Helse
Eit seigliva sjukehus
Trass i vonbrotet i Hurdal: Sp-politikar Jan Bøhler nektar å gje opp kampen for Ullevål sjukehus.
Demonstrasjonen for Ullevål sjukehus sist tysdag samla kring 2000 menneske i Oslo. Jan Bøhler framførte sin eigen kampsong for sjukehuset framfor Stortinget.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Motstanden veks mot planane om å leggje ned Ullevål og byggje nytt storsjukehus på Gaustad. På tysdag demonstrerte nesten 2000 menneske i Oslo for Ullevål. Blant dei var politikar Jan Bøhler, som gjekk frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet hausten 2020, mellom anna på grunn av denne saka. Han er òg styremedlem i aksjonen Redd Ullevål sykehus.
– På demonstrasjonen tysdag song du ein sjølvskriven song med linene: «Det er hjertet i Oslo sin sjel/ uten det blir ikke byen vår hel». Kvifor er Ullevål så viktig?
– Det er mange grunnar til det. Ullevål er eit veldig godt sjukehus, det er ryggrada i helsetilbodet i Oslo, med gode fagmiljø. Eitt av dei er traumeteamet på Ullevål, som har redda så mange offer for vald eller ulukker. Helse Sør-Øst vil stykke opp dette fagmiljøet mellom Gaustad og eit utvida Aker sykehus. Vi vil at Aker skal vere lokalsjukehus for bydelane i Groruddalen.
– Handlar forsvaret av Ullevål òg om nostalgi?
–?Nei. Det er så mange fagleg gode grunnar til å ta vare på Ullevål. Alle fagforeiningane ved sjukehusa i Oslo er med oss i kampen. I demonstrasjonen på tysdag hadde vi med både Carl I. Hagen frå Frp og ordførar Marianne Borgen frå SV. Dette er ei slik sak der engasjementet berre blir sterkare etter kvart, fordi argumenta er så gode.
– Men eit nytt storsjukehus på Gaustad, blir ikkje det minst like bra som slitne Ullevål?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.