Ekstreme tider

Klimaendringane kan gjere både tørkeperiodane og flaumane meir ekstreme i Europa, seier klimaforskar Marianne Tronstad Lund.

Frankrike er inne i den verste tørka som nokon gong er registrert i landet. Biletet viser ei uttørka sideelv til Loire i Loireauxence 16. august.
Frankrike er inne i den verste tørka som nokon gong er registrert i landet. Biletet viser ei uttørka sideelv til Loire i Loireauxence 16. august.
Publisert

Som om ikkje kontinentet hadde nok å stri med: Den ekstreme tørken i Sentral- og Sør-Europa har forverra kraftkrisa fordi franske atomkraftverk ikkje får kjølevatn, og driv matvareprisane vidare opp ved å øydeleggje avlingar.

Marianne Tronstad Lund er forskingsdirektør ved Cicero senter for klimaforsking.

– Krisene står verkeleg i kø i år. Kva er det å seie om tørken?

– Sommaren i år er spesiell av fleire grunnar. Det har vore ei rekkje hetebølgjer, særleg vest og sør i Europa. I tillegg var det ein tørr vinter og vår, difor var det alt i utgangspunktet lite vatn i elvane og i grunnen. Dermed blir effekten av varmebølgjene ekstra sterk.

– Kor uvanleg er tørken i Europa no?

– Det blir sagt at dette er den mest omfattande tørken i Europa på 500 år. Vi har sjølvsagt ikkje måledata som går så langt attende, temperaturseriane går berre attende til 1800-talet. Før det må vi basere oss på skriftlege kjelder og ulike typar data frå naturen. Men det er ikkje tvil om at denne tørkesommaren er noko langt utanom det vanlege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement