JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit lite steg mot ein EU-stat

Pandemien gjer det utenkjelege mogleg: Tyskland går inn for at EU kan ta opp felles lån.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
LÅNEVILJE: Angela Merkel og Emmanuel Macron heldt ein sams pressekonferanse over videolink 18. mai der dei la fram forslaget om at EU skal kunne ta opp felles lån.

Foto: Kay Nietfeld / AP / NTB scanpix

8932
20200626

Bakgrunn

I mai opna den tyske regjeringa for at EU kan låne pengar i den internasjonale finansmarknaden

Til no har EU ikkje hatt høve til å ta opp felles lån

Kanslar Angela Merkel og den franske presidenten Emmanuel Macron foreslår at EU kan låne 500 milliardar euro

Pengane skal gå til eit «atterreisingsfond» etter koronapandemien

EU-kommisjonen vil i tillegg gje kriselån på opptil 250 milliardar euro

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Som så mange par har erfart når dei skal kjøpe seg bustad for første gong, er det eit stort steg å ta opp banklån i lag. Gjelda bind folk saman, og sams gjeld er eit prov eller ei prøve på den gjensidige tilliten mellom partane.

Innanfor Den europeiske unionen har ein slik tillit ikkje vore til stades – i alle fall fram til i vår, da koronakrisa råka Europa og kalla på ekstreme tiltak. 18. mai forbløffa den tyske kanslaren Angela Merkel mange da ho opna for at EU skulle kunne ta opp lån i dei internasjonale finansmarknadene, slik sjølvstendige statar kan. Føremålet skal vere å få økonomien i EU-landa på fote att etter koronasjokket. Og om dette forslaget blir realisert, gjer det brått EU litt meir likt ein føderalstat.

Tospann

Merkel la fram ideen om eit lånefinansiert «koronafond» saman med den franske presidenten Emmanuel Macron, som lenge har ivra for at EU skal kunne låne pengar i fellesskap. Framlegget frå dei to var at EU-kommisjonen skulle låne 500 milliardar euro til eit «atterreisingsfond» for EU. Desse pengane skal ikkje lånast ut til medlemslanda, dei skal gå til støttetiltak og betalast ut over EU-budsjettet. I tillegg skal kommisjonen sjølv plusse på med 250 milliardar euro i kriselån. Til saman inneber dette nær ei dobling av EU-budsjettet dei neste åra. Og lånekostnadene skal fordelast etter same brøk som EU-budsjettet i dag, det vil seie at giganten Tyskland får den største børa med 27 prosent.

Om desse framlegga kjem til å kome heilskinna gjennom vedtaksprosessane i EU-systemet i sommar, er uvisst. Naturleg nok er ideen populær i Sør-Europa, men velståande EU-land som Nederland, Austerrike, Sverige og Danmark er svært skeptiske. Likevel er det eit viktig gjennombrot at det viktigaste og mektigaste landet i EU no går inn for å late unionen ta opp felleslån, for tyskarane har kjempa med nebb og klør mot denne ideen i så mange år.

Harde vilkår

At Angela Merkel i prinsippet ønskjer eit tettare samarbeid i EU, er i og for seg ikkje noko nytt. Det er nærare ti år sidan ho slo fast at EU på sikt burde bli ein politisk union med eit større fellesbudsjett og mindre suverenitet for medlemsstatane. Men Merkel har vegra seg for å leggje pengar på bordet for å følgje opp slike idear. I Tyskland har det vore intens motstand mot å hefte for gjelda til dei langt svakare økonomiane i Sør-Europa. Og gjennom det lange, smertefulle etterspelet etter finanskrisa i 2008 stod Merkel på ei hard line overfor økonomisk skakkøyrde land som Hellas.

Finanskrisa gjekk rett over i ei gjeldskrise som har knua Hellas i over ti år, og Tyskland gav ikkje ved dørene: Det følgde harde vilkår om budsjettdisiplin med hjelpepakkane frå EU-kommisjonen, Den europeiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF). Sletting av gjeld sat langt inne for tyskarane. Sjølv da leiinga i IMF i 2017 meinte at slike grep måtte til fordi den greske gjelda framleis var uhandterleg, stritta Tyskland imot.

Mjukt hjarte

Og no er det altså nye tider. Etter mange år som Europas strenge bokhaldar og prinsippryttar støttar den tyske regjeringa eit felles låneopptak for EU. Dermed kan tyske skattebetalarar bli medansvarlege for lån som går til mindre nøkterne statar i sør. Kvifor har Merkel skifta line? Det svirrar mange forslag til forklaringar i europeisk presse. Somme meiner ho vart påverka av den openlyse nauda koronakrisa har skapt, på liknande vis som under flyktningkrisa i 2012. «Hjartet til Merkel ser ut til å ha mjukna», skreiv Der Spiegel nyleg.

Ei anna forklaring kan vere at ho har ein samarbeidspartnar ho stolar på i EU-president Ursula von der Leyen, som har vore statsråd i regjeringane til Merkel gjennom 14 år. «Utan tillit ville ikkje dette ha vore mogleg», har von der Leyen sjølv sagt til Der Spiegel om saka. Og frå 1. juli skal Tyskland ha formannskapet i EU. Dermed får tyskarane ekstra god kontroll med utforminga av ei eventuell låneordning.

Siste sjanse

Kanskje har òg erfaringane med den strenge lina overfor Hellas og andre land etter finanskrisa spela ei rolle for Merkel. Den enorme gjeldsbøra var med på å gjere krisa svært langvarig og smertefull. Resesjonen i Hellas vart den mest langvarige som nokon moderne stat har sett, og Tyskland fekk kritikk frå mange hald for den harde lina overfor grekarane.

Nok ei mogleg forklaring: Koronakrisa har tvinga også det nøkterne Tyskland til å leggje fram lånefinansierte bergingspakkar. 5. juni presenterte den tyske regjeringa ein pakke på 130 milliardar euro for å halde hjula i gang i tysk økonomi.

Sist, men ikkje minst: Kan hende ønskjer rett og slett Merkel å forsterke EU-samarbeidet. Brexit var eit hardt slag for unionen. Når USA no viser seg som ein upåliteleg alliert, og når det totalitære Kina blir stadig meir sjølvhevdande, kan det òg i seg sjølv gje argument for å styrkje EU. Og takk vere den vellukka tyske handteringa av pandemien er ho i ein sterk posisjon til å handle: Oppslutnaden hennar har skote i vêret dei siste månadene. Om Merkel skal etterlate seg eit sterkare EU, er det no ho har sjansen. Neste år går ho etter alt å døme av.

Skavankar

Men om felles låneopptak er nokon kur for problema til EU, står att å sjå. Optimistane vonar i det minste at framlegget frå Merkel og Macron kan bøte litt på ein av dei alvorlege, strukturelle skavankane i EU-samarbeidet. Innføringa av ein sams valuta utan ein sams budsjett- og finanspolitikk for EU var eit hasardiøst steg, det visste økonomane lenge før den monetære unionen vart vedteken. Overføringsmekanismane mellom ulike delar av unionen var altfor puslete. Og etter finanskrisa i 2008 vart konsekvensane av euroen enda verre enn det mange pessimistar hadde spådd.

Om Hellas og dei andre kriseråka landa hadde hatt eigen valuta, kunne dei ha devaluert. Om EU hadde vore ein føderalstat, kunne ein ha nytta dei føderale budsjetta til å hjelpe dei hardast råka medlemslanda. Men slike summar rådde ikkje EU-kommisjonen over. Og sjølv om Merkel og Macron no har opna for at EU i fellesskap kan låne 500 millionar euro til ein koronapakke, er det ikkje gjeve at det fører til ei vidare utvikling mot ein føderalstat. Det kan òg løyse ut forsterka motstand frå dei som meiner integreringa allereie har gått for langt. I Tyskland har til dømes nokre av krisetiltaka frå Den europeiske sentralbanken vekt sterke og fagleg tunge protestar.

Støttekjøp

EU er framleis langt frå å vere ein stat, men Den europeiske sentralbanken (ECB) liknar mykje på institusjonar som verkelege statar held seg med. Og da alvoret i covid-19-pandemien viste seg i vår, handla ECB på same vis som til dømes sentralbanken i USA gjorde. ECB har opna for å kjøpe obligasjonar – både statsgjeld og selskapsgjeld – for 1,35 billionar euro i løpet av året. Målet er å halde rentene nede og hjula i gang i økonomien.

Denne politikken tok ikkje til med koronapandemien. Støttekjøpa byrja i kjølvatnet av finanskrisa og skulle stø opp under skrøpelege økonomiar som den italienske og den greske – og euroen sjølv. Men obligasjonskjøpa har vekt sterke protestar i Tyskland, mellom anna i form av ei sak reist for den tyske forfatningsdomstolen. Saka har rulla og gått i fleire år, og 2. mai i år landa domstolen i Karlsruhe på at obligasjonskjøpa til ECB var i strid med tysk lov, fordi verken den tyske regjeringa eller parlamentet har godkjent støttekjøpa. Kva følgjer denne dommen får, er enno uvisst.

Motstand

Denne rettssaka er berre eitt døme på motstanden det kan vekkje om EU på dette viset tek eit nytt steg i retning av ein føderalstat. Om planen med den monetære unionen frå start hadde vore at kvart EU-land måtte svare for gjelda til dei andre, ville ikkje Tyskland ha blitt med i eurosamarbeidet. Og dei EU-skeptiske og EU-fiendtlege partia rundt i Europa kjem truleg til å mobilisere intenst mot at EU skal ta opp felles gjeld og utvide budsjetta sine.

Men kanskje har koronakrisa gjeve Merkel og Macron det handlingsrommet dei treng. Sjølv om folk rundt i EU var svært lite imponerte over bidraga frå unionen da covid-19 herja som verst, er det for tida eit klart fleirtal for eit tettare EU-samarbeid: I ei ny meiningsmåling i EU-landa denne veka, publisert i The Guardian, svarte 63 prosent av dei spurde at pandemien syner behovet for eit sterkare samarbeid mellom regjeringane i EU.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Tyskland har det vore intens motstand mot å hefte for gjelda til dei langt svakare økonomiane i Sør-Europa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis