Politikk

Eit etisk og moralsk ansvar

Olje- og energiminister Terje Aasland synest ikkje at opningsprosessen for mineralutvinning har gått spesielt fort.

Oslo, Norway 20230524. Energiminister Terje Aasland Lien (Ap) under Stortingets muntlige spørretime onsdag. Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Oslo, Norway 20230524. Energiminister Terje Aasland Lien (Ap) under Stortingets muntlige spørretime onsdag. Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Publisert

– Havbotnminerallova vart vedteken i 2019. Så har vi hatt ei konsekvensutgreiing der vi fekk inn ulike synspunkt, og no har vi lagt fram ei opningsmelding. Dette er ordinær forvaltningspraksis for ny aktivitet på norsk sokkel, seier Aasland.

Meldinga er ikkje eit løyve til utvinning, understrekar han.

– Opningsprosessen er berre startpunktet. Vi treng meir kunnskap, og den får vi ved å starte leiteaktivitet. Selskapa som skal leite etter mineral, må dokumentere at dei tek omsyn til miljø og berekraft.

– Ei rekkje forskarar og andre fagfolk meiner prosessen har vore prega av hastverk?

– Vi synest ikkje det har vore unormal fart i denne prosessen. Høyringa gav oss ein god del innspel, og prosessen i regjeringa førte til endringar i opningsmeldinga, med større omsyn til føre var-prinsippet og berekraft.

– Konsekvensutgreiinga dykkar fekk uvanleg hard medfart i høyringsrunden, også frå sentrale faginstitusjonar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement