JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Ei brutal avvenning

Tyskland og andre EU-land må gjennom ei hard omstilling om dei skal bli uavhengige av russisk gass. Men det er mogleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
TOMME RØYR: Frå bygginga av gassrøyrleidningen Nordstream 2 gjennom Austersjøen. Leidningen til 90 milliardar kroner skulle frakte gass frå Russland til Tyskland, og er no ferdig, men kjem neppe til å bli teken i bruk.

Foto: Jens Buettner / DPA / AP / NTB

11871
20220318

Russisk gass

Russland er den største leverandøren av naturgass i Europa.

Kring 40 prosent av gassforbruket i EU kjem frå Russland.

Den nest største leverandøren er Noreg, som står for kring 25 prosent av forbruket i EU.

Den største kjøparen av russisk gass er Tyskland. Også Ungarn, Tsjekkia, Italia og ei rekkje andre EU-land er avhengige av russisk gass til oppvarming, matlaging og straumproduksjon.

Den russiske invasjonen i Ukraina har fått EU til å sjå etter alternative energikjelder.

Sist veke vedtok EU å kutte importen av russisk gass med to tredelar.

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Den russiske invasjonen av Ukraina har vist at kritikarane av gassavtalane mellom Russland og EU-landa hadde rett: Det er farleg å basere mykje av energiforsyninga si på ein stat som den russiske. No har Putin vist det sanne andletet sitt, og EU prøver i all hast å finne alternativ.

I dag kjem kring 40 prosent av gassforsyninga si til EU frå Russland, og målet er å kome seg fri frå dette bandet så raskt som råd. «Vi må bli uavhengige av russisk olje, kol og gass. Vi kan ikkje basere oss på ein tilbydar som eksplisitt trugar oss», erklærte Ursula von der Leyen, president i EU-kommisjonen, i ei pressemelding 8. mars.

Gassgrepet

I denne artikkelen let vi i hovudsak olje og kol liggje. Det er gassen som er spesielt interessant i denne samanhengen, sidan så mykje av leveransane kjem gjennom røyrleidningar og difor er ekstra vanskelege å erstatte. Gassimporten er så langt ikkje råka av sanksjonar frå EU, fordi det ville skape for store problem i mange medlemsland. Men sist veke la EU fram ein plan for å kutte importen av russisk gass med to tredelar i løpet av året, og å avslutte importen heilt innan 2030.

Tiltaka EU-kommisjonen foreslår, spenner vidt og breitt og er både kortsiktige og langsiktige: å spare gass ved å skru ned varmen i heimane, å importere meir gass frå andre produsentland, å utvikle hydrogen som energiberar og å satse enda hardare på å byggje ut fornybar energiproduksjon, for å nemne noko.

Er det mogleg å frigjere seg frå det russiske gassgrepet så fort som EU legg opp til? Og kan det kanskje gå enda fortare, om viljen er stor nok?

Ulik miks

Først kan vi sjå litt på kor avhengige EU-landa eigentleg er av den russiske gassen. Når vi stadig blir fortalde om dei 40 prosentane av gassforsyninga til EU som kjem frå Russland, læt det skremmande høgt. Men dette er altså berre gassen.

– Om vi derimot ser på det totale energiforbruket til EU-landa, utgjer den russiske gassen mellom 6 og 8 prosent. Da verkar det litt mindre dramatisk, seier Jakub Godzimirski. Han er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt med energi som spesialfelt.

I tillegg er energimiksen svært ulik i dei 27 EU-landa, påpeikar Godzimirski: Somme er langt meir avhengige av gass enn andre.

– Og dette spørsmålet har igjen fleire dimensjonar. Kor mykje av energimiksen i kvart land utgjer gassen? Kor stor del av den importerte gassen kjem frå Russland? Og kor stort er gassforbruket til kvart land? Behovet til Latvia kan dekkast med nokre få skipslastar med LNG årleg. (LNG er naturgass som er gjort flytande ved hjelp av nedkjøling, red. merk.) Det er verre å dekkje årsforbruket til Tyskland, seier Godzimirski.

Tyske kvalar

Om vi ser på prosentdelen russisk gass i den totale energiforsyninga, er Ungarn det mest avhengige landet i EU. Der utgjer gassen frå Russland nærare 40 prosent av det samla energiforbruket. I Italia, Latvia, Slovakia og Tsjekkia kjem kring 20 prosent av energien frå russisk gass. Tyskland er slik sett mindre avhengig: Kring 15 prosent av den tyske straumproduksjonen kjem frå gasskraft. Men halvparten av heimane i Tyskland brukar gass til oppvarming, og det let seg ikkje endre over natta.

I tillegg har stadig meir av importen kome frå Russland dei siste åra. For tida får Tyskland dekt over halvparten av forbruket sitt med russisk gass, medan kring ein fjerdedel kjem gjennom røyrleidningane frå Noreg. Og Tyskland er i ei spesielt vanskeleg stilling både fordi landet er så stort – i særklasse den største kjøparen av russisk gass – og fordi tyskarane i dag manglar alternative kjelder til gassimport.

Terminalsjuka

Dette handlar først og fremst om infrastruktur. Dei landa som har mottaksterminalar bygde for føremålet, kan importere LNG frå alle produsentar som leverer gass med skip. I dag er det 26 slike terminalar i EU, og importen gjennom desse hamnene dekkjer ein fjerdedel av gassforbruket til unionen. Spania dekkjer til dømes heile gassforbruket sitt med LNG. Og slik import kan i teorien erstatte ein stor del av gassen frå Russland.

Men Tyskland har gjennom mange tiår basert seg på at gassen skulle kome gjennom røyrleidningar, og har i dag ingen terminalar for å ta imot LNG. Skal tyskarane kjøpe gass i denne forma, må han importerast via Belgia, Frankrike eller Nederland. Det har blitt prata om å byggje gassterminalar i mange år, men den russiske krigen i Ukraina har sett fart på nytenkinga i Tyskland. Kanslar Olaf Scholz har nyleg erklært at det skal byggast to LNG-terminalar i Tyskland, men slike let seg heller ikkje lage over natta.

Nok av gass

Og inntil vidare er det dette som set tyskarane i skvis. Jarand Rystad, direktør for analyseselskapet Rystad Energy, sa nyleg til E24 at EU kan erstatte nesten halvparten av dagens import av russisk gass med LNG. «Det er mer enn nok LNG-kapasitet i verden. Flaskehalsene er importterminalene i Europa», sa Rystad. Ein studie frå selskapet hans datert 2. mars er faktisk langt meir optimistisk enn EU-kommisjonen når det gjeld sjansane for å kutte raskt i gassimporten frå Russland. Rystad Energy skriv at LNG kan vere ein stor del av løysinga: Dersom europeiske land kan få omdirigert gassleveransar som var tiltenkte marknader i Asia eller Sør-Amerika, og er villige til å betale nok, kan Europa alt vere halvvegs i avvenninga si frå russisk gass, meiner Rystad-analytikarane.

Ein stor del av desse leveransane må i så fall kome frå USA, som vart verdas største gassprodusent takk vere skifergassutvinninga si. Både USA og EU har dessutan lagt eit politisk press på den store LNG-eksportøren Qatar for å bidra til å løyse krisa, men der har styresmaktene så langt vore nølande. Gasslandet Noreg kan førebels ikkje bidra med LNG til Europa: Melkøya-anlegget til Equinor er framleis ute av drift etter brannen i 2020 og skal etter planen opne i mai.

Mange bekkar små

Noreg kan i tillegg bidra ved å levere litt meir gass enn i eit normalår gjennom røyrleidningane til Europa. I dag er rett nok kapasiteten til eksportleidningane fullt utnytta. Men medan leveransane normalt stoggar i periodar på våren og sommaren, når etterspurnaden i Europa er låg, skal gasseksporten frå Noreg i år gå kontinuerleg for å bidra til å fylle opp lagera på kontinentet. Rystad Energy ser i tillegg for seg litt ekstra gass frå Storbritannia, Nederland og Aserbajdsjan og auka kraftproduksjon frå mellom anna kol, biomasse og atomkraft i EU.

I tillegg må europearane òg spare energi for å bli frie: Ved å kutte i kraftforbruket i industrien kan EU redusere behovet for russisk gass med omtrent 20 prosent i år. Om styresmaktene er villige til å ta alle desse kostnadene, kan altså EU klare seg utan russisk gassimport alt i 2022, slår Rystad-studien fast. Og om målet er at det skal svi for Russland, er så drastiske steg truleg naudsynte, heiter det i studien: Sidan gassprisane no er så ekstremt høge, tener Russland svært godt sjølv om EU-landa halverer importen. Om importen derimot blir kutta heilt, er det eit verkeleg hardt slag for den russiske staten.

Kort og lang sikt

Denne krisa har sett mykje av den europeiske energipolitikken i spel. I EU-planen for å kutte gassimporten frå Russland blir det lagt stor vekt på å byggje ut fornybar energi enda raskare enn planlagt. Men det er vanskeleg å sjå at dette vil vere til særleg hjelp på kort sikt. Det tek tid å auke produksjonen av biogass så det monar, det tek tid å få opp fleire vindturbinar og solceller og byggje ut kraftnettet, og sol og vind er som kjent ustabile energikjelder som ikkje fullt ut kan erstatte den stødige gasskrafta. Rystad Energy anslår at dersom EU kuttar heile importen i år, kan ny fornybar energi berre dekkje kring éin prosent av bortfallet av russisk gass.

Dermed må truleg klimapolitikken vike i første omgang. Frans Timmermans, EU-kommissær for klimapolitikk, vedgjekk nyleg i Financial Times at somme EU-land kanskje må auke kolforbruket sitt om dei skal bli fri den russiske gassen. Både i Tyskland og Storbritannia har kolkraftverk fått forlenga levetida si etter krigsutbrotet. Men om det skal gje politisk meining å byte ut gass med kol, må i så fall brenselet kome frå ein annan stad enn Russland – som i dag er den største leverandøren også av kol til Tyskland og fleire andre europeiske land.

Brunt og grønt

Det er i det heile ganske ope korleis Ukraina-krisa kjem til å påverke det grøne skiftet i Europa. Men hypotesen i den nemnde studien frå Rystad Energy er at det blir meir kolkraft og større utslepp på kort sikt, og ein raskare overgang til fornybar energi på litt lengre sikt. Gasskraft har vore tiltenkt ein viktig rolle i overgangen frå kolkraft til ei rein energiforsyning, men krigen i Ukraina har sett eit stort spørjeteikn ved dette. Om heile Europa i framtida skal basere seg på å importere storparten av gassen i form av LNG, blir det mykje dyrare enn gassen frå Russland tradisjonelt har vore, og gasskraft blir dermed mindre attraktivt som ei overgangsløysing.

Fossil makt

I tillegg har Ukraina-krigen ført energitryggleik høgt på den europeiske dagsordenen. Dei fossile ressursane i verda er svært ujamt fordelte, og ein stor del av oljen, gassen og kolet er i land med autoritære eller totalitære styresett. Det har sin pris å vere avhengig av slike statar. Og som mellom andre Nupi-forskaren Indra Øverland har peika på, er fornybare energiressursar ein god del jamnare fordelte rundt i verda enn dei fossile. Eit land som har kontrollen over si eiga energiforsyning, er tryggare enn eit importavhengig land, alt anna likt. Slik sett kan «det grøne skiftet» redusere den geopolitiske makta som dei fossilrike statane i dag har over andre land, påpeika Øverland i ein forskingsartikkel frå 2020.

Dei siste månadene har gasskrisa og Ukraina-krigen gjort farane med den typen makt tydeleg. Men risikoen går båe vegar, for Russland er neppe mindre avhengig av inntektene frå gasseksporten sin enn EU-landa er av gassimporten. Også russisk økonomi er lenka til gassrøyrleidningane: Over 60 prosent av den russiske gasseksporten går til EU. Når storparten av valutareservane i utlandet no er låste av vestlege sanksjonar, blir inntektene frå gassen enda meir dyrebare for den russiske staten. Og per i dag har ikkje russarane mange kjøparar på handa.

Over til Kina

På sikt verkar det truleg at Kina kjem til å ta over som den største gasskunden for Russland. I 2019 opna ein ny gassrøyrleidning mellom Sibir og Kina, men den russiske gasseksporten austover er førebels langt mindre enn eksporten til Europa. Ein ny røyrleidning til Kina via Mongolia er planlagd, og denne skal doble eksportkapasiteten og kople den kinesiske marknaden til dei same gassfelta som i dag leverer gass til Europa. Men denne leidningen er framleis nokre år fram i tid. Og om Tyskland og andre EU-land i mellomtida klarer å gjennomføre ei rask og hard avvenning frå varene til Gazprom, vil det opne eit gapande hol i den russiske statskassa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Også russisk økonomi er lenka til gassrøyrleidningane: Over 60 prosent av den russiske gasseksporten går til EU.

– Behovet til Latvia kan dekkast med nokre få skipslastar med LNG årleg. Det er verre å dekkje årsforbruket til Tyskland.

Jakub Godzimirski, Nupi-forskar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis