Kommentar
Eit mogleg sluttspel i Syria
Opprørarane i Syria kan ikkje velte Assad-regimet. Men dei kan presse fram eit sluttspel i den lange borgarkrigen.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB
Kommentar
Ikkje før var krigen mellom Israel og Hizbollah stogga av ein våpenkvileavtale, så eksploderte det i nabolandet til Libanon. I Syria braut islamistiske opprørarar ut frå enklaven Idlib i nordvest, og i løpet av eit par dagar hadde dei teke kontroll over store område.
Aleppo, den største byen i landet, er no for første gong under full kontroll av opprørarane. Dei har òg kontroll med fartsåra mot sør, og trugar byen Hama. Da sjiamuslimske Hizbollah vart vengjeklipt, kom dei sunnimuslimske opprørarane i Syria på offensiven.
Syria er framleis ei geopolitisk heksegryte. Her har styrkar frå Russland, USA og Storbritannia, Tyrkia og Iran stått i kvar sine hjørne og halde IS i sjakk og borgarkrigen nede. USA er inne i kurdiske område i nordaust mot Irak, og held òg sikkerhetssona Al-Tanf i sør mot Jordan. Utanfor desse områda opererer irakisk sjiamilits under iransk kommando. Amerikanske styrkar skal ut av Irak innan oktober 2025 etter avtale med Irak, men USA har nyleg indikert at operasjonen i Syria kan vare til september 2026.
I nord har Tyrkiasikra seg ei buffersone på rundt 10 km inne på syrisk jord, ei sone Erdogan vil utvide til eit 30 kilometer breitt demilitarisert belte i ein framtidig fredsavtale. Tyrkarane vil at dei kurdiske områda i Tyrkia og Syria skal skiljast klart frå kvarandre. Vest i Syria har Russland hamnebasen Tartus og flybasen Hmeymim. Russarane har støtta Assad i borgarkrigen sidan 2015, både mot IS og mot sunnimuslimske opprørarar.
Då gjenstår Idlib i nordvest, eller «Syrias Gaza». I 2016 vart Tyrkia og Russland einige om å evakuere dei siste opprørarane frå Aleppo. Dei vart frakta til Idlib-provinsen saman med familiane sine. I Idlib bur det no rundt 3,2 millionar menneske – dei fleste flyktningar frå andre stader i Syria, og sterke motstandarar av Assad-regimet. Tyrkia har arbeidd med å samle pragmatiske syriske jihadistar i provinsen under paraplyen HTS (Hayat Tahrir al-Sham). Tyrkia, Iran og Russland har alle stått mellom dei syriske opprørarane og det syriske regimet og halde dei frå kvarandre. Det gjer dei ikkje lenger.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.