JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eksamensfusk som fortent

Jukset i høgare utdanning handlar ikkje om dårleg moral. Det er resultat av systemsvikt, meiner tidlegare høgskulerektor Håvard Teigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

12297
20240301

Fusk i system

Håvard Teigen er professor emeritus og tidlegare rektor ved Høgskolen i Innlandet.

22. februar publiserte han innlegget «Juksesakene er systemsvikt» i Khrono.

Der hevda Teigen av jukset i masteroppgåver er resultat av eit system som ikkje fungerer.

Han meiner vurderingssystema er for dårlege til å fange opp fusk.

Teigen hevdar at finansieringssystemet for høgare utdanning er ein del av forklaringa.

Frå 2018 til 2022 vart minst 3800 norske studentar straffa for fusk, skreiv VG i januar.

Utdanning

peranders@dagogtid.no

Denne vinteren har gjort skade på tilliten til både politikarane og utdanningssystemet i Noreg. Media har avdekt omfattande avskrift utan kjeldereferansar i masteroppgåvene til to statsrådar, og ein av dei måtte gå. Men avskriftene til Ingvild Kjerkol og Sandra Borch er knapt toppen av isfjellet. Tusenvis av norske studentar har late seg freiste til å ta snarvegar når dei skulle skrive masteroppgåve eller heimeeksamen. Frå 2018 til 2022 vart minst 3800 studentar straffa for fusk, skriv VG i januar. Om studentane ikkje har forferdeleg dårleg evne til risikovurdering, må vi gå ut frå at mange tusen fuskarar slapp gjennom utan å bli oppdaga. Det siste dryge året har dessutan såkalla generativ kunstig intelligens (KI) opna heilt nye høve for dei som vil jukse seg til ein grad.

Men dette handlar ikkje om moralsk svikt hos einskildstudentar. Heller ikkje om manglande kontroll ved einskilde institusjonar, meiner Håvard Teigen, professor emeritus i samfunnsplanlegging og tidlegare rektor ved Høgskolen i Innlandet. Problemet er at sjølve systemet for høgare utdanning stimulerer til juks i stort omfang, hevda han i eit innlegg i Khrono 22. februar, med tittelen «Juksesakene er systemsvikt».

Falske papir

Slik Teigen ser det, ligg problemet i måten studentane skal syne kunnskapane sine på. «Den grunnleggande systemsvikten er enkel: Eksamensoppgåvene kan skrivast heime og det er ikkje munnleg prøving som gjer at sensorane kan avsløre om kandidaten har skrive oppgåva sjølv», heiter det i innlegget. Sjølv trekte Teigen seg alt for 17 år sidan som sensor ved BI fordi høgskulen mangla mekanismar som hindra juks, fortel han. «Hundre-, ja, tusenvis av arbeidstakarar kan nå ha fått stilling og stand på grunnlag av falske papir. Mange har visst dette, men ingenting er gjort», skriv han.

Endringane i eksamenssystema skjedde på eit uheldig tidspunkt, skriv Teigen i innlegget: «På eit verst mogleg tidspunkt, da internett kom for fullt og faglege tekster kunne kopierast rett inn, vart det meir vanleg med heimeeksamen utan munnleg prøving. I startfasen brukte dei fleste heller ikkje plagiatkontrollprogram.»

Daverande forskings- og utdanningsminister Sandra Borch (Sp) trekte seg som statsråd i januar.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Nivåfall

Mykje av opphavet til den systemkrisa Teigen meiner å sjå, er å finne i den såkalla kvalitetsreforma av høgare utdanning, vedteken av Stortinget i 2001 og innført i åra etter. Reforma skulle effektivisere høgare utdanning, styrkje undervisninga og få studentane raskare gjennom utdanningsløpet. Universiteta skulle ikkje lenger vere stader der ein kunne «gå i år etter år og likevel ikkje bli til noko», som det heitte i romanen Sveve over vatna av Ragnar Hovland. Studentane skulle få tettare oppfølging og jamlege vurderingar undervegs. Dermed vart det lagt mindre vekt på store eksamenar på slutten av studieåret, og kravet om ekstern sensor vart droppa. Men trass i mange gode intensjonar førte kvalitetsreforma heller til nivåsenking enn til nivåheving, meiner Håvard Teigen.

– Kvalitetsreforma vart det stikk motsette av det namnet skulle tilseie. Det vart ei kvantitetsreform, seier Teigen til Dag og Tid.

– Meiner du at endringane av vurderingssystema har gjeve oss dårlegare utdanna studentar dei siste 20 åra?

– Eg trur veldig mange av oss som har jobba i sektoren, meiner at kvaliteten i utdanninga har falle. Hovudproblemet er at systemet ikkje sikrar at kandidatane har skrive oppgåvene sine sjølv. Ein fare no er at arbeidsgjevarane misser tillit til utdanningssystemet vårt.

– Vi som veit korleis systemet har vore, er større eller mindre syndarar alle saman.

Håvard Teigen, professor emeritus

Følg pengane

Når det ikkje har blitt gjort meir for å førebyggje juks ved universitet og høgskular, har det mykje med finansieringssystemet å gjere, hevdar Håvard Teigen i Khrono-innlegget sitt. Med kvalitetsreforma kom det òg marknadsmekanismar inn for å stimulere institusjonane til å gjere studieløpa raskare. «Vi fekk betalt for kvar uteksaminert student. Da galdt det å få flest mogleg studentar gjennom til minst mogleg kostnader. Munnleg eksamen er dyrt, ‘gammaldags’ skuleeksamen er også kostbart samanlikna tilsvarande heimeeksamen.»

Dermed vart økonomiske omsyn med på å skape meir rom for juks, meiner Teigen – og ikkje berre i form av avskrift.

Syndarar

– Da eg trekte meg som sensor, var det mykje fordi eg ikkje visste om studentane hadde skrive oppgåvene sine sjølve. Om det ikkje er munnleg eksamen, får ein ikkje sjekka det. Også dei faga vi normalt har mest tillit til, har svikta i kvalitetssikringa. Jusstudiet i Oslo og Bergen har til dømes ikkje munnleg prøve knytt til den vanlegaste forma for masteravhandling. Dei som har det rette nettverket eller kan betale andre for å skrive oppgåva for seg, får ein stor fordel, seier Teigen.

– Vi har statlege organ som skal sikre kvaliteten i høgare utdanning. Om du har rett, kvifor har ingen teke tak i problemet for alvor?

– Det er eit godt spørsmål. Det er tusentals som har visst at dette gjekk føre seg. Men ei forklaring er nok at vi som veit korleis systemet har vore, er større eller mindre syndarar alle saman, seier Teigen.

–?Håpet mitt er at når KI no kjem for fullt, kan det bli vendepunktet. No ser alle at vurderingssystema våre ikkje fungerer. Vi kan ikkje halde fram som før.

Endra eksamen

At det blir fuska i stort omfang ved norske universitet og høgskular, er heva over tvil. Men kor omfattande og alvorleg er jukset, og kor mykje svekkjer det den læringa som strevet med eksamenar og bachelor- og masteroppgåver var meint å føre til? Det veit ingen. Svaret vil òg i stor grad avhenge av kva fag og kva institusjon vi snakkar om. For sjølv om gradssystemet i Noreg vart standardisert med den såkalla Kvalitetsreforma, er systema for eksamen og andre typar vurdering av studentane framleis mangfaldige. Og mange studium nyttar seg framleis av vurderingsformer som gjev liten eller ingen fare for fusk.

Men trass i mangfaldet er eitt trekk tydeleg: Den skriftlege skuleeksamenen er på vikande front. I fjor laga Riksrevisjonen ein rapport om kvaliteten i høgare utdanning. Den synte at bruken av skriftleg eksamen ved universitet og høgskular vart redusert frå 41 prosent av studieemna i 2016 til 28 prosent i 2021. Dette kan dels forklarast med at skuleeksamen var vanskeleg å gjennomføre på grunn av pandemien, men nedgangen tok til før 2020, skriv Riksrevisjonen. I same periode auka bruken av heimeeksamen, som i 2021 vart nytta i nesten 20 prosent av studieemna.

Stykkpris

Kor godt råkar kritikken frå Håvard Teigen mot universiteta og høgskulane? Er det ein systemsvikt i sektoren? Fredrik Thue er professor i historie ved OsloMet og har universitetshistorie som eit spesialfelt. Han meiner mykje av kritikken er på sin plass.

– Rett nok er ikkje juks og plagiat noko nytt. Og heimeeksamen hadde eg sjølv på 1980-talet. Men sidan da har nettet gjort det mykje lettare å jukse. Samstundes er det lettare å avsløre juks – i alle fall var det det før ChatGPT kom. Men Teigen har rett i at det er perverse insentiv i måten systemet fungerer på, med stykkpris og teljekantar, seier Thue.

– Når mange fag har kutta munnleg eksamen, er det uheldig. I si tid var det gode grunnar til å flytte ressursar frå eksamen til undervisning. Men det er grunn til å ta ein fot i bakken no.

– Institusjonane har økonomiske insentiv for å få folk gjennom studia. Da løner det seg ikkje å vere for streng?

–? Nei. Og det kan føre til store kostnader dersom mange studentar klagar. Det kan gjere det lettare å vere slepphendt. Det verkar på meg som studentar kan sleppe unna med mindre arbeid enn før. Særleg er det stor skilnad på den gamle hovudoppgåva og dei svakaste av dagens mastergradar.

–?Har det skjedd eit nivåfall i høgare utdanning sidan den såkalla Kvalitetsreforma?

– Det er vanskeleg å seie. Men om ein har senka krava og det har vore lite kontroll med juks, er det ikkje usannsynleg.

– Korleis kan universitet og høgskular avgrense juks ved hjelp av kunstig intelligens?

– Ein måte er å slutte å oppfordre studentane til å skrive som ChatGPT gjer, og vurdere høgare den skrivinga som syner personleg bearbeiding. I årevis har studentar i samfunnsfaga blitt oppfordra til å følgje skrivenormer henta frå medisinsk og naturvitskapleg forsking. Den måten å skrive på freistar i seg sjølv til plagiat, seier Thue.

–?Om studentane tek attende språket, blir det lettare å sjå om det er ei sjel eller ei maskin som har skrive det. I tillegg må vi ha fleire skuleeksamenar utan nettilgang og bruke munnleg eksamen meir.

Ikkje så gale

Aksel Tjora, professor i sosiologi og styremedlem ved NTNU, har ofte kritisert målstyringa ved universitet og høgskular. Han meiner Håvard Teigen har fleire gode poeng i Khrono-innlegget.

– Marknadsorienteringa gjer at institusjonane må kjempe for studentar, og det har ein del uheldige konsekvensar. Når universiteta og høgskulane får betalt per studiepoeng, og kvart institutt skal tenkje som ei bedrift, gjev det insentiv for å få flest mogleg studentar gjennom med minst mogleg innsats. Eg er mest bekymra for kvaliteten på nokre av etter- og vidareutdanningane.

Når det gjeld studentvurdering og faren for juks, er Tjora mindre uroleg enn Teigen.

– Der synest eg han svartmålar litt. På sosiologi, der eg underviser, har vi munnleg også på bachelorgraden, med ekstern sensor, og vi har mykje diskusjon med studentane om oppgåvene deira undervegs. Om du er tett på i rettleiinga, merkar du det om ein student ikkje skriv oppgåva si sjølv. Men ein del andre institusjonar har nok effektivisert mykje meir enn vi har, seier Tjora.

– Finansieringa kan gje insentiv for å slakke på krava så fleire studentar kjem gjennom?

– Eg opplever ikkje at det skjer hos oss. Men det kan vere stor variasjon mellom ulike fag og institusjonar.

Tsunami

Ei som står midt i striden mot fusk ved NTNU, er Marit Reitan, prorektor for utdanning. For eit år sidan var ho svært uroleg over korleis KI kunne opne for juks. «Inntrykket er at universitets- og høyskolesektoren er truffet av en tsunami med roboter på surfebrett», sa Reitan til VG i januar i fjor. Men når Dag og Tid ringjer, er ho ikkje samd i at det er snakk om ei systemkrise.

– Teigen framstiller det som om ein ikkje kan prøve kunnskapen til studentane med heimeeksamen utan munnleg. Men eg meiner heimeeksamen framleis er ein valid måte å prøve kunnskap og dugleik på. Og det er ikkje slik at faglærarane tenkjer på inntektene til instituttet når dei lagar vurderingsformene. NTNU nyttar forresten alltid ekstern sensor på bachelor- og masteroppgåver.

– Eg trur vi har gode vurderingsformer, men kunstig intelligens er ei stor utfordring.

Marit Reitan, prorektor ved NTNU

– Men med dei nye måtane å jukse på er det vel vanskelegare å teste læringa og kunnskapen enn før?

– Eg trur vi har gode vurderingsformer, men kunstig intelligens er ei stor utfordring. Vi må finne oppgåver som er vanskelege å svare på ved hjelp av KI, som føreset sjølvstendig refleksjon. Og hovudtyngda av vurderinga hos oss er framleis skriftleg eksamen under tilsyn. Under pandemien hadde vi store utfordringar med juks fordi vi ikkje kunne halde slike eksamenar.

– Alt før KI vart tilgjengeleg, vart det avslørt fleire hundre tilfelle med juks årleg. Det tyder på at omfanget er svært stort?

–?Det er kanskje eit problem på landsbasis. Det totale omfanget har eg ikkje noko synspunkt på. Men inntrykket mitt er at det er ganske høgt medvit om rett kjeldebruk. Eg trur dette er noko dei fleste studentar er merksame på, ikkje minst etter sakene no i vinter.

– Da var kanskje masteroppgåva til Kjerkol godt for noko likevel?

–?Det har eg ingen kommentar til, seier Marit Reitan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis