Eit språklaust parti
Den som vil finna ut kva Arbeidarpartiet har planlagt i neste stortingsperiode, gjer klokt i å lesa noko anna enn partiprogrammet.
Drep meg, herre konge, men ikkje med Arbeidarpartiets program ... På side tre dukkar den fyrste heilsetninga opp, det er òg den mest interessante. Ho har litteraturhistorisk flukt over seg: «Roger Ingebrigtsen har ikke deltatt i avslutningsfasen av komiteens arbeid.» Som det stod i dei klassiske møtereferata i Flåklypa Tidene: «Gabrielsen var ikke til stede.»
All politisk makt i Noreg renn gjennom Ap, difor burde programmet vera sentrallyrikk for det politiske Noreg. Det er programmet ikkje. Det er nær uforståeleg. Vel er Ap i utgangspunktet eit sosialistisk parti, men meiner dei slikt som dette: «Velferden dreier seg grunnleggende sett om menneskelige relasjoner. Vi ønsker ikke å la markedet avgjøre menneskelige relasjoner.» Nei, sjølvsagt meiner dei ikkje dette, marknaden skal framleis få avgjera svært så mange menneskelege relasjonar. Kvifor skriv dei det likevel då? Jau, truleg av di dei meiner det høyrest fint ut. Det gjer òg det dei meiner om skattesystemet. «Arbeiderpartiet vil ha et skatte–?og avgiftssystem som gir stabile inntekter til fellesskapet, fremmer sysselsetting, rettferdig fordeling og et betre miljø.» Kven vil ikkje arbeida for slikt noko?
Kva og kvifor
Ja, alle partiprogram er fulle av ting som alle kan vera samde i, men ingen program har så mykje av slikt som Ap. Og kor interessant er det i lengda for fiskaren å tenkja over kva havet er for noko, og kvifor han er der ute? Politikk er ikkje det alle er samde om, politikk er i hovudsak fordeling av knappe gode. Men fordeling er kontroversielt, og kontroversar vil Ap unngå. Difor vil dei òg halda «de samlede skattene og avgiftene på samme nivå som i dag», som igjen må tyda at dagens skattenivå er det mest rettvise nokon gong.
Ap vil i staden vurdera. Ap vil til dømes «vurdere et utvidet HMS-ansvar i konsern og franchiseforhold», dei vil òg «vurdere hvordan det kan motvirkes at bruk av anbud i offentlig sektor svekker ansattes pensjonsvilkår», og det trass i at dei er mot at marknaden skal avgjera menneskelege relasjonar. Stimulera er også bra, særleg til konkurranse: Ap vil «stimulere til videreutvikling av toppidrettens prestasjonskultur og verdier». «Anbud», prestasjonskultur og motstand mot marknad og konkurranse, det er Ap, det. For ikkje å gløyma: Ap vil «arbeide for en offentlig sektor som er opptatt av service og individuelt møter hver enkelt innbygger.»
Kan media
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.