Klima

Ekstremtørke trugar Amazonas

Forskarar ropar eit kraftig varsku: Klimaendringane kan tørka ut regnskogen i Amazonas.

Husbåtane ligg stranda ved Puraquequara-sjøen ved Manaus i delstaten Amazonas i Brasil 5. oktober i fjor.
Husbåtane ligg stranda ved Puraquequara-sjøen ved Manaus i delstaten Amazonas i Brasil 5. oktober i fjor.Husbåtane ligg stranda ved Puraquequara-sjøen ved Manaus i delstaten Amazonas i Brasil 5. oktober i fjor.
Publisert

Vassmangel og ekstrem tørke – i Amazonas? Lenge vart det nærmast sett på som fiksjon. Men med varmerekordane i fjor nådde ekstremtørken regnskogen.

– Det er den verste tørken me har sett i Amazonas i nyare tid, kanskje den verste nokon gong, seier professor Tore Furevik, direktør for Nansensenteret i Bergen, til Dag og Tid.

– Elvar me aldri har sett tørrlagde, er no heilt tørka ut, seier forskar Suzette Flantua ved Universitetet i Bergen.

Fleire hundretusen menneske er ramma: Elvane som blir brukte som transportårer, tørkar ut, fisken døyr, skogen brenn, og brønnane tørkar ut.

– Klimaendringane forandrar alt. Det vil bli vanskeleg for oss å leva her, uttaler Maria Vanessa Tavares, ein 36 år gammal lærar som bur ved elva Rio Negro, i eit intervju med Al Jazeera.

Kva er det som skjer?

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel