Eit universitet i spagat
Nord universitet ville stramme opp strukturen slik departementet hadde gjeve instruks om. Resultatet vart eit distriktsopprør.
Folk møtte fram i tusental til støttemarkeringa på Festplassen i Namsos 30. april for å bevare Nord universitet.
Foto: Bjørn Tore Ness / Namdalsavisa / NTB scanpix
Når sjølv rockestjerner engasjerer seg i strukturreformer i Utdannings-Noreg, veit du at det står mykje på spel. I Namsos samla DDE nyleg kring 7000 menneske til protestkonsert mot varsla kutt i studietilbodet i byen, og i Nesna har artisten Ida Maria gått i front i kampen for å forsvare lærarutdanninga på heimstaden. Leiinga ved Nord universitet har utløyst eit distriktsopprør – ved å gjere det departementet bad om.
Rabalderet starta 24. april da det vart kjent at konstituert rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet ville ha store endringar i strukturen til dette spreidde universitetet, med sine ni studiestader i Nord-Trøndelag og Nordland. Rektoren ønskte mellom anna å legge ned studietilboda i Nesna og Sandnessjøen og å kutte tilboda i Namsos og Vesterålen til eit nettbasert minimum. Namsos skulle misse sjukepleieutdanninga, vernepleieutdanninga og paramedisin. Campusane i Bodø og Levanger skulle derimot styrkast. Ved å samle dei faglege kreftene skulle universitetet både spare pengar og styrke seg fagleg, håpa Hansen. Så braka protestane laus.
Brotne lovnader
Det er lett å skjøne vonbrota ved institusjonane som er i fare. Høgskolen i Nesna, med ein 101 år lang tradisjon for lærarutdanning, vart fusjonert med Høgskolen i Nord-Trøndelag og Universitetet i Nordland for berre tre år sidan. «Vi har blitt lurt og tvunget inn i en fusjon. I fusjonspapirene står det at alle studiesteder skal utvikles videre», sa Morten Mediå, tillitsvald for Forskerforbundet, til Forskerforum etter at innstillinga frå rektor kom.
Og det er fleire brotne lovnader her: I 2015 forsikra Bjørn Haugstad, daverande statssekretær i Kunnskapsdepartementet, at strukturreforma i universitets- og høgskulesektoren ikkje skulle føre til at studiestader vart lagde ned. Det skulle berre bli færre universitet og høgskular, sa Haugstad, som var sentral i arbeidet med å drive fram fusjonsbølgja medan Torbjørn Røe Isaksen var kunnskapsminister.
Dei som forsvarer lærarutdanninga i Nesna, kan dessutan vise til betre søkartal enn lærarutdanninga i Bodø, god gjennomstrøyming og gode studentevalueringar. Men ein rapport som universitetsleiinga tinga som grunnlag for omstruktureringa, la vekt på andre ting, mellom anna «fagmiljøer med lav forskningsproduksjon», «få kvalifiserte søkere til fornying av fagmiljøet», «svært lav tilgang på godt kvalifiserte studenter» og «svært høye kostnader til lokaler og infrastruktur».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.