JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit hol i dyrevelferda

Kvart år får millionar av oppdrettslaks gapande, infiserte sår på kroppen. Nye metodar for avlusing er ei viktig årsak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vintersår er ei vanleg liding i norske merdar. Biletet viser fisk frå eit anlegg på helgelandskysten i 2014. Laks kan leve lenge med sår, men desse fiskane døydde av bakterieinfeksjonen.

Foto: Arve Nilsen

11835
20230901

Vintersår

Bakterieinfeksjonar som fører til sår på fisk

Råkar truleg mange millionar oppdrettslaks årleg

Såra kan gå heilt til beinet og ta livet av fisken

Sjukdomen er ikkje meldepliktig, og det totale omfanget er usikkert

Problema med vintersår har auka mykje dei siste åra

Nye metodar for avlusing fører til fleire sår på laksen

peranders@dagogtid.no

Da inspektørar frå Mattilsynet undersøkte merd 4 i SalMar-anlegget ved Hjortøya i Nord-Trøndelag 18. april i år, var funna utrivelege. Der gjekk det laks med opne sår på kroppen – såkalla vintersår. Bakteriar hadde ete seg inn i kjøtet og påført fisken langvarig liding. Laksen burde vore slakta ut mykje tidlegare, meinte Mattilsynet, og gav Salmar eit gebyr på nesten 1,7 millionar kroner for brot på dyrevelferdslova. «Dere har lagt for stor vekt pa° a° redusere økonomiske tap, og ikke vurdert store, åpne sår på° et stort antall fisk i forhold til fiskevelferden», heitte det i vedtaket.

SalMar vart ikkje bøtlagd fordi mykje av fisken hadde sår, men fordi pina fekk vare så lenge. Laksen i merd 4 vart sett ut 7. november i fjor, og alt i desember vart det observert store vintersår på fisk i merden. I januar vart det henta opp 31 319 daudfisk. I februar hadde 85 prosent av laksen i merden utvikla sår, ifølgje fiskehelsetenesta, som tilrådde full utslakting. Det skjedde ikkje, og sjuk fisk fekk gå med opne sår i fleire månader.

Småpengar

Gebyret er det største Mattilsynet har lov til å påleggje, men gjorde ikkje stort innhogg i kassa til verdas nest største lakseoppdrettar. I første kvartal var det operasjonelle driftsresultatet til SalMar 1,88 milliardar kroner – meir enn tusen gonger så mykje som rekordbota.

SalMar valde å ikkje klage på vedtaket, men meinte at gebyret var urimeleg. «Hensynet til fiskens helse og velferd var styrende for SalMars håndtering av utbruddet av vintersår», skreiv selskapet i ei pressemelding. SalMar ville ikkje slakte ut all fisken fordi «det ville medført avliving av mye fisk som ikke var rammet av vintersår», heitte det.

SalMar ønskjer ikkje å gje nokon vidare kommentarar om Hjortøya-saka til Dag og Tid og viser til pressemeldinga. Men denne artikkelen handlar ikkje først og fremst om SalMar eller Hjortøya-saka. Stoda i merd 4 ved dette anlegget var verre enn det som er vanleg, men at laks går med gapande, infiserte sår i norske merdar er ikkje noko særsyn. SalMar-anlegget var heller ikkje det einaste grelle funnet i inspeksjonsrunden til Mattilsynet på trøndelagskysten i april. «Vi fant flere anlegg med ganske store mengder fisk med til dels store alvorlige vintersår som skulle vært avlivet. Vi observerte også død fisk i anleggene med betydelige vintersårskader», sa John Bjarne Falch, avdelingssjef i Mattilsynet, til E24 i juni.

Vanleg liding

Såkalla vintersår er nemleg utbreidd i oppdrettsnæringa, og sjukdomen blir stadig vanlegare. Kvart år utviklar mange millionar oppdrettslaks slike sår i norske merdar. Somme fiskar går med vintersår i dagar, somme i veker og somme i månader før dei døyr, blir slakta eller eventuelt frisknar til. Sjukdomen blir ikkje behandla med medisinar.

Fleire typar bakteriar kan vere involverte, men den mest vanlege heiter Moritella viscosa. Om infeksjonen utviklar seg, får laksen store, ovale sår på sida eller ryggen, og dei kan nå heilt inn til beinet. Bakteriane et så å seie fisken levande. Det finst vaksine mot M. viscosa, og mykje av oppdrettslaksen blir vaksinert. Men effekten er avgrensa, mellom anna fordi det er fleire bakterietypar i sving.

Namnet vintersår kjem av at sjukdomen er mest vanleg i kaldt vatn. Tidlegare var det først og fremst i Nord-Noreg at laksen vart plaga av vintersår. No er lidinga utbreidd i merdane langs heile kysten. I fjor vart det registrert vintersår ved omtrent halvparten av dei norske oppdrettsanlegga. Kanskje er det fleire: Ifølgje den årlege Fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet er det truleg ein del underrapportering.

Milliontal

Vintersår er ikkje ein meldepliktig sjukdom, difor finst det ikkje gode tal for utbreiinga. Men vi kan få eit brukbart bilete av omfanget på andre måtar. I fjor vart det slakta noko over 300 millionar laks i Noreg, og nær 15 prosent av fisken vart nedklassa. Det inneber at fisken har feil og manglar og må seljast med rabatt.

Den vanlegaste grunnen til nedklassing er sår og andre synlege skadar på laksen. I fjor utgjorde dette nærare 60 prosent av tilfella, ifølgje Fiskehelserapporten. Om vi går ut frå at vintersår var årsak til halvparten av nedklassinga, blir det omtrent 23 millionar lakseindivid med denne lidinga.

Men dette er ikkje alt, for i tillegg kjem den laksen som kreperer av såra. I fjor døydde 58 millionar oppdrettslaks i sjøfasen i Noreg, og vintersår var etter alt å døme ei av dei viktigaste dødsårsakene. Også her er det rimeleg å tru at det dreiar seg om ganske mange millionar laks.

I sum blir dette mykje sjuk fisk og mykje liding. Desse grove reknestykka tyder på at fleire titals millionar laks kvart år får opne sår medan dei står i merdane. Somme av dei går med vintersåra sine i dagar, somme i veker, somme i månader. Kva som er normalt, veit ingen.

Smerte

– Sjølv om vi ikkje veit det nøyaktige omfanget av vintersår, ser vi at det har auka, og særleg dei to–tre siste åra, seier Ingunn Sommerset. Ho er seksjonsleiar for akvatisk biotryggleik ved Veterinærinstituttet.

– Dette har blitt eit ganske stort problem også i Sør-Noreg. Når det gjeld fiskevelferd, er kanskje vintersår det styggaste vi ser. Det er så visuelt sterkt. Og det utviklar seg over tid, seier Sommerset.

– Hjartesprekk, ei anna vanleg dødsårsak hos oppdrettslaks, skjer til samanlikning brått. Med vintersår kan laksen gå lenge i merdane utan å døy, kanskje heilt til han blir slakta. Og sjukdomen finst no ved svært mange av oppdrettslokalitetane.

–?Kor mykje smerte opplever laks med vintersår?

– Ein kan ikkje direkte måle smerteopplevinga til laks med sår. Ein må tolke åtferda hans, til dømes om han sym normalt eller har god appetitt. Men det er vanskeleg å tru at ikkje fisk med store, opne sår opplever smerte.

Det blir for tida arbeidd intenst for å utvikle nye vaksinar mot bakteriane som skaper vintersår, fortel Sommerset.

– Håpet er at betre vaksinar kan bidra til å redusere problemet, men det vil neppe fjerne det heilt. Ingen vaksine vil hjelpe om fisken har for dårleg immunforsvar.

Dødeleg kur

Denne sjukdomen er langt frå ny. Vintersår har plaga laks i merdane i alle fall sidan 1980-åra. Men når utbreiinga har auka så mykje dei siste åra, finst det særleg éi plausibel forklaring: nye metodar for å fjerne lakselus. Denne parasitten har utvikla resistens mot dei fleste typar medikament, både lusemiddel i fôret og kjemikaliebad. Difor har oppdrettarane tydd til andre metodar for å fjerne lusa, som spyling, børsting og behandling med varmt vatn, såkalla termisk avlusing. I fjor vart det utført avlusing utan medikament 3145 gonger ved norske oppdrettsanlegg, syner Fiskehelserapporten.

I seg sjølv er det bra at det blir mindre utslepp av lusemiddel i fjordane. Men for laksen har overgangen til mekanisk og termisk avlusing hatt ein høg kostnad. Dei nye metodane påfører fisken smerte og stress. Laksen kan få rift i skinnet og andre skadar, og han blir meir utsett for infeksjonar – til dømes vintersår.

I tillegg har det blitt vanlegare enn før å setje ut ny fisk i merdane på sein haust og vinter. Slik kan oppdrettarane fordele produksjonen utover året og utnytte anlegga betre. Men det kalde vatnet gjer òg den svakare ungfisken meir utsett for vintersår.

Og så kjem vi til det store etiske spørsmålet: Om metodane i lakseproduksjonen fører til at millionar av fisk får store sår på kroppen – korleis går det i hop med dyrevelferdslova, som skal «fremme god dyrevelferd og respekt for dyr»?

Vern mot fare

I prinsippet skil ikkje dyrevelferdslova mellom laks og landdyr. «Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger», heiter det i paragraf 3 i lova. Og i paragraf 8 står det: «Dyreholder skal påse at driftsformer, metoder, utstyr og tekniske løsninger som brukes til dyr, er egnet til å ivareta hensynet til dyrenes velferd.»

Men sjølv om dyrevelferdslova skal sikre velferda for både fisk og fe, er handhevinga av lova ulik på land og i sjøen, påpeika Aud Skrudland, fagdirektør i Mattilsynet, i eit foredrag på Veterinærdagene i Trondheim i juni. Ho viste mellom anna til korleis avsløringane av dårleg husdyrhald hos ein del svinebønder fekk stor merksemd og utløyste ei rekkje tiltak frå styresmaktene. Mellom anna inspiserte Mattilsynet 582 svinebesetningar i Noreg.

Men sjølv om dei årlege fiskehelserapportane syner dårleg dyrevelferd i eit langt større omfang, får det ikkje tilsvarande merksemd, påpeika Skrudland, og sa at styresmaktene veit meir enn nok til å handle. «Velferden til norsk oppdrettsfisk har aldri vært så dårlig som nå», slo ho fast.

Revisjon

Også Riksrevisjonen har kritisert det manglande samsvaret mellom liv og lov når det gjeld fiskehelse. I rapporten Myndighetenes arbeid med fiskehelse og fiskevelferd i havbruksnæringen frå juni står det: «Det er kritikkverdig at Nærings- og fiskeridepartementet med underliggende etater ikke har iverksatt tilstrekkelige tiltak for å bidra til å redusere de vedvarende utfordringene med sykdom og dårlig fiskevelferd i havbruksnæringen.»

Riksrevisjonen trekte mellom anna fram skadeverknadene som følgjer av nye arbeidsmåtar i næringa: «Myndighetene har ikke i tilstrekkelig grad fulgt opp negative konsekvenser av ny teknologi og nye driftsformer. (…) Teknologi og produksjonsmetoder som svekker fiskens velferd, har blitt utbredt», heiter det i rapporten. Riksrevisjonen peika særleg på mekanisk og termisk avlusing: «Bruken av slike metoder bidrar til at fisk blir skadet eller dør.»

Paradoks

Men om oppdrettslaksen ikkje får det vernet som lova ser ut til å gje han, kor ligg problemet? Og er det eigentleg lov å utsetje fisken for avlusing som kan gjere han sjuk eller drepe han? Slike spørsmål arbeider jurist Annichen Kongsvik Sæteren, stipendiat ved Nordisk institutt for sjørett, med å finne svar på. Både dyrevelferdlova og forarbeida ser ut til å gje oppdrettsfisk godt vern. Om vi tolkar lova, kan det sjå ut som bruk av belastande avlusingsmetodar kan vere ulovleg, sa Sæteren til bladet Apollon i mars.

«Men om vi så leser forskrifter og ser på forvaltningens praksis og uttalelser, er det tydelig at Mattilsynet og Nærings- og fiskeridepartementet aksepterer dette. ‘Det er problematisk, men det er greit.’ Det er kort sagt det myndighetene som forvalter dyrevelferdsloven, sier», meinte Sæteren.

«Utfordrende»

Kva seier så desse styresmaktene? Dag og Tid bad tysdag om eit intervju med Nærings- og fiskeridepartementet, men verken fiskeriminister Bjørnar Skjæran eller andre politiske talspersonar fann tid. Vi bad òg om eit intervju med Inge E. Næsset, direktør for Avdeling regelverk og kontroll i Mattilsynet, som har ansvar for tilsyn med fiskehelse og velferd i Noreg. Men han hadde heller ikkje tid før avisa gjekk i trykken. Vi håpar på eit svar i neste nummer.

I mellomtida låner vi eit sitat frå svaret som Mattilsynet gav til Apollon i mars, som svar på kritikken frå jurist Annichen Kongsvik Sæteren: «Det er udiskutabelt at fisk opplever smerte, stress og andre belastninger. Dyrevelferdsloven gjelder derfor like mye for oppdrettsfisk som for andre dyr.

Mattilsynet fører tilsyn med at fiskeoppdretterne følger loven. Vi må erkjenne at tilsynet med velferd for oppdrettsfisk er utfordrende, og at næringen har utviklet seg i et tempo som myndighetene ikke har klart å henge helt med på», heitte det i svaret frå Mattilsynet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis