JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit land i spagat

I fleire tiår har britiske politikarar lova å få ned innvandringa. Samtidig har Storbritannia blitt stadig meir avhengig av innvandrarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den 4. august gjekk valdelege demonstrantar i Rotherham til åtak på eit hotell brukt til å hyse asylsøkarar. Dei siste vekene har det vore opptøyar og demonstrasjonar i meir enn 20 britiske byar.

Foto: Reuters / NTB

12323
20240816
12323
20240816

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Drapet på tre småjenter i Southport 29. juli og det falske ryktet om at drapsmannen var ein muslimsk asylsøkar, utløyste eksplosjonar av gatevald meir enn 20 ulike stader i Storbritannia. Til saman var fleire tusen menneske med, og i Tamworth og Rotherham i Nord-England sette mobben fyr på to hotell der asylsøkarar var innkvarterte. Ordskiftet om dei skremmande opptøyane dei siste vekene har følgt kjende spor, både blant britane og her i landet.

Somme meiner at raseriet er forståeleg, til og med uunngåeleg, eit resultat av frustrasjon over stor innvandring, mislukka integrering og opplevinga av å bli utkonkurrert på arbeidsmarknaden. Andre meiner valden er driven fram av muslimhatarar og rasistar på ytre høgre fløy som spreier løgner og hat på nettet og skaper lynsjestemning. Noko av skulda blir òg lagt på politikarar som Nigel Farage, leiaren for det høgrepopulistiske partiet Reform UK, som har innvandringsmotstand som hovudsak.

Ein tredje variant er å sjå opptøyane som nærast apolitiske, omtrent som den britiske hooliganismen kring fotballen på 1980-talet: Valden, spenninga, kampane mot politiet og kjensla av samhald blir mål og meining i seg sjølv.

«Både næringslivet og universiteta i Storbritannia tener på å få inn flinke folk frå heile verda.»

Fleire sanningar

Men desse forklaringane er ikkje gjensidig utelukkande. Det er slett ikkje gjeve at ei innvandring som den Storbritannia har opplevd, skal føre til valdelege opptøyar eller forsøk på å brenne ned asylhotell. Hatefull propaganda kan vere kraftfull og farleg effektiv.

På andre sida er det heller ikkje gjeve at det skal få slike enormt destruktive verknader at nokon spreier framandfrykt og muslimhat på nettet. Liknande idear sirkulerer i svært mange land i verda. Om det ikkje fanst grobotn for raseriet, særleg i fattige bydelar i Storbritannia, kunne neppe opptøyane fått slikt omfang.

Og det er ikkje tvil om at ein betydeleg minoritet i Storbritannia er svært negativ til innvandringa. Det viste seg mellom anna i parlamentsvalet 4. juli, da Reform UK fekk heile 14 prosent av røystene.

Ingen kan vite kor viktige dei ulike faktorane har vore for den britiske valdsbølga. Men for å skjøne meir av bakgrunnen, er det nyttig å sjå nærare på nokre av realitetane i innvandringa til Storbritannia – ikkje berre på omfanget, men òg på karakteren til innvandringa, og korleis ho påverkar den britiske økonomien.

Rekordinnvandring

Ein ting er klar: Dei siste to åra har immigrasjonen til Storbritannia vore den største nokon gong. Ifølge den offentlege statistikken var det i 2022 ei nettoinnvandring på kring 764.000 personar, og i fjor var talet 685.000.

Innvandringa til Storbritannia har ikkje berre auka, men har òg endra karakter dei siste åra. Fram til 2019 kom fleirtalet av immigrantane frå EU-land. No kjem over 80 prosent frå land utanfor EU. Dei fem største opphavslanda blant innvandrarar til Storbritannia i fjor – EU-land ikkje medrekna – var India, Nigeria, Kina (særleg Hongkong), Pakistan og Ukraina.

Berre 11 prosent av innvandrarane som kom til landet i fjor, var asylsøkarar eller folk som fekk humanitært opphald. Majoriteten kom som arbeidsinnvandrarar, studentar eller som familie til folk med arbeids- eller studentvisum i Storbritannia.

Innvandringa viser godt att i befolkninga. I 2021, året for den siste folketeljinga i Storbritannia, var 16 prosent av dei busette i landet fødde i ein annan stat. Det er eit høgt tal, men ikkje ekstremt i europeisk målestokk. Det er òg svært likt situasjonen i Noreg: Her er no 16,8 prosent av befolkninga fødde i eit anna land, ifølge SSB.

Sidan 2021 har innvandringa auka prosentdelen av utanlandskfødde litt til i Storbritannia, men han er framleis på same nivå som fleire andre vesteuropeiske land, til dømes Tyskland og Frankrike.

«For Rishi Sunak var løysinga å ri to hestar, slik forgjengarane hans hadde gjort.»

Hard brems

Også tidlegare innvandringsbølger har sett sitt preg på Storbritannia. I dei første tiåra etter krigen kom det mange arbeidsinnvandrarar frå dei tidlegare koloniane som var ein del av Det britiske samveldet, særleg frå India, Pakistan og dei karibiske øyane.

I toppåret 1961 kom det 125.000 «samveldeimmigrantar» til Storbritannia, og utviklinga skapte uro både i opinionen og blant politikarane. Året etter vedtok parlamentet ei ny lov som stramma kraftig inn på rettane til innvandring frå Samveldet. Dei neste tiåra var innvandringa til Storbritannia mykje lågare. Mellom 1964 og 1994 gjekk inn- og utvandringa omtrent i null, og i lange periodar var det netto emigrasjon frå Storbritannia.

Så byrja innvandringa å auke att, og dei siste 30 åra har tala gått stadig oppover. Det kom fleire asylsøkarar enn før, det kom fleire utanlandske studentar, og ikkje minst kom det fleire arbeidsinnvandrarar til Storbritannia – både frå EU og frå andre delar av verda.

Bratt opp

Det store rykket kom litt etter tusenårsskiftet, syner den offisielle statistikken. I 1999 var nettoinnvandringa til Storbritannia på 163.000 personar. I 2004, året da EU fekk ti nye medlemsland, immigrerte det 268.000 fleire enn dei som emigrerte. I 2015, året da eit fleirtal røysta for brexit, hadde nettotalet auka til 329.000. Etter dette gjekk innvandringa noko ned, og i pandemiåret 2020 fall ho bratt, for så å gå enda brattare opp att. I rekordåret 2022 hadde Storbritannia som alt nemnt ei nettoinnvandring på heile 764.000 personar (totalt kom over 1,2 millionar innvandrarar til landet det året).

Om vi ser på dei akkumulerte tala, hadde Storbritannia 5,3 millionar innbyggarar fødde i eit anna land i 2004. I fjor var talet 10,3 millionar, nær det dobbelte. Dette er ei stor demografisk endring på ganske kort tid. Somme hevdar at den raske auken i seg sjølv kan forklare mykje av sinnet og framandfrykta som har vist seg i sommar.

Annleisland

Men vel så viktig som talet på innvandrarar er dette: Korleis innrettar dei seg, dei folka som kjem til eit land, og korleis påverkar dei økonomien og samfunnet? I så måte har Storbritannia nokre interessante særtrekk – og dei fleste er ikkje av det negative slaget.

Både innvandrarane til Storbritannia og barna deira har i snitt meir utdanning og høgare inntekt enn gjennomsnittet, og dei bidreg meir til staten og økonomien enn innvandrarar i dei aller fleste land, synte ein gjennomgang i Financial Times i april i år. Dette er òg det generelle biletet i andre engelsktalande land som Australia, Irland, Canada og til dels USA. I dei aller fleste land i Europa er biletet motsett: Både innvandrarar og barna deira er fattigare og har mindre utdanning enn gjennomsnittet.

Dei engelsktalande landa har openberre fordelar på grunn av språket, som gjer dei meir attraktive for mange engelsktalande med høg utdanning og særskilde kvalifikasjonar verda over. Men dette forklarer neppe alt.

Mindre krim

Medan fattigdomsraten blant innvandrarar har falle i Storbritannia dei siste åra, har han auka i til dømes Frankrike, Nederland og Sverige. I dei anglofone landa er kriminaliteten blant både innvandrarane og barna deira lågare enn gjennomsnittsbefolkninga, i resten av den vestlege verda er det motsett.

Den store innvandringa til Storbritannia dei siste tiåra har heller ikkje medført ein generell auke i kriminaliteten. Britisk statistikk tyder på at det er 80 prosent færre tilfelle av valdskriminalitet i landet no enn det var i 1995, om ein justerer for folketalet. Her skal vi ta atterhald om at kriminalitetsstatistikkar ikkje alltid gjev eit korrekt bilete. Men også drapstala har falle i denne perioden, og slike brotsverk blir politimelde. Lite tyder på at Storbritannia generelt har blitt farlegare dei siste tiåra.

Seleksjon

Noko av dette kan tolkast som ein nokså hard dom over både europeisk integreringspolitikk generelt og dei nordiske velferdsstatane spesielt: Det ser ut til at den nokså harde «søkk-eller-svøm»-tilnærminga i land som Storbritannia og USA fører ei meir vellukka integrering. Men det er ikkje temaet no. Meir relevant for denne artikkelen er det at integreringa i Storbritannia på mange måtar går betre enn ein kan få inntrykk av gjennom media.

Mykje av forklaringa ligg truleg i meir seleksjon av kven som får kome. Både næringslivet og universiteta i Storbritannia tener på å få inn flinke folk frå heile verda og har i praksis gjort seg avhengige av konstant høg innvandring. Universiteta nyttar til dømes skulepengane frå utanlandske studentar til å subsidiere studieplassane for britar, som betaler mykje mindre.

Avhengig

Ikkje minst er det britiske helsevesenet heilt avhengig av importert arbeidskraft – til liks med det norske. 36 prosent av legane og 30 prosent av sjukepleiarane i Storbritannia kjem no frå andre land, skreiv The Guardian i februar, og andelen har auka raskt dei siste åra. Til dømes kjem 10 prosent av sjukepleiarane og 8 prosent av legane ved britiske sjukehus frå India.

Og utan innvandring ville det britiske BNP truleg ha krympa i fjor, i staden for å få ein vekst på 0,7 prosent. Til liks med mange andre land har Storbritannia hatt mangel på arbeidskraft i åra sidan pandemien.

Makro og mikro

Her ligg det ei forklaring på at stadig fleire har fått har kome til landet, trass i at toryane i kvar valkamp sidan 1990-talet har lova å få ned innvandringa: For britisk økonomi i makroperspektivet er innvandringa etter alt å døme eit plussføretak. Dette er òg grunnen til at kommentatorane i liberalistisk orienterte publikasjonar som The Economist og Financial Times stort sett legg vekt på kor godt integreringa går, og kor naudsynt det er med innvandring. Men innvandringa er ikkje bra for alle britar.

For folk i lågtlønsyrke bidreg høg innvandring til å halde lønsnivået nede, og lønsutviklinga har lenge vore svak for folk flest. Gjennomsnittsbriten har nesten ikkje hatt reallønsvekst dei siste 15 åra, melde BBC i fjor. Inflasjonen har gjort situasjonen mykje verre. Mange britar strevar med levekostnadene, og bustadmangel har drive hus- og leigeprisane til himmels. Og for folk i kronisk deprimerte bydelar i Nord-England, der mange lever i regelrett fattigdom, er det neppe noka trøyst at mange innvandrarar gjer det godt i London – heller tvert om.

Truleg har alt dette bidrege til å gjere innvandringa upopulær. I ei spørjeundersøking YouGov gjorde i juni, svarte 66 prosent at innvandringa til Storbritannia har vore for høg det siste tiåret, og berre 6 prosent meinte at ho hadde vore for låg.

To hestar

For Rishi Sunak, som var statsminister frå 2022 og fram til i sommar, var løysinga å ri to hestar, slik forgjengarane hans hadde gjort. Medan innvandringa til Storbritannia slo alle rekordar, lova han å slå hardt ned på illegal innvandring, ikkje minst migrantane og asylsøkarane som tok seg over Den engelske kanalen i små båtar. (I toppåret 2022 kom over 45.000 menneske til Storbritannia på det viset, og den største gruppa var afghanarar.) Sunak lova òg å sende avviste asylsøkarar til Rwanda. Men den legale innvandringa var meir enn ti gonger så stor som den illegale.

Parlamentsvalet i juli synte at Sunak ikkje klarte å overtyde særleg mange. Når Dei konservative vart knust i valet, var det ikkje fordi Arbeidarpartiet gjorde det så godt, men fordi så mange tidlegare tory-veljarar røysta på Reform UK, partiet til Nigel Farage. (Toryane fekk 6,8 millionar røyster, medan Reform UK fekk 4,1 millionar.) Dei britane som er mest negative til innvandringa, var lei av bli narra. Brexit vart eit vonbrot for desse. Mange polske røyrleggarar og snikkarar reiste heim, men det kom desto fleire pakistanske studentar og nigerianske sjukepleiarar.

Mistru

Også i befolkninga generelt er mistrua stor til at dei største partia skal halde det dei lovar på dette feltet. I ei meiningsmåling Sky News fekk utført i juni, svarte eit fleirtal dei trudde innvandringa kom til å auke anten det var Dei konservative eller Arbeidarpartiet som styrte.

For den nye statsministeren, Keir Starmer, er det relativt enkelt å hanskast med valdsmennene og eldspåsettarane som herja i gatene i sommar. Den jobben tek politiet og rettsvesenet seg av. Verre blir det å halde sin eigen vallovnad om å få ned innvandringa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den dårlege kommuneøkonomien gjer det krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester, ifølge ein rapport frå KS.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Skal unge funksjonshemma tilbake til institusjonane?

IdaHauge Dignes

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis