Eit tungrodd sjøforsvar
Sjøforsvaret er enda meir fragmentert enn den norske jernbanesektoren, meiner forskar Ståle Ulriksen.
For ein sivilist er det mykje som er vanskeleg å forstå i historia om fregattane. Korleis er det mogleg å investere nær 20 milliardar kroner i fem krigsskip utan å sikre seg reservedelar nok, og utan å lære opp og tilsetje nok mannskap til å halde skipa på sjøen og tryggleiken oppe?
Dessverre er ikkje fregattane noko eineståande tilfelle i det norske forsvaret, meiner Ståle Ulriksen, som er forskar og lærar ved Sjøkrigsskulen i Bergen.
– Noreg er generelt dårlege på å gjere forsvarsinnkjøp. I kontraktane med leverandør blir det gjerne skore ned på avtalane om reservedelar, i håp om å få mest mogleg for pengane. Så må til dømes fregattane kannibaliserast for å få nok delar til at nokre av fartya kan vere i drift.
– Det er djupt irrasjonelt å kjøpe så dyre ting om ein ikkje har råd til å bruke dei?
– Ja, men vi ser det same i Hæren. Det er ikkje ressursar nok til å drifte utstyret.
Fragmentert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.