Kommentar
Eit regime føre undergangen?
Sommaren 2025 har det iranske folket ein eineståande sjanse til å kvitta seg med prestestyret som har halde landet i eit jarngrep i snart eit halvt hundreår.
Farvel? Ayatolla Ali Khamenei vinkar til medlemer av den inste krinsen av iranske styresmakter i Teheran på eit møte i mai.
Foto: Iranske styresmakter / Wana / Reuters / NTB
Fyrst øydela Israel Hamas på Gazastripa, deretter Hizbollah i Libanon. Så fall Assad-regimet i Syria. Då var det berre eit spørsmål om tid før den israelske leiinga vende seg mot sjølve hovudfienden: presteregimet i Iran.
Eit åtak på Iran, anten frå israelsk eller amerikansk side, har lege i lufta i eit par tiår. I 2007 fekk forfattaren av desse linene for fyrste og einaste gongen journalistvisum til Iran. At regjeringa til president George W. Bush på den tida vurderte eit åtak på Iran for å stansa atomvåpenprogrammet, var noko mange rekna med. Eit hovudmål med reportasjereisa mi var å finna ut kva folk i Iran tenkte om ein snarleg krig med Israel og/eller USA. At desse to landa ikkje kunne leva med eit Iran væpna med atomvåpen, var ei vedteken sanning.
Det synte seg den gongen at folk flest i Iran – så langt det var mogleg å finna ut – ikkje var altfor opptekne av den komande krigen. Dei iranarane som det var mogleg å koma i kontakt med utan at dei offisielle oppassarane var til stades, hadde meir enn nok av anna i kvardagen å uroa seg for. Dei som derimot uroa seg, var styresmaktene.
Då underteikna saman med ein fotograf frå Aftenposten køyrde i bil langs den høge fjellkjeda som ligg rett vest for atomanlegget i Natanz, lurte me oss til å ta nokre fotografi av fjella. Få minutt etter var bilen me sat i, omringa av revolusjonsgardistar med hylande sirener. Det bar i veg til den nærmaste byen og til politistasjonen der. Då eg orsaka meg med at me berre hadde teke bilete av eit fjell, såg politisjefen på meg:
– Trur du at eg trur at du er så dum at du ikkje visste kva du tok bilete av, spurde han.
Mot at alle bileta av fjellet føre atomanlegget i Natanz blei sletta frå minnebrikka, slapp me å overnatta i det lokale fengselet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.