningsvegar inn til Tyskland: Jamal-røyrleidninga, som går over Belarus og Polen, og Transgas-røyrleidninga, som går gjennom Ukraina og Slovakia. Trass i vedlikehaldsproblema i Nord Stream 1 leverer begge desse mindre mengder gass enn før. Ifølgje Der Spiegel kan det tyde på eit medvite forsøk på å auke prisane frå Russlands side.

Det er no knytt spenning til om Russland har planlagt å kutte gassleveransen ytterlegare den neste tida. I juli skal det utførast eit anna årleg vedlikehaldsarbeid på gassrøyrleidninga. Mellom 11. og 21. juli vert gasstraumen difor skrudd heilt av. «Eg veit ikkje om det etter vedlikehaldet vert levert 40 prosent, 60 prosent, 100 prosent eller 0 prosent gass», seier Klaus Müller, sjef for Bundesnetzagentur – det føderale forvaltningsorganet som har tilsyn med mellom anna elektrisitet og gass.

Bittert

Om lag 15 prosent av den tyske straumproduksjonen kjem frå naturgass. I tillegg er gass på kort sikt uerstatteleg i fleire industriprosessar. 37 prosent av det tyske gassforbruket går til industrien. Spesielt den kjemiske industrien og metall- og matindustrien er storforbrukarar.

Om lag halvparten av alle husstandar i landet vert oppvarma ved hjelp av gass. Det gjer tyske hushald til den neste største forbrukaren av den importerte gassen. Habeck har difor vore i ulike land frå Qatar til Noreg dei siste månadene for å sikre stabile gassleveransar til Tyskland i tida framover.

Men for å bøte på dei reduserte gassleveransane skal gasskraftverka i landet no produsere mindre straum og sende meir på lager. For å fylle hòlet etter gassen skal ein satse meir på kol igjen. Alt i første kvartal i år steig bruken av kolkraft i energiproduksjonen med 12,5 prosent samanlikna med fjoråret. I utgangspunktet har den tyske regjeringa som mål å fase ut kolkrafta fullstendig innan 2030 – ei utfasing seinast innan 2038 er alt vedteken av den førre regjeringa. Fram til 31. mars 2024 skal no ulike kolkraftverk få drive vidare.

– Det er bittert, men i denne situasjonen er det naudsynt for å redusere gassforbruket. Om vi ikkje gjer det, er det fare for at gasslagera våre ikkje er fulle nok til vinteren. Og då er vi opne for politisk press, sa visekanslar Habeck då han lanserte tiltaka i helga.

Fyllingsgraden i dei tyske gasslagera er for tida 58 prosent. Det er ein tydeleg auke frå fjoråret, då lagera var fylte til 38 prosent på same tid av året. Lageret Astora i byen Rehden, som med ein kapasitet på 3,9 milliardar kubikkmeter er Tysklands største gasslager, stod ved inngangen til året meir eller mindre tomt.

Lageret har sidan 2015 vore eigd av russiske Gazprom, men er no nasjonalisert av den tyske regjeringa. Etter planen skal fyllingsgraden opp til 80 prosent i løpet av oktober og 90 innan 1. desember. Det avgjorde regjeringa i eit lovvedtak tidlegare i år, noko som fell saman med planane EU har. Fulle lager rekk til om lag to og ein halv månads forbruk.

Sist veke karakteriserte Bundesnetzagentur situasjonen for første gong som «spent». Til avisa Bloomberg åtvarar analytikar Massimo Di Odoardo i WoodMac om at heile Europa kan gå tom for gass midt på vinteren dersom den russiske gassen ikkje vert levert over tid:

– Sjølv om ein reknar inn mottiltaka, vil det då vere uunngåeleg med rasjonering.

Etter samtalar med interne kjelder i det tyske næringsdepartement melde avisa Die Welt tysdag at Tyskland kjem til å gå i «alarmberedskap» dei neste dagane. Det vil i så fall vere trinn to av tre i ein kriseplan den tyske regjeringa utarbeidde tidlegare i år. Føresetnaden for eit slikt steg er «stor fare for langvarig underforsyning». Onsdag morgon vart det stadfesta at regjeringa utløyser nivå to i kriseplanen.

Konsekvensen vil vere markant høgare prisar for forbrukarane. I naudfallsscenarioet – nivå tre i kriseplanen – vert marknaden sett heilt ut av spel, og Bundesnetzagentur tek over rolla som «byrdefordelar». I første omgang vil det ramme industrien. Privatkundar og sjukehus vert i tråd med EU-lovverket nemleg rekna som grupper med «spesielt vern».

Hòlet etter gassen

– Det vil ta tre til fem år å tette hòlet etter den russiske gassimporten.

Det sa sjefen for energikonsernet RWE, Markus Krebber, til avisa Süddeutsche Zeitung måndag denne veka. Difor har debatten om alternative energiformer igjen kome på dagsordenen. Den siste tida har spesielt røystene for ei forlenging av lisensen til dei siste atomkraftverka vorte meir høglydte.

Etter planen skal dei tre siste atomkraftverka, Isar 2, Emsland og Neckarwestheim 2, fasast ut ved utgangen av året. Til saman produserer dei tre kraftverka 11,8 prosent av det tyske straumforbruket. Spesielt opposisjonen tek til orde for å halde kraftverka gåande nokre år til. I ein tale til ein industrikonferanse hevda partileiaren i CDU, Friedrich Merz, at det var både «teknisk og juridisk forsvarleg». Tidlegare i veka stilte partikollega Markus Söder seg uforståande til at regjeringa ikkje vil satse vidare på atomkraft.

Internt i regjeringa er ein splitta i synet på atomkraft. Leiaren for det liberale partiet FDP, Christian Lindner, kravde tysdag ein «uideologisk debatt» rundt ei vidareføring av atomkrafta. «Folk forventar at vi i lys av klimakrisa og Putins kontroll over energien og i møte med inflasjonen vurderer alle moglege alternativ», sa Lindner til avisa Bild i starten av månaden. Difor har FDP-sjefen i tillegg løfta fram skifergassutvinning, såkalla fracking, i Tyskland som ei mogleg energikjelde.

Begge framlegga er vortne avviste av dei to andre partia i regjeringa. Både dei sosialdemokratiske og dei grøne regjeringspartnarane held fast ved utfasinga av atomkrafta – eit prosjekt dei initierte sist dei sat i regjering saman. Den sosialdemokratiske kanslaren Olaf Scholz viser til at sakkyndigrådet til regjeringa seier at dei noverande brenselcellene held ut året.

Det vil ta mellom 12 og 18 månader å skaffe nye, ifølgje ekspertane. I tillegg vil det verte vanskeleg å finne ein leverandør. 40 prosent av den tyske uranimporten har til no kome frå Russland. Eit anna stort hinder er manglande teknisk kompetanse og manglande tryggingsklareringar, som følgje av utfasinga som har gått føre seg over ti år. Også energikonserna har uttrykt skepsis til ei forlenging dei ikkje er budde på. I tillegg har mange i denne bransjen funne seg anna arbeid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Markus Krebber, sjef i energikonsernet RWE

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis