Endelaus cyberkrig

Trump har alt fått krigen sin: 1. cyberkrigen.

National Security Administration (NSA) og US Cyber Command er lokalisert her i Fort Meade i Maryland.
National Security Administration (NSA) og US Cyber Command er lokalisert her i Fort Meade i Maryland.
Publisert

Alle amerikanske regjeringar har sin krig. For Truman og Eisenhower var det Korea. For Kennedy, Johnson og Nixon, Vietnam. For Carter og Reagan, toppen av den kalde krigen. For far og son Bush, Irak. For Clinton, tidlegare Jugoslavia. For Obama, Afghanistan.

Kva vil bli Donald Trumps krig? Det er gode grunnar til å tru at det kan bli Korea-krig nr. 2. Eller det kan bli ei ny hengemyr i Midtausten. Dei mest lettskremde Trump-kritikarane åtvarar om at tredje verdskrigen vil byrje på vakta hans. Men eg er mest redd for første cyberkrigen – for han har alt byrja.

Cyberåtaket i førre veke var berre det siste retta mot USA av WikiLeaks: frisleppet av ei stor mengd dokument stolne frå CIA. I ei twittermelding heitte det at dokumenta avsløra at «skadeleg CIA-programvare er eit trugsmål for journalistar: Det infiserer iPhone, androidbasert Signal programvare, Confide-kryptering».

Faktisk nemner ingen av dokumenta Signal, men det er ikkje poenget. I det underlege landet Cyberia – twilightsona der russiske etterretningsfolk held til – handlar cyberkrig i hovudsak om spreiing av desinformasjon under dekke av å leke klassifisert og hemmeleg informasjon.

Å vitje nettsida til WikiLeaks er å gå inn i troférommet til Cyberia. Her er «Hillary Clinton-e-postarkiv», der er «Podesta-e-postane». Ikkje alle dei lekne dokumenta er amerikanske, men du vil sjå fånyttes etter lekkasjar som er meinte å vere til skade for den russiske regjeringa. Julian Assange kan framleis gøyme seg i den ecuadorianske ambassaden i London, men han bur i Cyberia, som ein heidra gjest av Vladimir Putin.

I Washington er dei uroa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement