Eit hav av pengar

Det norske folket eig fisken i havet, og styresmaktene gir rett til å hauste ressursane heilt gratis. Likevel blir fiskekvotar til ein verdi av kring 120 milliardar omsette som privat eigedom.

Formelt blir fiskekvotar gitt av norske styresmakter, men på den frie marknaden blir dei kjøpte og selde som annan privat eigedom.
Formelt blir fiskekvotar gitt av norske styresmakter, men på den frie marknaden blir dei kjøpte og selde som annan privat eigedom.

Med fryd i nebbet stuper han ned i pengebingen sin. Kastar pengane kring seg. Strekkjer seg i pur glede. For teikneseriefiguren Skrue McDuck er myntane eit hav han kan leike seg i, og dei er hans. Berre, berre hans. Veggene kring pengebassenget er tjukke og døra låst.

Vi nordmenn kan òg bade i rikdom. Ein felles rikdom. Når vi stuper ned i glitrande saltvatn ein varm sommardag, kan vi tenkje på kor mykje velferd havet har gitt oss. Olja har sjølvsagt mykje av æra, men vel så mykje ære fortener fisken, fordi han er ein ressurs vi kan hauste av til evig tid, om vi forvaltar han rett. Og som olja er fisken eigd av fellesskapet – det er klart slått fast i det norske lovverket.

Tysdag 28. april la Riksrevisjonen fram ein rapport som kastar lys over korleis fiskerikdommen i havet har blitt forvalta av politikarar og styresmakter i perioden 2004–2018. Her får ein òg eit lite blikk inn i ein privat marknad for kjøp og sal av fiskekvotar, retten til å fiske, som har fått vekse fram i takt med det regulerte og formelle systemet for fiskeria.

Prisauken på fiskekvotar har gjort det vanskelegare for unge å bli fiskarar, og problemet har vore debattert i mange år. Likevel har korkje Fiskeridirektoratet eller Nærings- og fiskeridepartementet ført oversikt over korleis prisane har utvikla seg. Trass i at endringar i fiskeripolitikken påverkar kvoteprisane og med det tilgangen til rikdommen i havet. Kven får tilgang? Kor gamle er dei? Kvar bur dei? Korleis påverkar dei Kyst-Noreg?

Tala har heller ikkje vore tilgjengelege for mannen og kvinna i gata som kunne ønskje å delta i ein debatt om fisk og kyst.

Privat transaksjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement