Eit parti kjenneteikna av løgnerDet første året mitt som kommentator i The New York Times fekk eg ikkje lov til
Det første året mitt som kommentator i The New York Times fekk eg ikkje lov til å nytte ordet «løgn».
Toget av immigrantar som går mot USA, hadde utgangspunkt i Honduras.
Foto: Jose Moreira / Reuters / NTB scanpix
Det året fall saman med presidentvalet i 2000. Kandidaten George W. Bush jr. var faktisk systematisk uærleg om dei økonomiske framlegga sine med å seie usanne ting om kven som ville tene på skattekutta hans, og kva privatiseringa av trygdesystemet ville føre til. Men førestellinga om at ein presidentkandidat frå eit stort parti kunne gå frå å lage ein vri på noko til beint fram å lyge, var nærast utenkjeleg. Og det å seie det var sett på som å gå langt over streken.
Det er openbert at forbodet ikkje lenger gjeld for denne spalta, og store medieorganisasjonar syner ein aukande vilje til å peike på blanke usanningar. Men dei jagar eit mål i rørsle, for løgnene vert berre større og større og meir omfattande. Faktisk er det slik at valkampbodskapen til det republikanske partiet berre består av løgner; det er vanskeleg å kome på ei einaste sanning dei satsar på.
Og ja, dette er eit republikansk problem (og det gjeld ikkje berre Donald Trump). Demokratar er ikkje helgenar, men dei driv valkamp i hovudsak på verkelege saker og står stort sett for det dei hevdar å stå for. Republikanarar gjer ikkje det. Og den totale uærlegdomen i den republikanske valagitasjonen burde i seg sjølv vere ei avgjerande politisk sak, for slik det no er, definerer han karakteren til partiet.
Kva er det republikanarar lyg om? Som eg sa, nesten alt. Men det er to store tema. Dei lyg om agendaen sin, ved å late som om politikken deira skal hjelpe middel- og arbeidarklassen, når han i røynda gjer det motsette. Og dei lyg om problema USA står overfor, ved å blåse opp eit imaginært trugsmål frå lettskremde, mørkhuda menneske, og i aukande grad knyter dette trugsmålet til jødiske konspiratorar. Begge desse løgntypane er rotfesta i den verkelege agendaen til partiet.
Det republikanarane i røynda står for, og har gjort i mange tiår, er å kutte skattane for dei rike og skjere ned på sosiale program. I fjor klarte dei å banke igjennom eit svært skattekutt som først og fremst gjaldt store selskap og dei rike. Partiet mangla berre éi røyst på å få til ei helse-«reform» som, ifølgje Kongressens budsjettkontor, ville ha fått 32 millionar amerikanarar til å miste helseforsikringa si.
Problemet til det republikanske partiet er at denne agendaen er djupt upopulær. Dei fleste amerikanarar ønskjer ikkje kutt i viktige sosiale program, og fleirtalet av veljarane vil auke, ikkje redusere, skatten for selskap og einskildpersonar med høge inntekter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.