Eit svik med store følgjer
USA har dolka kurdarane i ryggen. Dette sviket gjev grunn til uro også i eit Nato-land som Noreg, meiner Robert Mood.
FORLATEN: Dette biletet frå april 2018 viser ein soldat frå ein av militsane i Syrias demokratiske styrkar (SDF) ved ei amerikansk stilling i Manbij nord i Syria, nær grensa til Tyrkia. Kurdiske styrkar har vore leiande i alliansen SDF, og dei har lidd dei største tapa i kampen mot IS. USA har hjelpt SDF med våpen, trening og etterretning. No har president Trump gjeve Tyrkia grønt lys for å gå til åtak på SDF og okkupere store område inne i Syria.
Foto: Hussein Malla / AP / NTB scanpix
FORLATEN: Dette biletet frå april 2018 viser ein soldat frå ein av militsane i Syrias demokratiske styrkar (SDF) ved ei amerikansk stilling i Manbij nord i Syria, nær grensa til Tyrkia. Kurdiske styrkar har vore leiande i alliansen SDF, og dei har lidd dei største tapa i kampen mot IS. USA har hjelpt SDF med våpen, trening og etterretning. No har president Trump gjeve Tyrkia grønt lys for å gå til åtak på SDF og okkupere store område inne i Syria.
Foto: Hussein Malla / AP / NTB scanpix
Utanriks
peranders@dagogtid.no
På søndag gav president Donald Trump grønt lys for ein tyrkisk innmarsj i det nordlege Syria. Og på onsdag starta den tyrkiske hæren åtaket på den kurdiskdominerte militsen som har vore USAs viktigaste allierte i kampen mot terroristgruppa Den islamske staten (IS). Dette er eit svik som kan få store konsekvensar for Midtausten, Nato og verda, meiner Robert Mood. Han er i dag president i norske Raudekrossen, og har tidlegare vore generalinspektør for Hæren, øvstkommanderande for FN-observatørane i Syria og norsk representant i Militærkomiteen i Nato.
– Kurdarane i Syria har kjempa saman med USA mot Daesh (det arabiske namnet på IS, red. merk.), og dei har ofra tusenar av liv i denne kampen. Kurdarane hadde håp om at USA ville løne dei med å gje støtte til kurdisk autonomi. I staden valde amerikanarane å dolke dei i ryggen, seier Mood. Han peikar på at denne krisa har ei svært lang forhistorie.
– Da det osmanske riket kollapsa etter første verdskrigen, lova britane og franskmennene at kurdarane skulle få sin eigen stat. Men dei lovnadene sprang stormaktene ifrå. Kurdarane i Syria har sett ein sjanse for at uretten som vart gjort for hundre år sidan, endeleg skulle bli retta opp. I staden blir dei svikne igjen. President Erdogan ønskjer å ta knekken på dei kurdiske styrkane i Syria.
Sviket mot dei syriske kurdarane kan endre synet på USA som alliansepartnar også andre stader i verda, trur Mood.
– Det som skjer no, gjev grunn til uro også i land som Noreg. Vi trur det er sjølvsagt at USA kjem oss til unnsetning om vi verkeleg treng det. Men USA viser seg no som ein upåliteleg ven. Ein nær alliert som har ofra tusenar av liv på slagmarka, blir sviken. Dette kan føre til at mange av USAs vener rundt i verda blir usikre på kva det eigentleg er verd å vere alliert med USA. Minst 25 land har basert seg på at USA vil kome dei til hjelp om det trengst. Og om amerikanarane misser truverdet, er det alvorleg både for USA og for ei rekkje statar rundt i verda.
Stille i båten
Det tyrkiske åtaket reiser òg spørsmål ved rolla til Nato, meiner Mood.
– Nato sit svært stille i båten no. Eg trur dei aller fleste folkerettsekspertar vil sjå dette åtaket som eit brot på folkeretten og FN-pakta. Det har ikkje skjedd noko på grensa mellom Syria og Tyrkia som rettferdiggjer eit tyrkisk åtak. Men Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg peikar ikkje på at dette er brot på folkeretten. Han snakkar i staden om at Tyrkia har «legitime tryggingsinteresser». Det står i kontrast til det som blir sagt når andre statar gjer liknande ting i nabolanda sine.
– Det som skjer no, fortel at Tyrkia, Europa og USA har svært ulike oppfatningar av kva som gjev tryggleik. Tyrkarane ser på kurdisk nasjonalisme som eit mykje større trugsmål enn IS?
– Absolutt. Og tyrkarane har eit trumfkort overfor Europa: Dei kan regulere straumen av syriske flyktningar inn til EU. Det er lite håp om at europeiske land kan kome inn og bidra vesentleg i denne situasjonen. Samtidig er dette Europas nære nabolag, og det som skjer i Midtausten, påverkar Europa. På sikt må europeiske land bidra meir sjølv til utviklinga, i staden for berre å sjå på at USA, Tyrkia og Russland spelar ut interessene sine i regionen. Men det er vanskeleg å seie korleis det kan skje.
– Det er nærare fire millionar syriske flyktningar i Tyrkia. Erdogan har sagt rett ut at om EU ikkje godtek det han vil gjere i Syria, kjem han til å opne portane for flyktningar som vil vestover?
– Ja, og det er ein effektiv trussel som gjer inntrykk på dei andre Nato-landa.
– Erdogan har òg sagt at han vil deportere kring ein million syriske flyktningar inn i områda som Tyrkia har tenkt å okkupere nord i Syria. Det vil endre folkesetnaden i området radikalt?
– Det kjem i så fall ikkje til å skje utan motstand. Ei slik forflytting vil endre demografien heilt, det er eit åtak på den kurdiske identiteten, og det vil undergrave sjansane for kurdisk autonomi i dette området. Men akkurat det er jo eit uttalt mål for Tyrkia, som ser på sjølve den kurdiske identiteten som eit trugsmål mot den tyrkiske staten.
IS er ikkje døde
Dei kurdisk-dominerte styrkane til SDF erobra den siste bastionen til IS i Syria i mars i år. Men det finst framleis mindre IS-grupper på frifot i Syria, og det sit tusenar av IS-krigarar i fangeleirane til den kurdiskdominerte militsen SDF.
– Kan vi frykte at den tyrkiske invasjonen gjev IS ein sjanse til å byggje seg opp att?
– Det er for tidleg å seie, men vi kan sjå for oss fleire moglege konsekvensar av det tyrkiske åtaket: Om vi får ein ny humanitær katastrofe med store flyktningstraumar, kan det gje grunnlag for ny rekruttering til IS. Og om dei kurdiske styrkane i Syria no vil slåst mot tyrkarane, kan det svekkje tryggleiken ved fangeleirane der IS-krigarane sit. Kampen mot Tyrkia vil truleg få førsteprioritet.
Fleire tusen framandkrigarar frå europeiske land sit i i fangeleirar nord i Syria. Europa kunne ha gjort langt meir for å avlaste SDF, meiner Mood.
– Europa burde ha teke attende framandkrigarane sine og rettsforfølgt dei i landa der dei er statsborgarar. Vi kan tenkje oss korleis det ville vore om situasjonen var motsett: Det ville vore interessant å lese oppslaga det ville skapt i europeiske aviser. Dei europeiske landa toar hendene sine og vil verken ta imot syriske flyktningar eller sine eigne statsborgarar som reiste ut på valdelege eventyr i Midtausten.
Forvitring
– Sjølv innanfor Nato-alliansen ser vi no medlemsland handle på tvers av interessene til kvarandre. Er dette nok eit steg mot ei multipolar og kaotisk verd der alliansar veiknar og kvart land handlar for seg?
– At dei store landa tek seg til rette på kostnad av dei små, er ikkje noko nytt. Men at eit Nato-land angrip ein annan stat, i strid med FN-pakta, med stillteiande aksept frå generalsekretæren i Nato og med godkjenning frå presidenten til USA, er alvorleg. Mest truleg klarer ikkje Tryggingsrådet å vedta nokon effektiv resolusjon. I så fall er det nok ei stadfesting av at dei overnasjonale institusjonane ikkje fungerer godt nok. Det vi treng, er forpliktande overnasjonale avtalar. Men grunnlaget for slike avtalar forvitrar stadig meir.
– Samtidig kan ein sjå på hendingane i Syria som eit resultat av demokratiske val. Trump lova å trekkje ut amerikanske styrkar frå krigar i andre land, og Erdogan har lova å få ut mange av dei syriske flyktningane frå Tyrkia?
– Ja, Trump er vald, og Erdogan er vald. Vi får kanskje dei politiske leiarane vi fortener. Og det er ein trend i retning av at demokratiet blir meir prega av direkte dialog mellom valde leiarar og kjerneveljarane deira. Kanskje Trump og Erdogan gjennomfører det dei har lova. Men det som skjer no, undergrev FN-pakta, folkeretten og det overnasjonale systemet som president Woodrow Wilson dreiv fram for hundre år sidan. USA var ein pådrivar for ein internasjonal orden som skulle verne dei små landa. Og no gjer USA sitt beste for å rive dette systemet i filler. Dei internasjonale institusjonane og rettsordenen blir no svakare for kvar månad som går, seier Robert Mood.
– Ein nær alliert som har ofra tusenar av liv på slagmarka,
blir sviken.
Robert Mood,
tidlegare generalinspektør for Hæren
Ny krig i Syria
Onsdag gjekk den tyrkiske hæren inn i Syria
Tyrkia vil lage ei kring 30 kilometer brei «tryggingssone» på syrisk territorium
Det nordaustlege Syria er kontrollert av Syrias demokratiske styrkar (SDF)
Kurdarar er leiande i SDF, men militsen har òg soldatar med mellom anna arabisk og assyrisk bakgrunn
SDF skal ha mista kring 11.000 soldatar i kampen mot terrorgruppa IS
USA og andre Nato-land har samarbeidd tett med SDF i kampen mot IS
På søndag gav president Trump grønt lys for eit tyrkisk åtak på SDF