Eit gledeleg steg mot ArmageddonMange av Israels beste vener trur at jødar endar i helvete om dei ikkje konverterer.

Mange av Israels beste vener trur at jødar endar i helvete om dei ikkje konverterer.

Robert Jeffress leidde bøna ved opninga av ambassaden i Jerusalem. Han er overtydd om at jødar som ikkje konverterer, endar i helvete. Biletet er frå i fjor.
Robert Jeffress leidde bøna ved opninga av ambassaden i Jerusalem. Han er overtydd om at jødar som ikkje konverterer, endar i helvete. Biletet er frå i fjor.
Publisert

På måndag opna USA den nye ambassaden sin i Jerusalem. President Trump heldt vallovnaden sin, og han hadde solid politisk ryggdekning: Alt i 1995 vedtok Kongressen i USA at ambassaden skulle flyttast frå Tel Aviv til Jerusalem. Men verken Bill Clinton, George W. Bush eller Barack Obama ville sette vedtaket ut i livet, fordi den potensielle kostnaden var for stor. Denne veka vart kostnaden meir enn femti drepne palestinske demonstrantar på Gaza-stripa.

Men for Donald Trump var ambassadeflyttinga innanrikspolitikk. Dette var eit handslag til den kristensionistiske rørsla i USA som var med på å gje han valsigeren i 2016, ei rørsle som har fått ein av sine eigne i Det kvite huset med visepresident Mike Pence. Men statsminister Netanyahu og dei andre israelarane som jublar over flyttinga av ambassaden, gler seg neppe av same grunnar som Pence og kristensionistane i USA.

Endetidsteikn

I den kristensionistiske rørsla er det ein utbreidd ide at opprettinga av staten Israel i 1948 var ein naudsynt føresetnad for endetida som skal kome. Også attfødinga av Jerusalem som Israels hovudstad er ein del av Guds plan, eit steg på vegen mot det store slaget som skal finne stad ved Armageddon (byen Megiddo nord i Israel). I slaget skal Antikrist, muslimane og kanskje russarane – deltakarane varierer i ulike versjonar - kjempe mot dei sanne kristne, og Jesus skal kome attende og sikre sigeren.

Det finst kristensionistar som stør Israel av andre grunnar òg, men dette tankegodset har oppslutnad frå mange millionar menneske i USA. Og denne rørsla har vore intenst negativ til ei tostatsløysing i Palestina, fordi det ville vere mot Guds plan.

I helvete

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement