Eit møte med norsk IS På rundreisa i Nord-Syria møtte eg ein norsk . Eit skremmande møte. Eg meiner kvinna er ein farleg terrorismeaktivist.

På rundreisa i Nord-Syria møtte eg ein norsk IS-entusiast. Eit skremmande møte. Eg meiner kvinna er ein farleg aktivist.

Miljøet rundt Profetens Umma har rekruttert krigarar og IS-aktivistar i Noreg. Her frå ein demonstrasjon i Oslo i 2012.
Miljøet rundt Profetens Umma har rekruttert krigarar og IS-aktivistar i Noreg. Her frå ein demonstrasjon i Oslo i 2012.
Publisert

Alle veit at norske statsborgarar myrdar og drep for kalifen i Den islamske staten (IS). Nokre ligg igjen på slagmarka. PST meiner 100 har reist frå Noreg. Soufan Group, som i fjor gav ut rapporten Bak kalifatet, meiner 1910 har reist frå Frankrike. Libanesaren Ali Soufan oppretta Soufan Group, som no har hovudkvarter i New York.

Fransk terror

Kvart land har si terrorhistorie. Frankrike har kanskje mest å slite med. Politisjefen i Paris, Maurice Papon, gav i 1961 politiet ordre om å skyte mot ein fredeleg algerisk demonstrasjon. Ein politimann som vitna for Det franske instituttet for studiar av nasjonalt forsvar, sa at politiet «jakta og skaut på alt som rørte på seg». Dei drap rundt 200. President de Gaulle heidra Papon med Æreslegionen. Så vart Papon i 1988 dømd for deportering av 1560 jødar til gasskammer i Hitler-Tyskland. Fransk rasisme mot algeriarar kan ha gitt IS betre rekrutteringsgrunnlag.

Norsk IS

Noreg er annleis. Miljøet rundt Profetens Umma har likevel rekruttert krigarar og IS-aktivistar. IS-kvinna eg møtte, høyrer truleg til den siste gruppa. Lenge budde ho komfortabelt i ein norsk koloni i den arabiske byen Shaddadi. Norsk lov har ikkje stort skilje mellom IS-krigarar og IS-entusiastar.

Ho forsvarar IS-terroren. Men vel kanskje andre ord om norske medium møter henne. Ho kan media. Sjølv reiste ho til Syria det året IS massakrerte og kidnappa tusentals jezidikvinner nokre få mil frå flyktningleiren. Konfrontert med dette svarar ho med ein lett latter. Inntrykket mitt er at ho meiner massakren var ein grei hemn fordi dei vantru jezidiane i hundreår hadde drive terror mot muslimar. Du finn knapt eit meir forkvakla syn på islam og ei verre historieforfalsking.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement