Eit kronisk problem
Legemiddelmangel er ikkje noko som kom med koronakrisa. Dei siste åra har meldingane om mangel på viktige medisinar kome stadig tettare i det norske helsevesenet.
– For ti år sidan var dette problemet ganske lite. Da var det snakk om einskilde tilfelle. Men i fjor var det 1250 meldingar om medisinmangel i Noreg, og det var ei dobling frå året før. Og alle land slit med dette problemet, seier farmasøyt Anne Markestad. Ho er tilsett ved for Nasjonalt senter for legemiddelmangel og legemiddelberedskap i spesialisthelsetenesta, vanlegvis kalla Mangelsenteret.
Eitt problem er at det er få produsentar av verkestoffa til mange viktige medisinar, forklarer Markestad. Eit anna er dei lange og ofte uoversiktlege forsyningskjedene som strekkjer seg over kloden. Og i kvart ledd gjer «just in time»-prinsippet seg gjeldande.
– Varer som står stille, er bunden kapital, difor er det små lager gjennom heile forsyningskjeda globalt. Problemet med «just in time» er at det ofte blir «just too late». Legemiddel er ikkje som andre varer. Du kan vente i seks eller åtte veker på å få levert ein ny bil, men du kan ikkje vente like lenge på ein livsviktig medisin, seier Markestad.
– Koronapandemien har vist oss kor sårbare dei globale forsyningskjedene er. Vi er heilt avhengige av at den logistiske straumen fungerer. Kina er ein av verdas største produsentar av verkestoff, og også i Nord-Italia er det fleire store legemiddelprodusentar.
Problemet med brot i forsyningskjedene ville vore mindre om det fanst større medisinlager innanlands. Men økonomiske omsyn er også grunnen til at lagera av medisinar i Noreg er såpass små som dei er, seier Markestad.
– Medisin på lager er bunden kapital. Men det er i og for seg ikkje noko problem, om ein vil betale kapitalutgiftene og har lagerplass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.