Eit mystisk fall i Barentshavet
Det er neppe dei vanlege mistenkte som står bak nedgangen til torsken i nord.
peranders@dagogtid.no
Kva er grunnen til at den nordaustarktiske torskestammen på berre eit tiår gjekk frå å vere rekordstor til å vere faretrugande liten? Havforskingsinstituttet (HI) er bra sikre på at det ikkje er overfiske som er hovudårsaka, sjølv om fiskepresset har vore høgare enn det burde vore dei siste åra. Det ser heller ikkje ut til at klimaendringar ligg bak: Dei høge temperaturane i Barentshavet frå tidleg på 2000-talet såg ut til å vere berre ein fordel for torsken, mellom anna fordi beiteområda vart større når isen trekte seg attende.
Det store problemet ligg derimot i rekrutteringa, fortel forskar Bjarte Bogstad ved HI. Sjølv om gytebestanden var stor i 2018, 2019 og 2020, voks skuffande lite av yngelen opp i desse åra. Desse årsklassane skulle no ha utgjort ein stadig større del av torskefangstane, men dei er altså for lite talrike til å bidra særleg.
Havforskarane har enno inga sikker forklaring på at desse årgangane vart så svake, men ein hypotese er at det var matmangel i ein avgjerande fase. I mai og juni skal det normalt kome mykje vatn frå Norskehavet inn i Barentshavet med store mengder dyreplankton. Dei siste åra har forskarane sett at denne innstrøyminga har vore svakare, og det har blitt mindre dyreplankton sør i Barentshavet. Kanskje har dette ført til at torskelarvane ikkje har fått den maten dei trong til rette tid. Men det er neppe noka einskildforklaring som ligg bak fallet i torskebestanden, understrekar Bjarte Bogstad.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
peranders@dagogtid.no
Kva er grunnen til at den nordaustarktiske torskestammen på berre eit tiår gjekk frå å vere rekordstor til å vere faretrugande liten? Havforskingsinstituttet (HI) er bra sikre på at det ikkje er overfiske som er hovudårsaka, sjølv om fiskepresset har vore høgare enn det burde vore dei siste åra. Det ser heller ikkje ut til at klimaendringar ligg bak: Dei høge temperaturane i Barentshavet frå tidleg på 2000-talet såg ut til å vere berre ein fordel for torsken, mellom anna fordi beiteområda vart større når isen trekte seg attende.
Det store problemet ligg derimot i rekrutteringa, fortel forskar Bjarte Bogstad ved HI. Sjølv om gytebestanden var stor i 2018, 2019 og 2020, voks skuffande lite av yngelen opp i desse åra. Desse årsklassane skulle no ha utgjort ein stadig større del av torskefangstane, men dei er altså for lite talrike til å bidra særleg.
Havforskarane har enno inga sikker forklaring på at desse årgangane vart så svake, men ein hypotese er at det var matmangel i ein avgjerande fase. I mai og juni skal det normalt kome mykje vatn frå Norskehavet inn i Barentshavet med store mengder dyreplankton. Dei siste åra har forskarane sett at denne innstrøyminga har vore svakare, og det har blitt mindre dyreplankton sør i Barentshavet. Kanskje har dette ført til at torskelarvane ikkje har fått den maten dei trong til rette tid. Men det er neppe noka einskildforklaring som ligg bak fallet i torskebestanden, understrekar Bjarte Bogstad.
Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø