Eit kronisk problem
Legemiddelmangel er ikkje noko som kom med koronakrisa. Dei siste åra har meldingane om mangel på viktige medisinar kome stadig tettare i det norske helsevesenet.
– For ti år sidan var dette problemet ganske lite. Da var det snakk om einskilde tilfelle. Men i fjor var det 1250 meldingar om medisinmangel i Noreg, og det var ei dobling frå året før. Og alle land slit med dette problemet, seier farmasøyt Anne Markestad. Ho er tilsett ved for Nasjonalt senter for legemiddelmangel og legemiddelberedskap i spesialisthelsetenesta, vanlegvis kalla Mangelsenteret.
Eitt problem er at det er få produsentar av verkestoffa til mange viktige medisinar, forklarer Markestad. Eit anna er dei lange og ofte uoversiktlege forsyningskjedene som strekkjer seg over kloden. Og i kvart ledd gjer «just in time»-prinsippet seg gjeldande.
– Varer som står stille, er bunden kapital, difor er det små lager gjennom heile forsyningskjeda globalt. Problemet med «just in time» er at det ofte blir «just too late». Legemiddel er ikkje som andre varer. Du kan vente i seks eller åtte veker på å få levert ein ny bil, men du kan ikkje vente like lenge på ein livsviktig medisin, seier Markestad.
– Koronapandemien har vist oss kor sårbare dei globale forsyningskjedene er. Vi er heilt avhengige av at den logistiske straumen fungerer. Kina er ein av verdas største produsentar av verkestoff, og også i Nord-Italia er det fleire store legemiddelprodusentar.
Problemet med brot i forsyningskjedene ville vore mindre om det fanst større medisinlager innanlands. Men økonomiske omsyn er også grunnen til at lagera av medisinar i Noreg er såpass små som dei er, seier Markestad.
– Medisin på lager er bunden kapital. Men det er i og for seg ikkje noko problem, om ein vil betale kapitalutgiftene og har lagerplass.
– I dag er det meste av ansvaret for legemiddelberedskapen lagt til helseføretaka og løyst gjennom krav til grossistane. Burde ikkje medisinlager vore eit nasjonalt ansvar?
– Drifta av dei nasjonale helseføretaka er i og for seg òg eit nasjonalt ansvar. Fram til 2015 hadde Helsedirektoratet eigne beredskapslager av legemiddel, men dei var vanskelege å drifte og halde à jour. Det er faktisk meir legemiddel på beredskapslager i Noreg no enn da direktoratet hadde ansvaret. Men vi har ikkje vore godt nok førebudde og bør stille krav om større lager hos grossistane.
– Om det er politisk vilje til det, er det mogleg for eit land å halde på større beredskapslager av medisinar. Finland har gjort dette?
– Finnane heldt fram med beredskapslagera sine da den kalde krigen tok slutt, og dei har nedfelt slik beredskap i lovverket. Ulempa med det finske systemet er at det er ganske dyrt. Men det går absolutt an å gjere meir med beredskapen nasjonalt.
I dag har Noreg svært liten eigenproduksjon av medisinar, og Markestad har lita tru på at nasjonal sjølvforsyning skal vere løysinga.
– Dette er avansert og kostbar produksjon som krev spesialbygde fabrikkar. Eg har meir tru på eit større europeisk samarbeid om å lage antibiotika og andre viktige medisinar. Vi kan ikkje berre outsource alt til Kina og India og håpe at det går bra, seier Markestad.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Problemet med «just in time» er at det ofte blir «just too late».
Anne Markestad, farmasøyt ved Mangelsenteret
Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.