Politikk
– Eit uansvarleg fleirtal
– Eg kjenner meg trygg på at folk veit at utan oss hadde den generelle innvandringa frå den tredje verda vore mykje høgre, seier Jon Helgheim frå Frp etter at partiet gjekk med på å henta 3000 kvoteflyktningar til Noreg neste år.
Jon Helgheim er innvandringspolitisk talsperson for Frp.
Foto: Frp
Framstegspartiet inngjekk tysdag ein budsjettavtale med regjeringa. AS Noreg offentleg sektor skal taka ut 14 milliardar til frå Oljefondet, vi skal framleis halda fram med å vera den staten i verda som tek mot flest kvoteflyktningar per innbyggjar, og vestlendingane får Stad skipstunnel, som truleg set noregsrekord i manglande samfunnsøkonomisk lønsemd. Frp er rett nok ikkje nøgd med avtalen. Partiet seier det står på sitt framlegg til alternativt statsbudsjett, men når det er røysta ned, kjem Frp til å røysta subsidiært for forhandlingsresultatet dei har fått til.
– Skulle USA taka mot relativt like mange kvoteflyktningar som Noreg, hadde det svara til 233.000. Dei tek mot 20.000. Ingen land er i nærleiken av å taka mot så mange som vi. Kva skal vi seia om at Frp går med på det?
– Det er ikkje til å koma forbi at i Noreg har vi eit fleirtal som er uansvarleg på dette feltet. Ja, vi er sjølvsagt sterkt mot å taka mot 3000, men for oss handlar det om totalen. Den har vi fått ned vesentleg. Det kjem langt færre flyktningar til Noreg enn før vi gjekk inn i regjeringa. Vi må 25 år attende for å finna like låge tal som no, og det skjer trass i at vi tek mot 3000 kvoteflyktningar per år.
– Men det er svært dyrt. Ifylgje Brochmannutvalet kostar ei kvinne i visse innvandrargrupper statskassa rundt 9–10 millionar gjennom livet.
– Det kostar vesentleg meir enn det om vi ser på dei som har flyktningbakgrunn. Ein mannleg flyktning som får opphald, kostar 19,3 millionar. Denne innvandringa er ekstremt dyr, og ho fører til at vi kan hjelpa langt færre ute i verda.
– Og likevel går de med på langt fleire kvoteflyktningar enn det tidlegare storting har ynskt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.