Eit rom for alleOm truslar får drive folk vekk frå offentlegheita, er det eit farleg tilløp til fascisme, meiner
Om truslar får drive folk vekk frå offentlegheita, er det eit farleg tilløp til fascisme, meiner Shabana Rehman Gaarder.
I fjor var Shabana Rehman Gaarder med på å starte stiftinga Født fri. Frå venstre: Nancy Herz, Laial Ayoub, Sofia Nesrine Srour, Maria Khan, Iram Haq, Amal Aden og Shabana Rehman.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix
Denne veka trekte den unge debattanten Sumaya Jirde Ali seg frå 8. mars-markeringa i Bergen og frå eit bibliotekarrangement i Oslo. Ali skal ha motteke truslar og har dei siste vekene vore utsett for grovt sjikanøs omtale på nettstaden Resett. Også statsministeren engasjerte seg i saka denne veka: «Det er helt uakseptabelt at Sumaya utsettes for negativ sosial kontroll fra nett-troll på ytterste høyre», sa Erna Solberg til Klassekampen tysdag.
– Når ei ung kvinne trekkjer seg frå eit 8. mars-arrangement på grunn av truslar, er det særs alvorleg. På kvinnedagen burde det vere ekstra enkelt å gripe mikrofonen, seier Shabana Rehman Gaarder.
– Same kva dag på året det er: Om eit menneske i eit fritt land som Noreg må trekkje seg frå offentlege arrangement på grunn av truslar, må vi handtere det som vårt felles samfunnsproblem. Alt anna vil vere eit farleg tilløp til fascisme og sensur, og det må vi aldri akseptere.
Eit rom for alle
Rehman Gaarder har sjølv opplevd mykje av hets, sjikane og truslar sidan ho vart ei tydeleg røyst i samfunnsdebatten for snart 20 år sidan. Ho har vore ein krass kritikar av tvangsgifte, sosial kontroll og såkalla æreskultur i innvandrarmiljø. Men ho har òg sparka i mange andre retningar som skribent og komikar, og har blitt utsett for hets og truslar frå både konservative muslimar og høgreekstreme.
– Sumaya Jirde Ali er truande muslim og har ein annan politisk posisjon enn du har. Men du kan truleg kjenne deg att i mykje av det ho opplever no?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.