Endra synet på basepolitikken
Fremskrittspartiet har vedteke at Noreg bør opne for å etablere allierte militærbasar på norsk jord også i fredstid.
Frp-leiar Sylvi Listhaug talte til partiets landsmøte førre helg.
Foto: Javad Parsa / NTB
Les også
Den norsk basepolitikken skaper diskusjon. Diskusjon vart det òg då fleire hundre amerikanske soldatar kom til Værnes for nokre år sidan.
Foto: Ned Alley / NTB
Større fullmakter til USA
Bakgrunn
Basepolitikken vart innført av Gerhardsen-regjeringa i 1949.
Politikken inneber at Noreg ikkje tillèt militære basar for allierte, med mindre Noreg er under åtak eller truga med åtak.
Erklæringa vart kommunisert til Sovjetunionen i eit brev som eit svar på eit konkret spørsmål frå Sovjet-regjeringa.
Politikken er ein sjølvpålagd restriksjon, ikkje ein bindande avtale.

Forsvar
christiane@dagogtid.no
Fremskrittspartiet bryt med dermed ein langvarig politisk konsensus i utanrikspolitikken som inneber at Noreg ikkje tillèt militære basar for allierte med mindre Noreg er under åtak eller truga med åtak.
Partiet meiner Russlands brutale framferd i Ukraina må få konsekvensar for forholdet Noreg har til allierte.
«Dersom Norge skal kunne forsvares ved et angrep, er vi helt avhengige av å ha et troverdig forsvar og samtidig få støtte gjennom rask respons fra våre allierte i NATO», skriv partiet i vedtaket.
Avspenning
Den norske basepolitikken går attende til 1949, då Noreg gjekk inn i Nato, og har vore ein sentral del av avspenningspolitikken overfor Russland. Vil han også overleve invasjonen i Ukraina? Den russiske krigføringa har ført til at fleire land no kastar gamle utanrikspolitiske prinsipp på skraphaugen.
Eit døme på det er den norske våpeneksporten til Ukraina, som strir med den restriktive praksisen som er hovudregelen her i landet med omsyn til å eksportere våpen til land i krig.
Eit anna døme er at både Sverige og Finland, som lenge har vore alliansefrie, no vurderer innmelding i Nato. Dei to landa kan få innpass alt under Nato-toppmøtet i Madrid i juni. Spørsmålet om allierte basar på eige territorium vil verte aktuelt også for dei.
Forsvarsavtale
Allierte basar på norsk jord er sette på dagsordenen også i samband med ein tilleggsavtale Noreg og USA har signert om forsvarspolitikk. Avtalen ligg no til handsaming på Stortinget.
Avtalen inneber at USA får fri og uhindra tilgang til såkalla «omforente område» på flystasjonane på Rygge, Sola og Evenes, i tillegg til eit område på Ramsund orlogsstasjon. Her vil amerikanske lover gjelde, slik det er vanleg på militærbasar USA har i andre land.
SV og Raudt meiner avtalen bryt med norsk basepolitikk, medan både Solberg-regjeringa og Støre-regjeringa meiner at basepolitikken står fast.
Ingen andre stortingsparti har så langt støtta Fremskrittspartiets snuoperasjon i basepolitikken. Men saka vil verte debattert på Stortinget, både i samband med forsvarsavtalen og i samband med eit forslag som vil verte fremja av Fremskrittspartiets stortingsgruppe.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mange vil nok finne ein feil på dette biletet. Men la meg forklare.
Foto: Dagfinn Nordbø
«Mange vil miste munn og mæle når eg slår frampå om kvitlauk i fårikålen.»
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.