Kommentar

Eit skot for nynorskbaugen

Ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Lom vil òg svekke nynorsken på Austlandet.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule tilbyr restaurant- og matfag. På Lom er Arne Brimi ein nestor, også språkleg.
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule tilbyr restaurant- og matfag. På Lom er Arne Brimi ein nestor, også språkleg.
Publisert

Den vidaregåande skulen i Lom er den einaste vidaregåande skulen i Innlandet der eit fleirtal av elevane har nynorsk som hovudmål. I forslaget til endringar for skulestrukturen i Innlandet er den vidaregåande skulen i Lom føreslått nedlagd. Med det vil nynorsken miste ein viktig institusjon som bidreg til å styrke det nynorske skriftspråkets posisjon på Austlandet.

Den vidaregåande skulen i Lom rekrutterer i hovudsak elevar frå Lom, Skjåk og Vågå. Dette er kommunar som har nynorsk som administrasjonsspråk, og der elevane har nynorsk som hovudmål i grunnskulen. Gamle Oppland er det fylket på Austlandet der nynorsken har størst utbreiing. Allereie i 1899 innførte Lom nynorsk som skulemål. Skjåk fylgde etter i 1907. Nynorsken held framleis stillinga i Ottadalen. Lenger sør i Gudbrandsdalen har han blitt svekt utover 2000-talet.

Dei siste 10–15 åra har skulen i Lom opplevd at nynorsken har styrkt sin posisjon blant elevane. Tidlegare skifta om lag halvparten av elevane til bokmål som hovudmål når dei starta på vidaregåande. Dei siste åra har 80–90 prosent av elevane halde fast ved nynorsk. For fleire av elevane har dette vore eit bevisst val. Dei ynskjer å halde fram med nynorsk som hovudmål, dei vil ha lærebøker på nynorsk og ytrar ynske om at lærarane brukar nynorsk i undervisinga. Når elevane i Lom skriv uttaler i skulesaka, skriv dei uttalene på nynorsk.

Kultur for nynorsk

Årsakene til at nynorsken står sterkare blant ungdommane på den vidaregåande skulen i Lom, kan vera mange. Mitt inntrykk er at fleire ungdommar er meir stolte over dialekten og tilknytinga til bygdene i dag enn tidlegare. Dei har blitt meir bevisste på å bruke dialekt og nynorsk. Å tale dialekt og å vera frå bygda ser ut til å ha blitt «kulare».

Lom, Skjåk og Vågå har ein stolt diktararv. Olav Aukrust, Tor Jonsson, Tore Ørjasæter, Jan-Magnus Bruheim og Ragnvald Skrede nytta alle nynorsk i diktinga si. I nyare tid har vi forfattarar som Ragnhild Kolden og Magnhild Bruheim som skriv på nynorsk. På ungdomsskulane får dei lokale forfattarane meir merksemd enn tidlegare, med eigne opplegg kvart år. Kanskje har dette bidrege positivt til å styrke nynorsken og til at den oppveksande generasjonen blir meir bevisste på diktararven og skriftkulturen i bygdene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement