Kommentar

Eit oljefyrt autokrati

Etter 27 år med krig fekk Angola ein oljerikdom som aldri har blitt fordelt.

Bilen med den balsamerte landsfaderen José Eduardo dos Santos køyrer strandpromenaden gjennom Luanda i ei statleg gravferd i august 2022.
Publisert Sist oppdatert

Laurdag den 27. august 2022 må ha vore ein av dei mest ikoniske augneblinkane i den 20-årige fredshistoria Angola hadde opplevd fram til då. Eg stod på den elegante strandpromenaden i Luanda, O Marginal, og såg eit enormt opptog av hestar, svarte limousinar og motorsyklar. Dei omgav likbilen som frakta den balsamerte landsfaderen, «fredsarkitekten» som han likte å bli omtalt som, José Eduardo dos Santos.

I levande live var han også arkitekt for denne Dubai-inspirerte signaturpromenaden. Bakanfor kan ein skimte eit dusin halvferdige skyskraparar, som eit skrikande teikn på at Dubai-draumen brått tok slutt då oljeboomen sprakk.

Omstridt val

Berre tre dagar før var etterfølgjaren hans, João Lourenço, blitt attvald i eit omstridt val. I vekene før det, midt i valkampen, hadde det vore eit veritabelt slagsmål om liket, i noko som mest likna ein magisk realistisk roman, mellom familien og regjeringa.

Striden stod om han skulle fraktast heim frå sjukehuset i Spania, slik at etterfølgjaren, som hadde rokke å leggje seg ut med dei fleste borna til dos Santos, kunne få sole seg i gravferdsglansen og kanskje vinne stemmer på det. Overraskande få av innbyggjarane i hovudstaden stod langs gata for å ta eit siste farvel.

Overraskande få – under 50 prosent – var det òg som møtte opp ved valet for å stemma på fem nye år for Lourenço. Medan opposisjonen skreik ut om valjuks og meinte at dei hadde prov på å ha vunne valet, erklærte den offisielle valkommisjonen at regjeringspartiet MPLA så vidt hadde halt sigeren i land med 51 prosent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement