Eit utbreidd krisetiltak

Tilleggsfôring av rein er rekna som ei naudløysing, men er langt frå uvanleg i Noreg.

Publisert

Frostating lagmannsrett meinte at tapet av beiteareal kring vindparkane på Fosen kunne kompenserast for med tilleggsfôring i innhegning på vinteren. Men slik vinterfôring «avviker vesentlig fra tradisjonell, nomadisk reindrift», slo Høgsterett fast, og det var usikkert om dette var sameinleg med «reineiernes rett til å utøve sin kultur». I tillegg var konsekvensane for dyrevelferda uklare.

Men sjølv om fôring av rein i innhegning er uvanleg i Noreg, har det vore vinterfôring av rein i ganske stor skala dei siste åra, særleg i Finnmark og Troms. Hovudårsaka er periodar med svært mykje snø eller eit islag på bakken som gjer det vanskeleg for reinen å finne mat – såkalla låste beite. Slike vêrforhold ser ut til å bli vanlegare, og kan vere ein del av klimaendringane. Både sist vinter og vinteren 2020 måtte norske reineigarar køyre ut fôr i store mengder til reinsdyra.

7000 tonn

Vinteren 2020 selde Felleskjøpet over 5000 tonn med kraftfôr til rein i Noreg. I fjor råka ei enda større beitekrise Finnmark, Troms og Nordland, og kring 150.000 reinsdyr var i fare. Da gjekk det ut meir enn 7000 tonn med kraftfôr til rein, i tillegg kom ei ukjend mengd med gras i rundballar.

I tillegg til slike kriser hender det òg at rein får tilleggsfôr av andre grunnar, går det fram av rapporten Tilleggsfôring i reindriften, som var resultat av ein nordisk workshop i 2020. Somme reineigarar fôrar reinen for å halde flokken meir samla og gjere overvakinga lettare der det er store problem med rovdyr. Dette blir meir og meir vanleg, ifølgje rapporten. Det er òg døme på fôring av rein i gjerde av same grunn. I somme tilfelle har rein òg fått tilleggsfôr på grunn av tapt beite til arealinngrep, fortel rapporten. Men i reindrifta i Noreg blir fôring sett på som ei naudløysing og noko ein helst vil unngå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement