Eit politisk rollebyte
Rasespørsmål har forma amerikansk politikk svært lenge. Det politiske kartet over USA er ein arv frå borgarrettstriden i 1960-åra.
President Lyndon B. Johnson møter Martin Luther King Jr. etter å ha signert lova som gav afroamerikanarar røysterett i 1965. President Lyndon B. Johnson møter Martin Luther King Jr. etter å ha signert lova som gav afroamerikanarar røysterett i 1965.
Foto: NTB scanpixFoto: NTB scanpix
Vi har blitt vande med kartet som syner valresultata i USA, det er nokolunde det same kvar gong: Blått demokratisk ved kystane i vest og nordaust, eit hav av republikansk raudt imellom, og nokre vippestatar hist og her der resultatet kan svinge båe vegar. Det som er sikkert, er at folk på landsbygda og i sørstatane i USA røystar republikansk, medan storbyane røystar demokratisk. Men i hundre år var demokratane det dominerande partiet i sørstatane og på bygda i USA. Så snudde borgarrettsstriden i sekstiåra opp ned på det politiske landskapet.
Frå Abraham Lincolns tid og heilt fram til 1960-åra var republikanarane generelt meir positive til borgarrettskampen til afroamerikanarane enn demokratane var. I det demokratiske partiet fanst det òg progressive krefter, men sørstatsdemokratane var innbitne tilhengjarar av raseskiljet. Og dette var eit viktig grunnlag for den politiske dominansen deira: I dei hundre åra som følgde borgarkrigen, rådde demokratane grunnen i sørstatane.
Likevel vart det sørstatsdemokraten Lyndon B. Johnson – som sjølv lenge hadde forsvart raseskiljet – som dreiv gjennom borgarrettslova i 1964 og røysterettlova i 1965. I Kongressen var det fleire demokratar enn republikanarar som røysta mot borgarrettslova. Det blir hevda at president Johnson på kvelden etter å ha signert lovforslaget skal ha sagt: «Vi har mista sørstatane for ein generasjon.» Det sitatet er truleg mytisk, men det vart òg profetisk – bortsett frå at det var for optimistisk. Det har gått meir enn ein generasjon sidan 1964.
Rollebyte
Det demokratiske partiet kollapsa i sørstatane etter dette. Svært mange leiande sørstatsdemokratar forlét partiet, og mange av dei gjekk over til republikanarane. Den viktigaste av dei var senator Strom Thurmond frå Sør-Carolina, som vart ein sentral rådgjevar for Richard Nixon, og var med på å utforme ein sørstatsstrategi for republikanarane. Dei neste åra inntok det republikanske partiet i sør langt på veg den same reaksjonære posisjonen i rasespørsmål som demokratane hadde hatt før. Og sidan tidleg i 1970-åra har republikanarane stort sett hatt kontroll i sørstatane. I presidentval er Jimmy Carter og Bill Clinton dei einaste demokratane som har gjort større innhogg i den republikanske bastionen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.