JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Den løyndomsfulle øya

Klimavinsten av landstraum til Melkøya er høgst usikker, meiner økonom Asbjørn Torvanger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På Melkøya i Finnmark har Equinor eit stort anlegg for mottak og prosessering av gass frå Barentshavet. Vedtaket om å forsyne anlegget med straum frå land har ført til hard debatt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

5418
20230818

Samtalen

Asbjørn Torvanger

seniorforskar ved Cicero

Aktuell

Strid om straum til Melkøya

5418
20230818

Samtalen

Asbjørn Torvanger

seniorforskar ved Cicero

Aktuell

Strid om straum til Melkøya

peranders@dagogtid.no

Regjeringa vil at Equinor-anlegget på Melkøya skal få straum frå land. Det skal kutte 850.000 tonn i årlege CO2-utslepp frå gassturbinane på øya. Asbjørn Torvanger er samfunnsøkonom og seniorforskar ved Cicero senter for klimaforsking.

– Det er usemje om nesten alt i denne saka, også om dette er eit bra klimatiltak. Kvifor er sjølv det omstridd?

– Fordi svaret kjem an på kva faktorar ein tek med. Eg meiner vi må løfte blikket ut over Noreg. Når ein elektrifiserer, blir det meir gass å eksportere og prisen går litt ned. Da kjem andre til å bruke meir gass. Elektrifiseringa kan òg forlengje levetida til Melkøya, og det vil føre meir gass ut i marknaden. I tillegg kan 3,6 TWh årleg brukast på andre måtar med større klimaeffekt. Regjeringa vil byggje meir vindkraft og straumnett i Finnmark, men det fører til store, kontroversielle naturinngrep som påverkar lokalsamfunn og samiske interesser.

– Om elektrifisering kuttar utslepp av 850.000 tonn CO2 årleg, er det vel bra?

– Ja, men nettoeffekten er usikker. Når ein brenner mindre gass på Melkøya, blir storparten av utsleppa flytta til andre land. I tillegg kan ikkje vindkraft åleine erstatte gassturbinane. Vindkraft er variabel, medan Melkøya treng stabil forsyning. Om ein framleis må ha gassturbinar for å forsyne Melkøya, blir ikkje klimaeffekten så stor som lova.

– Argumentet om at gassen blir brend uansett, kan ein bruke mot alle utsleppskutt: Om eg syklar i staden for å køyre, kan andre bruke bensinen eg sparer?

– Det er ei overforenkling. Det viktige er korleis eit tiltak påverkar marknaden for gass eller olje. Elektrifisering vil i seg sjølv auke tilbodet av gass litt. Men det avgjerande er kva som skjer med investeringane i gassproduksjonen og levetida til Melkøya. All gass som blir produsert, kjem til å bli brend. Det er verknaden på samla bruk av kol, olje og gass som avgjer klimaeffekten av eit tiltak.

– Om gassen blir nytta i kraftverk på kontinentet, gjev spillvarmen oppvarming i tett befolka område. På Melkøya er det fyring for kråkene?

– Nei, det er feil. På Melkøya blir ein god del av varmen faktisk brukt i prosessane i LNG-fabrikken. På fleire av plattformene på sokkelen er det derimot vanskeleg å utnytte varmen, så der blir utnyttinga av gassen dårlegare.

– Straum frå magasinert vasskraft er eit knapt gode. Spørsmålet er korleis vi best kan bruke den straumen til å redusere CO2-utslepp?

– Det er ein knapp ressurs, og han blir stadig knappare. Vi må bruke den krafta der klimaeffekten er størst. Europa byggjer ut mykje sol- og vindkraft, og den er variabel. Om vi kan bruke magasinkraft til å få bort fossil kraftproduksjon på kontinentet, har det ein stor klimavinst. Eg meiner det er feil å bruke denne knappe ressursen til å elektrifisere Melkøya.

– Om Noreg ikkje får ned utsleppa frå petroleumsindustrien, kan vi ikkje nå dei nasjonale klimamåla?

– Nei. Noreg har ekstremt krevjande mål, med 55 prosent kutt innan 2030. Det er kanskje teoretisk mogleg, men ein må ha støtte i samfunnet for å gjere det. Det er lett å sjå for seg at dei norske måla kan bli reviderte.

– Det vil ikkje ta seg bra ut internasjonal å droppe klimamåla?

– Det vil vere eit svært uheldig signal, men Noreg har lagt lista ekstremt høgt. Dei norske utsleppa er ein promille av dei globale. Signaleffekten av eigne kutt er viktig, men det gjev truleg større klimaeffekt å påverke utviklinga internasjonalt. Bidraga til å utvikle elbilmarknaden er eit døme. Å satse på karbonfangst og -lagring på Melkøya kunne vere eit anna bidrag. Dette er noko Noreg har promotert i årevis, og det er gjort store investeringar i Langskip-prosjektet. Equinor har òg engasjert seg i karbonfangst, difor er det rart at selskapet har avvist det på Melkøya. På eine sida seier Noreg at karbonfangst er viktig og bra, på andre sida vil vi ikkje bruke det her.

– Equinor seier at karbonfangst blir for dyrt på Melkøya, 37 milliardar kroner. Fagfolk ved Sintef seier at anslaga til Equinor er altfor høge. Kven har rett?

– Eg trur Sintef-forskarane har rett i at kostnaden blir mindre enn analysen til Equinor tilseier. I tillegg kjem elektrifisering til å koste mykje meir for samfunnet enn for Equinor. Mykje av kostnaden blir flytta til straumkundar i Finnmark, annan industri som ønskjer meir kraft, og til naturen og lokalsamfunna.

– Equinor seier det er vanskeleg å byggje inn karbonfangst og -lagring i ein ferdig fabrikk?

– Det er nok krevjande, men ikkje umogleg. Ved sementfabrikken til Norcem i Brevik arbeider dei til dømes med karbonfangst og -lagring ved det eksisterande anlegget.

– I mange år kjempa oljeindustrien mot elektrifisering, no er dei varme tilhengarar. Kva var det som endra seg?

– Selskapa ser at elektrifisering er best for dei, økonomisk og politisk sett. Kostnaden med utsleppa frå produksjonen aukar, og i 2030 kostar det kanskje 2000 kroner å sleppe ut eit tonn CO2. I tillegg er det ein politisk faktor: Noreg kjenner seg pressa som ein stor olje- og gasseksportør. Om ein fjernar utsleppa i produksjonen, ser industrien grønare ut. Men hovudproblemet med olje og gass er jo utsleppa som kjem når produkta blir brende, ikkje dei 5 prosentane som kjem frå produksjonen i Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis