Eit paradigmatisk val i Danmark
Motvinden kan snu når strategar bruker jukselappar og partia låner klede av kvarandre.
Statsminister og leiar for det liberale partiet Venstre Lars Løkke Rasmussen møtte leiar for Socialdemokratiet Mette Frederiksen til debatt på danske TV2 19. mai.
Foto: Mads Claus Rasmussen / Reuters / NTB scanpix
Mette Frederiksen er noko så uvanleg som ein sosialdemokrat i medvind. Ho skil seg i stil frå dei fjonge forgjengarane Ritt Bjerregaard og Helle Thorning-Schmidt. Ho er like velutdanna, men mindre velkledd, og ho ber med seg ein ervd aura av arbeidarklasse.
Føremålsparagrafen er den same («Socialdemokratiet arbejder for de demokratiske, socialistiske ideers udbredelse og anerkendelse»), men partiet har lagt kursen kraftig om på to felt: strammare innvandringspolitikk og klarare klassepreg i velferdspolitikken – etter mottoet: For å forsvara gode og universelle velferdsordningar for danskar må ein ha tettare grenser mot folk frå universet utanfor.
PARADIGMESKIFTE blei introdusert i vitskapsteorien i 1962 av Thomas Kuhn i boka The Structure of Scientific Revolutions. Han brukte omgrepet om eit systematisk skifte i måten å tenka på som får stort gjennomslag og rekkevidde. I allmenn språkbruk har det kome til å stå for ei endring som er så djup og gjennomgripande at det er eit epokeskifte.
Paradigmeskifte er ein varm kartoffel i dansk politikk. Det blir brukt om dei omfattande innstrammingane på utlendingsområdet i Lov 140, som Løkke Rasmussens regjering fekk gjennom med støtte frå Dansk Folkeparti og Socialdemokratiet.
Byråsjefen meiner Mette Fredriksen har stole klede frå Dansk Folkeparti og droppa flyktningmoten. Med det har sosialdemokratane vunne tilbake mange røyster frå høgre, men tapt til venstrepartia som dei må ha støtte frå for å få regjeringsmakt etter valet på nasjonaldagen komande onsdag.
I ULIKE HISTORISKE sløyfer og med skiftande søskenkjærleik har dei større og relativt stabile partia i Danmark nære slektningar i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.