– Endrar ikkje norsk politikk
Religionshistorikar Torkel Brekke trur ikkje KrF kjem til å dra norsk politikk i meir konservativ retning.
– Norsk politikk er svært liberal. Eg kan ikkje sjå at det skulle endre seg ved at vi får nokre statsrådar frå KrF, seier religionshistorikar Torkel Brekke om regjeringsutvidinga.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Firepartiregjeringa vart møtt av demonstrantar utkledde som kvinnene i den dystopiske HBO-serien The Handmaid’s Tale, basert på Margaret Atwood-romanen med same tittel, då dei kom ut på Slottsplassen. Det var ein demonstrasjon mot at KrF og Kjell Ingolf Ropstad, «som har såpass kristenkonservative holdninger», har fått ansvaret for barn og familiar, sa komikar og demonstrant Sigrid Bonde Tusvik til VGTV.
Torkel Brekke, som er professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo, trur ikkje KrF kjem til å dra norsk politikk i meir konservativ retning.
– Nei, eg trur politikken i substans kjem til å halde fram med å vere liberal. Det som vert spanande å sjå, er om vi no får ein symbolsk konkurranse om kristne veljarar mellom KrF og Frp. Frp har appellert til dei kristne veljarane i mange år, og no kan konkurransen flyttast inn i regjeringa. Men eg trur ikkje det flyttar politikken. Vi ser jo at KrF ikkje kom nokon veg med kravet om å endre paragraf 2c i abortloven. Likeins med Sylvi Listhaug som brukar store kors og eit kristennasjonalistisk språk, det betyr ikkje nødvendigvis noko for innhaldet i politikken.
– Men det gjer noko med retorikken.
– Ja, men det handlar nok meir om kva saker politikarane vel seg ut, og korleis dei vel å framstille seg sjølv. Det er etter kvart mange politikarar langs heile det politiske spekteret som appellerer til den kristne norske identiteten gjennom å fortelje kva dei trur på. Men det handlar ikkje om politikk. Det er skilnad på religion som tru og religion som tilhøyrsle, og dette handlar om tilhøyrsle. Vi må ikkje gløyme at Noreg er eit svært sekularisert land. At religiøse språk og symbol vert meir synlege i det offentlege rommet, endrar ikkje det faktumet.
– KrF har fått innskrenka dagens reglar for fosterreduksjon. Det er ikkje berre symbolpolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.