Havbrot

Høgt spel om havbotnen

Vi treng ikkje havbotnminerala, hevdar Helge Ryggvik i ei ny bok. Han spør om utvinningsiveren kan knytast til norske oljeinteresser kring Svalbard.

Sulfidprøve henta opp frå Mohnsryggen av Sokkeldirektoratet i 2019.
Publisert

I fleire tiår har Helge Ryggvik, historikar og seniorforskar ved Universitetet i Oslo, skrive om norsk oljehistorie, oljepolitikk og oljeøkonomi. No har han retta auga mot andre verdiar i det mørke djupet, havbotnminerala, som den sitjande regjeringa har ivra etter å undersøkje med tanke på framtidig leiting, utvinning og vinst.

Denne veka kom boka På dypt vann, som blant anna tek for seg korleis Noreg kom til å stille seg fremst i rekkja av utvinningsviljuge land internasjonalt ved å opne for ei kontroversiell verksemd i eit ukjent terreng, større enn landarealet til Storbritannia.

Vi får òg historia om havbotnminerala, som første gong vart henta opp under ein fire år lang britisk vitskapsekspedisjon med skipet HMS «Challenger» i 1870-åra.

Den første politiske interessa for havbotnminerala kom til overflata rett etter andre verdskrigen, då president Harry S. Truman gjorde hevd på kontinentalsokkelen utanfor kysten av USA, ikkje berre for å sikre seg tilgang til olje, men òg mineral.

Møtte entusiastar

Eg møter Ryggvik i 10. etasje på det samfunnsvitskapelege fakultetet på Blindern, der ein kan sjå det meste av hovudstaden ovanfrå som på eit kart. Ryggvik er tilsett ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur, men ideen om å studere havbotnmineral nærare fekk han i 2022 under Novemberkonferansen i Brasil, eit årleg arrangement for brasilianske og norske politikarar, forretningsfolk og forskarar innan energisektoren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement