Kommentar
Eit varsel om dramatiske tider
Drapet på Maga-aktivisten Charlie Kirk er berre eitt av mange teikn på at motsetnaden mellom høgre og venstre i Vesten blir skjerpa. Varsellampene blinkar.
Teikning: May Linn Clement
Den 22 år gamle Tyler Robinson hadde mest sannsynleg politiske motiv for å ta livet av Donald Trump-støttespelaren Charlie Kirk i førre veke. Skal ein tru det som så langt er kome fram frå etterforskinga, skal Robinson i meldingar til kjærasten sin ha sagt at Kirk spreidde for mykje hat og at han difor ville «ta han ut».
Etterforskinga vil venteleg avdekkja meir om dette dei neste dagane. Det som for lengst er sikkert, er at president Donald Trump og folka kring han gjer alt det dei kan for å klistra drapsmannen til ulike venstregrupper i USA. Rett etter drapet varsla Trump at han ville gå etter dei som hadde lagt det ideologiske grunnlaget for ugjerninga. Elon Musk, inntil nyleg ein av dei beste venene til Trump, skreiv til dømes på nettstaden sin, X, at venstresida var the party of murder, drapspartiet.
Vald frå båe sider
Regimet som no styrer i Washington DC, gjer med andre ord nøyaktig det motsette av det regjeringa til Jens Stoltenberg gjorde etter at Anders Behring Breivik hadde myrda 77 menneske i 2011: Det er berre massemordaren som er ansvarleg for ugjerninga, sa Stoltenberg den gongen. Den kloke handteringa til regjeringa Stoltenberg la grunnlaget for at den politiske debatten i Noreg kunne halda fram meir eller mindre som han var. Donald Trump legg derimot med fullt medvit opp til eit endå meir uforsonleg samfunnsklima i USA.
Dette skjer etter at den vestlege verda alt lenge har vore inne i ein prosess med bitrare politisk ordskifte og meir vald. Mellom 2020 og fram til no har det vore fleire drap og drapsforsøk på demokratiske politikarar i USA. I 2021 gjekk tilhengjarane til Donald Trump amok i den amerikanske kongressen og var nære ved å setja i verk eit statskupp. Men valden har ikkje berre råka venstresida og dei demokratiske institusjonane. I 2024 var det ikkje mindre enn to freistnader på å ta livet av Donald Trump.
Historia gjentek seg aldri, men ein epoke kan minna om ein annan. Den som har levd ei stund, hugsar våren 1968 då borgarrettsforkjemparen Martin Luther King og den demokratiske presidentkandidaten Robert F. Kennedy vart myrda. Dei amerikanske storbyane var prega av raseopptøyar, og universiteta var skaka av protestar mot Vietnamkrigen. Den 4. mai 1970 drap nasjonalgarden i Ohio fire studentar som demonstrerte mot krigen. Kommentarane var dystre: «Det er uvisst om det er noko USA etter dette», blei det sagt også i medium som normalt ikkje var kjende for å vera alarmistiske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.