Natur

Eit land for ulv og eit land for sau

Haldningane til ulv er nær identiske i Noreg og Sverige. Så kvifor har ulvepolitikken då utvikla seg i så ulik retning?

Sverige og Noreg deler den same ulvebestanden, men forvaltar dyra på kvar sin måte.
Sverige og Noreg deler den same ulvebestanden, men forvaltar dyra på kvar sin måte.
Publisert Sist oppdatert

For ein del år sidan gjekk norske og svenske forskarar saman for å undersøke og samanlikne kva syn nordmenn og svenskar har på ulv i naturen*.

Resultatet var så likt at ein skulle tru undersøkinga var gjort i same land, med den same kulturen, med dei same næringane og føresetnadene.

Sjå berre på desse tala: I område med rovdyr oppgav 24 og 27 prosent i høvesvis Sverige og Noreg at dei mislikte eller sterkt mislikte ulv. Talet på dei i rovdyrområde som likte å ha ulv, eller likte det godt, var nøyaktig 54,3 prosent i begge land.

I område utan rovdyr var svenskane hakket meir positive til ulv enn nordmenn, men tendensen er den same. 71,5 prosent av svenskane her sa at dei likte godt eller svært godt å ha ulv i landet, mot 64,2 prosent av nordmennene. Dei som mislikte, eller sterkt mislikte å ha ulv, utgjorde i område utan rovdyr høvesvis 14,6 og 10,6 prosent i Noreg og Sverige.

Striden liknar

Tala fortel oss at vi svenskar og nordmenn har eit likare syn på ulven enn det ulvetalet og ulvepolitikken kunne tyde på. For medan Noreg har ei ulvesone som utgjer 5 prosent av landarealet, har Sverige inga slik sone. Medan Noreg har eit bestandsmål på minimum og maksimum fire–seks ulvekull per år, der tre av dei skal ha tilhald berre i Noreg, har Sverige forplikta seg overfor EU til å verne om minst 300 ulvar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement