Eit lite steg mot ein EU-stat
Pandemien gjer det utenkjelege mogleg: Tyskland går inn for at EU kan ta opp felles lån.
LÅNEVILJE: Angela Merkel og Emmanuel Macron heldt ein sams pressekonferanse over videolink 18. mai der dei la fram forslaget om at EU skal kunne ta opp felles lån.
Foto: Kay Nietfeld / AP / NTB scanpix
Som så mange par har erfart når dei skal kjøpe seg bustad for første gong, er det eit stort steg å ta opp banklån i lag. Gjelda bind folk saman, og sams gjeld er eit prov eller ei prøve på den gjensidige tilliten mellom partane.
Innanfor Den europeiske unionen har ein slik tillit ikkje vore til stades – i alle fall fram til i vår, da koronakrisa råka Europa og kalla på ekstreme tiltak. 18. mai forbløffa den tyske kanslaren Angela Merkel mange da ho opna for at EU skulle kunne ta opp lån i dei internasjonale finansmarknadene, slik sjølvstendige statar kan. Føremålet skal vere å få økonomien i EU-landa på fote att etter koronasjokket. Og om dette forslaget blir realisert, gjer det brått EU litt meir likt ein føderalstat.
Tospann
Merkel la fram ideen om eit lånefinansiert «koronafond» saman med den franske presidenten Emmanuel Macron, som lenge har ivra for at EU skal kunne låne pengar i fellesskap. Framlegget frå dei to var at EU-kommisjonen skulle låne 500 milliardar euro til eit «atterreisingsfond» for EU. Desse pengane skal ikkje lånast ut til medlemslanda, dei skal gå til støttetiltak og betalast ut over EU-budsjettet. I tillegg skal kommisjonen sjølv plusse på med 250 milliardar euro i kriselån. Til saman inneber dette nær ei dobling av EU-budsjettet dei neste åra. Og lånekostnadene skal fordelast etter same brøk som EU-budsjettet i dag, det vil seie at giganten Tyskland får den største børa med 27 prosent.
Om desse framlegga kjem til å kome heilskinna gjennom vedtaksprosessane i EU-systemet i sommar, er uvisst. Naturleg nok er ideen populær i Sør-Europa, men velståande EU-land som Nederland, Austerrike, Sverige og Danmark er svært skeptiske. Likevel er det eit viktig gjennombrot at det viktigaste og mektigaste landet i EU no går inn for å late unionen ta opp felleslån, for tyskarane har kjempa med nebb og klør mot denne ideen i så mange år.
Harde vilkår
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.