Eit gledeleg steg mot Armageddon
Mange av Israels beste vener trur at jødar endar i helvete om dei ikkje konverterer.
Robert Jeffress leidde bøna ved opninga av ambassaden i Jerusalem. Han er overtydd om at jødar som ikkje konverterer, endar i helvete. Biletet er frå i fjor.
Foto: Carolyn Kaster / AP / Scanpix
peranders@dagogtid.no
På måndag opna USA den nye ambassaden sin i Jerusalem. President Trump heldt vallovnaden sin, og han hadde solid politisk ryggdekning: Alt i 1995 vedtok Kongressen i USA at ambassaden skulle flyttast frå Tel Aviv til Jerusalem. Men verken Bill Clinton, George W. Bush eller Barack Obama ville sette vedtaket ut i livet, fordi den potensielle kostnaden var for stor. Denne veka vart kostnaden meir enn femti drepne palestinske demonstrantar på Gaza-stripa.
Men for Donald Trump var ambassadeflyttinga innanrikspolitikk. Dette var eit handslag til den kristensionistiske rørsla i USA som var med på å gje han valsigeren i 2016, ei rørsle som har fått ein av sine eigne i Det kvite huset med visepresident Mike Pence. Men statsminister Netanyahu og dei andre israelarane som jublar over flyttinga av ambassaden, gler seg neppe av same grunnar som Pence og kristensionistane i USA.
Endetidsteikn
I den kristensionistiske rørsla er det ein utbreidd ide at opprettinga av staten Israel i 1948 var ein naudsynt føresetnad for endetida som skal kome. Også attfødinga av Jerusalem som Israels hovudstad er ein del av Guds plan, eit steg på vegen mot det store slaget som skal finne stad ved Armageddon (byen Megiddo nord i Israel). I slaget skal Antikrist, muslimane og kanskje russarane – deltakarane varierer i ulike versjonar - kjempe mot dei sanne kristne, og Jesus skal kome attende og sikre sigeren.
Det finst kristensionistar som stør Israel av andre grunnar òg, men dette tankegodset har oppslutnad frå mange millionar menneske i USA. Og denne rørsla har vore intenst negativ til ei tostatsløysing i Palestina, fordi det ville vere mot Guds plan.
I helvete
To kristensionistiske predikantar var til stades under opninga av ambassaden i Jerusalem på måndag: Baptispastoren Robert Jeffress frå Dallas, som leidde bøna, og pastor John Hagee, leiar for Christians United for Israel, som stod for velsigninga. Jeffress er ein religiøs rådgjevar for president Trump, og tek prinsippet om frelse ved trua åleine alvorleg: Jødar som ikkje konverterer til kristendomen, endar i helvete, til liks med mormonarar, muslimar og hinduar. Jeffress har òg hevda at den katolske kyrkja er ei korrumpering av kristendomen og ein reiskap for Satan.
John Hagee har på si side kalla Adolf Hitler ein reiskap for Gud, fordi han fordreiv jødane til Israel og slik var med på å oppfylle den store planen. I boka Jerusalem Countdown frå 2006 forklarte Hagee at Armageddon kjem når dei arabiske landa, Iran og Russland invaderer Israel og blir øydelagde av Gud. Deretter skal Antikrist - som faktisk er leiaren for EU - starte ein ny krig i Israel mellom vest og aust. Hagee såg i 2006 for seg at Armageddon kunne vere rett rundt hjørnet. Den endelege krigen har ikkje kome i gang enno, men ambassaden til USA er i alle fall på plass i Jerusalem.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»