Eit gammalt holi velferdsstatenI Noreg vart tennene skilde frå kroppen i 1915. Grensa for velferdsstaten går ein stad langt nede i tannkjøtet.
I Noreg vart tennene skilde frå kroppen i 1915. Grensa for velferdsstaten går ein stad langt nede i tannkjøtet.
I Noreg må dei aller fleste vaksne betale heile tannlegebehandlinga si sjølve.
Foto: Lise Åserud, NTB scanpix
Ingen som har hatt tannverk, er i tvil om at tennene er ein del av kroppen. Likevel er ikkje tannhelsetenester som andre helsetenester. Noreg er eit rikt land med ein svært velutbygd velferdsstat, men det er berre nokre få typar tannbehandling som gjev rett til refusjon over folketrygda her i landet. I dei fleste andre vestlege land kan alle få større eller mindre delar av tannlegeutgiftene sine refunderte. Når det gjeld tannhelse, er Noreg eit annleisland.
Staten tek rett nok ansvar for delar av tannhelsetenestene: Tannlegebesøk er gratis for barn og ungdom og subsidierte opp til 20 års alder, og dei som er pleietrengande på sjuke- og aldersheimar, får gratis tannbehandling. I tillegg finst det ei liste på 15 ulike tilstandar som kan kvalifisere til refusjon av tannlegeutgifter frå staten. Men det aller meste av tannbehandling må vaksne nordmenn betale for frå eiga lommebok. I gjennomsnitt brukar kvar av oss 3200 kroner på tannlegetenester årleg, og det finst ikkje noko tak for eigendel. For vanlege legetenester er taket for eigenbetaling på 2258 kroner, etter det får norske borgarar frikort.
Dyr behandling
Er dette så nøye, kan ein spørje seg: Den norske tannhelsa er generelt bra i dag, og for dei fleste nordmenn er utgiftene til tannlege fullt overkomelege. Men for dei som har dårleg råd og dårlege tenner, er biletet annleis. Mange typar tannbehandling er svært dyre. Ei stor rotfylling kan koste 4000 kroner og eit tannimplantat over 10.000 kroner. For den som har verkeleg store problem med tennene, kan tannlegerekninga gje økonomien ein alvorleg knekk.
Somme tek opp forbrukslån for å betale for tannbehandlinga dei treng, andre utset tannlegebesøket altfor lenge av økonomiske grunnar. Folk med dårleg økonomi kan søkje NAV om støtte til naudsynt tannbehandling. Men kva som blir dekt, er eit skjønnsspørsmål. Praksisen varierer frå kommune til kommune, og NAV kan setje vilkår for støtta. Somme NAV-kontor krev til dømes at folk sel private eigedelar før dei kan få støtte til tannbehandling.
Klasseskilje
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.